Oljebygd i solnedgang

Korleis har det seg at Oljelandet Noreg kunne vakse fram samstundes som historia om Klimalandet Noreg fekk etablere seg? Anne Karin Sæther skriv i “De beste intensjoner” om norsk histories splitta personlegdom.

Skreller ein av det oljesvarte omslaget til boka “De beste intensjoner” kjem eit lysande nordlandslandskap til syne: Mektige fjell med snøflekkar, eit raudt lite naust med ei rad fiskar til tørk, naturleg kvit strand, blågrøn sjø – urørt, vakkert i solskin; ein gong bilete på det karrige Noreg, no eit bilete på eit Noreg som kan forsvinne? Iallefall er dét den underliggjande tonen i Anne Karin Sæthers bok om oljelandet i klimakampen: den svarte olja har overtaket, femner om, ligg som eit klamt lag, eit oljeflimmer over det uskuldsreine.

Skal ein lese så mykje inn i valet av omslag? Nokre gonger er det freistande. På pulten saman med “De beste intensjoner” ligg Simen Sætres bok frå 2009; “Petromania” – den i svart med gullskrift, med dollarteikn og rosemålt platform.

For begge forfattarane handlar det om dette dobbelte: Kva gjer pengane med oss? Er olja den blinde flekken i det norske sjølvmedvitet, slik Simen Sætre skriv?


NY BOK. Anne Karin Sæther: De beste intensjoner. Oljelandet i klimakampen. Cappelen Damm 2017.

Medan han reiser rundt i verda for å samanlikne oss med andre oljenasjonar, zoomar Anne Karin Sæther, tidlegare journalist og kommunikasjonssjef i Bellona, inn på norsk histories splitta personlegdom. For korleis har det seg at Oljelandet Noreg kunne vakse fram samstundes som historia om Klimalandet Noreg fekk etablere seg?

Der Sætre meiner å avdekke blindsoner, er det historia om eit hykleri Sæther fortel. Dei beste intensjonane var ikkje nok: Trass i at ein frå starten av ønskte politisk styring av oljeindustrien, kom røyndommen til å bli ein annan. Det var industrien som fekk feste grepet om politikken, nær frå byrjinga. Sæther skriv overtydande om korleis oljebyråkratar, industriens folk og politikarar har vandra inn og ut av kvarandres styrer, kontor og festar: korleis retorikken har endra seg etterkvart som presset mot bransjen har auka, og trongen til å framstå som “verdens reneste forurenser” har tilteke. For korleis gjekk det til at gassutvinning brått høyres miljøvenleg ut? At sjølv utvinning av oljesand får skin av å vere eit klimatiltak?

Det er lett å vere samd med Sæther undervegs i den storstilte forteljinga om Noreg. Ho sklir inn og ut av korridorane mellom miljøverndepartementet og ulike oljedepartement; kjeldeapparatet er omfattande, munnlege og skriftlege. Vi er med på festar under den store oljemessa i Stavanger – og ser dei breie glisa til ein bransje som ikkje har tenkt å leggje inn årene, trass i eit stadig større ytre press for å seinke takta av omsyn til klimakrisa som et seg innpå oss.

Dette er også det mest problematiske i den stort sett godt skrivne historia: Dersom målet er å overtyde styresmaktene om å sakte skru igjen oljekrana, som enno utgjer så stor del av inntektsgrunnlaget i staten – eller om målet er at oljenæringa med tunge Statoil i front, skal endre kurs, fell Sæther for freistinga litt for mange gonger for å skrive til heiagjengen. Det er som stand up-komikaren som snur seg mot venene sine for å hauste billeg applaus og latter. Med små ord og vendingar trer oljefolket fram som menneske med svekt karakter, nokre gonger grådige – andre gonger manipulative.

Nokre tørrfiskar på ein naustvegg berger ikkje økonomien uansett kor idyllisk det ser ut

Sjeføkonom i Statoil, Eirik Wærness “er en kunnskapsrik mann fra Bergen som kan å holde praten gående”. Interesseorganisasjonen Norsk olje og gass lager animasjonsfilm der “en myk kvinnestemme” snakkar om rolla norsk gass kan spele i klimaarbeidet. For den lesaren som er litt treig i oppfatninga blir det gjenteke at stemma er mjuk. Nokre boksider seinare er det ei anna mjuk roleg kvinnestemme som lokkar med kol: “ja, for også kullobbyen bruker en myk kvinnestemme”.

Det er lett å falle for slike dramatiserande verkemiddel når ein nærer eit brennande ønskje om å sørge for at bodskapen kjem gjennom. Men som med bokomslaget, er det slike grep som kan stille ein lagleg til for hogg. Det idylliske strandbiletet frå Nord-Noreg ein stad er eit bilete ein ikkje kan leve av: Nokre tørrfiskar på ein naustvegg berger ikkje økonomien uansett kor idyllisk det ser ut.

Det ligg også som ein grunntone gjennom heile boka – ei erkjenning av kor vesentleg olja blei for norsk eksport, så vesentleg at det kan ha trengt bort andre sjansar, attpåtil gjort oss mindre omstillingsdyktige, no som omstilling er blitt eit nytt mantra.

