Naturskadeerstatninga og klimaendringane – svakt vern i framtida?

Etter kvart som klimaendringane gjev kraftigare naturhendingar, vil det krevjast meir for å innfri somme av vilkåra for å få naturskadeerstatning frå staten. Men skal fellesskapet eller den enkelte ta støyten for klimaendringane?

Klimaendringane gjev meir ekstremvêr. Ekstremvêret kan sjølv gjere skade, eller det kan leie til skred, flaumar og andre skadegjerande naturhendingar. Spørsmål kring tilgangen til kompensasjon etter slike hendingar er difor høgaktuelle.

Privatpersonar, private selskap og andre private rettssubjekt som opplever at naturen gjer skade på objekt som ikkje kan forsikrast mot naturskade gjennom alminnelege forsikringsordningar kan – om den skadelidne heller ikkje har anna forsikringsdekning for skaden – søkje staten om erstatning, jf. lov 15. august 2014 nr. 59 om erstatning for naturskader (naturskadeerstatningslova). Ifølgje lovas § 4 første ledd er det skadar som «direkte skyldes naturulykke, så som skred, storm, flom, stormflo, jordskjelv og vulkanutbrudd» som skal gjevast naturskadeerstatning for. I «særlige tilfeller» kan det også gjevast erstatning for «nærliggende følge» av naturulukka, jf. § 4 andre ledd.

Om artikkelen

Ingrid Marie Myklebust er master i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen 2019. Ho skreiv masteroppgåva «Naturulukkevilkåret og årsakskrava i naturskadeerstatningslova § 4 første og andre ledd» på Forskarlina 2018–2019, støtta av Klimastipendet finansiert av Sparebanken Vest og Fritt Ord. Innlegget er basert på delar av denne oppgåva.

Avgrensinga til naturulukker som skadeårsak er altså sentral. Klimaendringane gjev grunn til å undersøkje om nye naturulukker vert aktuelle skadeårsaker. Det er òg grunn til å merkje seg at somme av naturulukketypane er presisert på ein slik måte at terskelen for å rekne enkelthendingar som naturulukker kan stige etter kvart som klimaendringane gjev større utslag. Dette skal eg vise nærare nedanfor. Eg skal også vise korleis dette kan få utslag for kor sterkt erstatningsvernet vert i framtida. Føresetnaden er at lova ikkje vert endra.

Sentrale naturulukketypar

For å forstå korleis erstatningsvernet vert påverka av klimaendringane, trengs kunnskap om kva naturulukkevilkåret inneber. Det mest interessante er dei særskilt opprekna naturulukketypane i lovteksten. Kva som skal til for å rekne ei naturhending som til dømes «storm» eller «stormflo» i naturskadeerstatningslova si tyding vert nærare presisert i rettskjeldene. Heilt overordna må ein avgrense mot vanleg påverknad frå naturkreftene (Prop. 80 L (2013–2014) s. 37), men for kvar av dei mest praktiske naturulukketype kan også meir spesifikke krav utleiast:

  • «skred»: ei plutseleg utgliding eller utrasing av naturlege massar (sjå NUT 1959:2 s. 50 og NSK-2017-68037)
  • «storm»: vind over 20,8 m/s (sjå t.d. LG-2015-102574)
  • «stormflo»: storm pressar vasstanden opp til eit nivå som statistisk sett berre kjem kvart femte år (sjå t.d. LF-2017-194586/LF-2017-194592, LG-2015-102574 og LG-2018-23731)
  • «flom»: kan ha tilknyting til etablerte vassdrag, men utanfor regulerte område er det ikkje naudsynt (sjå Ot.prp. nr. 36 (1960–1961) s. 13). Forvaltningspraksisen tyder på at flaum i vassdrag er «en situasjon der ekstraordinær nedbør/sterk snøsmelting fører til unormalt høy vannstand med skadevoldende oversvømmelse», og at det også er «flom» når «ekstraordinær, naturlig avrenning danner villbekker i skrånede terreng», under føresetnad av at det vert «ekstraordinær skade» (sjå t.d. NSN-2009-522 og NSN-2015-50439, og nærare i Myklebust 2019 s. 21–28)

Den observante lesaren saknar kanskje ekstremnedbør på lista. I slutten av juli såg vi ekstremnedbør leie til at elvar fløymde over og at det gjekk ras i Jølster. Nokre dagar etter gjorde sterk nedbør at Oslo-gater stod under vatn. Ekstremnedbøren har altså eit tydeleg skadepotensiale, og det kan synest på sin plass å spørje om ekstremnedbør bør reknast som ei naturlukke.

