Offentleg innkjøpsmakt i klimaets teneste - Energi og Klima

Offentleg innkjøpsmakt i klimaets teneste

Å vere først ute med å ta i bruk ny klimateknologi bør bli det viktigaste norske klimabidraget globalt. Ein kan oppnå mykje med å bruke den offentlege innkjøpsmakta meir langsiktig og målretta enn i dag.

Krav om null- og lågutsleppsteknologi vil kunne redusere utsleppa frå ferjeparken i Hordaland med opptil 85 prosent.
Krav om null- og lågutsleppsteknologi vil kunne redusere utsleppa frå ferjeparken i Hordaland med opptil 85 prosent.Foto: Siri Spjelkavik cba

Dei neste 15 åra vil vere avgjerande for om verda lukkast med å avgrense den globale temperaturauken til to grader. Mykje står og fell på om vi klarar å ta i bruk ny klimavenleg teknologi på dei utsleppstunge sektorane i tide. Verda treng kommunar, regionar, bedrifter og nasjonar som er villig til å ta på seg rolla som «first movers».

Noreg bør ta mål av seg å bli verdsleiande på å ta i bruk ny klimateknologi, og det offentlege bør vise veg. I 2013 kjøpte kommunar, fylkeskommunar, stat og statseigde verksemder varer og tenester for 432 milliardar kroner (SSB). Her ligg det mykje forbrukarmakt – om vi vil.

Norge_i_EnergiskiftetArtikkelen er hentet fra rapporten «Slik kan Norge gjøre en forskjell», gitt ut av Norsk Klimastiftelse i juni 2015. Se flere artikler fra rapporten.

I mitt eige fylke Hordaland brukte vi i 2014 838 millionar kroner på bussruter, 316 millionar på fylkesvegferjer, og 137 millionar på hurtigbåtruter. Fram til 2018 vil det bli investert for nærare 11 milliardar i bybaneutbygging, vegar, skulebygg og andre regionale investeringsprosjekt. Her har vi alle moglegheiter for å påverke kva løysingar som skal prege framtida.

Null- og lågutsleppsteknologi i ferjetrafikken

Akkurat no arbeider vi med å utarbeide anbodskonkurranse for drift av fylkesferjene fram mot 2030. I Hordaland utgjer ferjedrifta heile 43 prosent av utsleppa som fylkeskommunen har ansvaret for. Fylkesutvalet har vedtatt at dei neste ferjekontraktene skal stille krav om null- og lågutsleppsteknologi. Dette vil kunne redusere utsleppa frå ferjeparken med opptil 85 prosent.

Hordaland kan bli ein nasjonal pilot for nullutsleppsferjer

Utfordringa i Hordaland er at vi ikkje har økonomi til å bere høgare investeringskostnader som følgje av eit ønskje om å utvikle og ta i bruk ny klimateknologi. Vi er difor avhengig av at staten blir med på eit spleiselag, enten gjennom eksisterande verkemiddelapparat eller som ekstra tilskot.

Hordaland fylkeskommune har i dag ansvar for 16 ferjesamband på fylkesvegnettet. Gjennomsnittsalder for dei fergene som er i drift er 27 år, og dei er ikkje akkurat tilpassa dagens miljøkrav. Dei neste ferjekontraktane skal i gang frå 2018, og vare fram mot 2030. No har vi sjans til å introdusere null- og lågutsleppsferjer i eit omfang som vil tene både miljøet og – på sikt – næringslivet. Eg vil påstå det er i nasjonen si interesse at vi får dette til.

Hordaland nasjonal pilot

Hordaland kan bli ein nasjonal pilot for nullutsleppsferjer, andre fylker og kommunar kan bli pilot for andre teknologiar. Her bør vi tenke langsiktig og målretta – ut frå kva for satsingar som kan få betydning globalt. Regjeringa må på bana med ein overordna nasjonal strategi for offentlege innkjøp – slik at det ein gjer lokalt og regionalt passar inn i det store bildet. Ein må og sjå på korleis ein kan samordne vilkår i offentlege innkjøp og anbod. Det vil redusere risiko og investeringskostnader for næringslivet, og ein vil lettare ta i bruk ny klimateknologi.

Vi har den mest oljeavhengige økonomien av alle europeiske land

Noreg står overfor ei særleg utfordring ved at vi har den mest oljeavhengige økonomien av alle europeiske land. Vi ser allereie dei første følgjene av dette gjennom lågare oljepris og fallande investeringar og sysselsetting i petroleumsnæringa – mellom anna som følgje av at fornybar energi er i ferd med å utkonkurrere fossil energi i marknader verda over. I Hordaland merker vi dette godt, med nedgang i store deler av leverandørindustrien. Ei undersøking gjort på oppdrag av Hordaland fylkeskommune i første kvartal i 2015 der 336 verksemder er intervjua, viser ei alvorleg svikt både i inntening og konkurranseevne.

Rask omstilling til en grøn økonomi

Regjeringa varslar at dei vil møte desse utfordringane med å blinke ut ein strategi for rask omstilling til ein ny, grøn økonomi. Det er bra, og eg håpar ein i denne strategien inkluderer offentlege innkjøp som eit viktig verktøy. Som stor kunde og innkjøpar kan vi be om grøne løysingar, og sparke i gang etterspurnad for ny teknologi som næringslivet vårt kan levere, og som togradarsmålet er avhengig av. Å rigge offentlege verksemder slik at ein gjennomgåande prioriterer grønt framfor svart, er vinn-vinn for eit land i omstilling.

Ad

Norsk Klimastiftelse er Norges grønne tankesmie. Klimastiftelsen eier nettmagasinet Energi og Klima, gir ut notater og rapporter og holder frokostmøter og andre arrangementer.

Våre støttespillere:

Ad

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.