Utover i boka er det også som om tonen blir meir nøktern. Kanskje er det fordi forfattaren blir meir prega av saksfeltas tekst og tale – fordi ho skriv seg inn i dei dilemma som norsk økonomi og velferd står overfor? Eller er det fordi oljenæringa sjølv har fått eit mørke innover seg?

Det skjer ei vending kring oljemessa i 2012 omlag midtvegs i boka. Oljefolket er framleis i feststemning. Stavangers ordførar Christine Sagen Helgø frå Høgre held det som ifølge Sæther er ein “oppstemt tale” om nye funn og forlenga oljealder: “The sun is about to rise again and shine over new fields”.

Igjen fell Sæther for freisting til dramatisering: “Smilene blir brede hos alle tilhørerne i salen, men konsernsjef Helge Lund klarer å løfte stemningen enda mer.” Han er “nyklipt og i perlehumør” – og forsikrar tilhøyrarane om at ONS (oljemessa red mrk) vil “fortsette, fortsette og fortsette!”

Sidan tok festen til å avta, men parallelt har også noko anna skjedd: Krisa i mediebransjen inntraff, færre har rapportert frå oljebransjen, og som Sæther syner: Det er no fleire kommunikasjonsarbeidarar i petroleumsindustrien enn det er journalistar som jobbar på feltet. Og samstundes er det kome eit nytt eksistensielt alvor innover bransjen.

Ho viser at varselropa ikkje lenger berre kjem frå miljøorganisasjonar, men også frå folk som den britiske sentralbanksjefen Mark Carney og leiar av det internasjonale Financial Stability Board. Han kallar klimatrugsmålet “tragedien i horisonten”, og antyder at dei som utvinner fossil energi kan bli haldne økonomisk ansvarleg for skadene grunna klimaendringar.

Sæther siterer også Maria Moræus Hanssen, oljedirektør i det franske energiselskapet Engie. Ho meiner at oljeindustrien til ein viss grad har fornekta omstillingsbehovet, og at dei no må innsjå at tida for vekst er over. Sæther skriv: “Når man skal begynne med noe nytt, må man slutte med noe gammelt. Det kan virke opplagt, men det er vanskelig i praksis.”

Vi har blitt oljedopa så lenge at det tykkjest vanskeleg å snu

Spørsmålet er brennande, bokstavleg talt. Eitt spørsmål er kva Noreg vel å gjere med olja og gassen som framleis ikkje er tatt opp. Meir enn halvparten av all olje og gass på norsk sokkel ligg framleis i bakken, etter anslag frå Oljedirektorarets ressursrapport for 2017. Dei største funna ligg i Barentshavet. Men kva kostar det? Ifølge Klaus Mohn, tidlegare sjeføkonom i Statoil, meir enn det smakar. Han meiner oljenæringa har tatt for mykje tran. Til ein fersk artikkel som kjem i tidsskriftet Samfunnsøkonomen, har han rekna på utvinning av LoVeSe og tar omsyn til miljøeffekt, klimaeffekt og indirekte verknader i norsk næringsliv. Konklusjonen hans er at det slett ikkje er sikkert det vil vere lønnsomt. Olje i Lofoten gir kvar av oss 750 kroner, ifølge Aftenposten.

Eit anna spørsmål, aktualisert av Sæthers bok, er korleis mektige Statoil skal manøvrere seg inn i framtida.

Ifølge henne har dei politiske styresmaktene abdisert – ho ønskjer tydelegare aktivt eigarskap. Dette er ei meir problematisk side ved boka. Statoils utvikling er ikkje lenger resultat av kva styresmaktene gjer på norsk sokkel. Statoil er eit multinasjonalt selskap nettopp med krav om vekst. Prosjekt og satsingar blir styrt av selskapets leiing, og utviklinga bestemt av kva felt og område som blir gjort tilgjengelege over heile verda, der andre lands styresmakter bestemmer tempo og omfang. Statoil har internert norske verdiar, dei har ekspandert heile vegen. Statoil har laga sin eigen veg gjennom livet – og når ein har vore med på den ferda, kor skal ein då stoppe? Vi vil gjerne bestemme over oljesandsatsinga, men skal politikarane då også gripe inn i Angola og Nigeria?

For Noregs del er gjerne den aller største utfordringa at vi har lagt alle egga i ei korg. Vi har blitt oljedopa så lenge at det tykkjest vanskeleg å snu. Medan fornybarkjelder og annan teknologi som 3D-printaren gradvis inntek verda, er norsk industri stadig meir oljeavhengig.

Sæther sluttar med oppmoding om å tenkje kontrafaktisk: Kva om politikarane den gongen på sekstitalet hadde skjønt kor alvorleg den globale oppvarminga kom til å bli?

Meir interessant ville det ha vore å vite kva som ville ha skjedd om norsk sokkel ville ha endt på andre hender. For klimarekneskapens del er det ikkje sikkert det ville ha vore eit betre scenarie. Sjølv om Noreg ville hatt reinare hender.