Etter mi meining er svaret nei. Ein grunn er at årsakskravet «direkte skyldes» krev at naturulukka er den sist verkande årsaksfaktoren før skaden (sjå t.d. NUT 1959:2 s. 50; Prop. 80 L (2013–2014) s. 37–38 og s. 58; LF-2014-49738; LG-2015-102574). Sjølv om ekstremnedbør vart rekna som ei naturulukke, ville det dimed truleg berre vere slagskadane som kunne erstattast som naturskadar som «direkte skyldes» nedbøren. Skred og flaumar er mellomkomande årsaksfaktorar mellom nedbøren og skaden, slik at skaden desse hendingane gjer ikkje «direkte skyldes» ekstremnedbøren. Unntaksregelen for «nærliggende følge» er ifølgje Prop. 80 L (2013–2014) s. 38 snever, og det er difor tvilsamt om han kunne gje særleg hjelp. Men sidan «skred» og «flom» er naturulukker, kan dei skadelidne likevel få erstatning i den grad skadane «direkte skyldes» ei av desse naturulukkene.

I regulerte område med utbygd kloakknett må oversvøymingar ha tilknyting til vassdrag for å reknast som «flom» (jf. Ot.prp. nr. 36 (1960–1961) s. 13). Om vatnet samlar seg i gatene som følgje av intens nedbør, slik det gjorde i Oslo tidleg i august, har ein overvatn i staden for «flom». Overvatn er inga naturulukke og gjev ikkje rett til naturskadeerstatning. I vurderinga av om det «bør» vere slik må ein hugse at overvatn ikkje berre skuldast sterk nedbør, men òg at menneske har tetta igjen vegane vatnet skulle ha teke. Då er det kanskje ikkje så naturleg å kalle hendinga for «naturulykke» likevel.

Etter desse refleksjonane er det mest naturleg at ekstremnedbør ikkje reknast som ei «naturulykke». Det som derimot kan vere grunn til å sjå nærare på framover, er kor strengt kravet om at avrenninga skal danne ein «villbekk» for å reknast som «flom» er og bør vere. Også vatn som «renn over alt» i ikkje-regulerte område etter ekstremnedbør kan gjere stor skade, men i dag synest ikkje dette å reknast som «flom».

Naturulukke i dag, men ikkje i morgon?

Punktlista viser at naturulukketypane er presisert på ganske ulikt vis. Det får konsekvensar for kor vidt dei hendingane som i dag kvalifiserer som «skred», «storm», «stormflo» og «flom» også ville ha kvalifisert som naturulukker om klimaendringane allereie hadde fått større utslag.

Slik storm og skred er presisert, er vilkåra statiske. Stormvilkåret viser dette tydelegast. Sidan vilkåret er forstått som å krevje vindstyrke over 20,8 m/s, vil ein vindstyrke på 20,9 m/s reknast som «storm» i naturskadeerstatningslova si tyding heilt til rettstilstanden vert endra.

Stormflo har også ein talfesta terskel – femårsintervallet – men sidan dette er eit statistisk nivå er terskelen dynamisk. Sidan havet stig, vil også stormfloa verte høgare (sjå t.d. CICERO-rapport 2018:14 s. 26). Konsekvensen er at kva vilkåret dekkjer, også vert påverka: Om vi tenkjer oss at havnivået på staden X er 200 cm berre kvart femte år, vil eit havnivå på 201 cm reknast som «stormflo» ved X i dag. Etter kvart som havet stig, vil havnivået ved X overstige 201 cm oftare enn kvart femte år. Då vil det ikkje lenger vere tilstrekkeleg med eit havnivå på 201 cm for å ha naturulukka «stormflo» ved X. Om det nye femårsintervallet til dømes vert 225 cm, vert risikoen for skadar vatnet gjer når vasstanden ved X er mellom 200 og 224,9 cm flytta over på den private.

Også flaumvilkåret er dynamisk, men på eit anna vis. Her er det mellom anna krava om «ekstraordinær» nedbør og «unormalt» høg vasstand som er dynamiske element. Grunnen er at kva som er «ekstraordinært» og «unormalt» må avgjerast etter ei samanlikning med kva som er normalt på skadestaden på skadetidspunktet. Klimaforskinga tilseier at vi kjem til å få meir, og ikkje minst meir intensiv, nedbør (sjå t.d. CICERO-rapport 2018:14 s. 19–23). Når slike ekstreme nedbørshendingar som dei vi såg i Jølster og Oslo i juli/august – eller endå verre hendingar – vert vanlegare, vil truleg den nedre terskelen for å kalle ei nedbørshending for «ekstraordinær» stige. Tilsvarande vil det med stigande normalvasstand krevjast meir for å rekne vasstanden for «unormalt» høg.

Hendingar som i dag berre så vidt kan seiast å skuldast «ekstraordinær» nedbør og ha «unormalt» høg vasstand vil dimed truleg ikkje kunne kallast «flom» etter at sterkare nedbør og høgare vasstandar har vorte vanlegare. Risikoen for slike hendingar som i dag er i det nedre sjiktet av kva som vert rekna som «flom», vert med andre ord truleg overført til dei potensielle skadelidne.

Kven skal ta støyten for klimaendringane?

Sidan den vanlege påverknaden som nemnt ikkje skal reknast som naturulukker, synest det i tråd med det overordna naturulukkevilkåret å heve tersklane etter kvart som klimaendringane gjev kraftigare naturhendingar. Det er like fullt grunn til å reflektere over kor langt dette utgangspunktet bør vere gyldig og kor kraftige naturhendingar privatpersonar «bør» bere risikoen for. Dette er eit spørsmål om kor sterkt naturskadeerstatningsvernet skal vere – og motsetnadsvis kva som må reknast som svakt vern. Vi har saman skapt klimaendringane, og eitt av spørsmåla som bør stillast er kor vidt fellesskapet eller den enkelte skal ta støyten for dei.

Dette er i stor grad politiske spørsmål, og difor noko lovgjevaren må ta stilling til. Det er påfallande at slike spørsmål tilsynelatande ikkje vart tekne opp under arbeidet med naturskadeerstatningslova – trass i at tilpassing til påverknaden klimaendringane har gjeve og vil gje på naturhendingane vart rekna som viktig under lovarbeidet (sjå t.d. Prop. 80 L (2013–2014) s. 7). Tilpassinga var i staden primært knytt til å sikre effektive sakshandsamingsreglar (sjå t.d. Prop. 80 L (2013–2014) s. 5–6).

Indikasjonen i overskrifta her, om at vi vil sjå utslag allereie i morgon, er overdrivne. Det er likevel etter mitt syn grunn til å allereie i dag byrje å reflektere over kva som er høveleg grensetrekking mellom naturskadeerstatningsordninga og dei skadelidne sin risiko. Om konklusjonen vert at det er trong for å møte klimaendringane med styrka naturskadeerstatningsvern, fortener dei skadelidne at dette skjer før skaden.

Litteraturliste

Aamaas, Borgar, Asbjørn H. Aaheim, Kristina Alnes, Bob van Oort, Halvor Dannevig og Torunn Hønsi: «Oppdatering av kunnskap om konsekvenser av klimaendringer i Norge» CICERO Report 2018:14.

Myklebust, Ingrid Marie: «Naturulukkevilkåret og årsakskrava i naturskadeerstatningslova § 4 første og andre ledd», Universitetet i Bergen 2019.

NUT 1959:2: Innstilling om sikring mot erstatning for naturskader, 1959.

Dagsavisen: «Folk evakueres i båter etter flere jordras langs E39 i Jølster», 30. juli 2019,

Dagsavisen: «Styrtregn ga oversvømmelse på Østlandet», 4. august 2019,

NVE: «Varsel om jord- og flomskredfare, gult nivå for Vestlandet», 30. juli 2019 kl. 19.49