Kvotesystemet trugar norsk industri - Energi og Klima

Kvotesystemet trugar norsk industri

Det europeiske systemet for klimakvotar kan i sin ytste konsekvens føre til ei avindustrialisering av Noreg. Vi må kompensere ved å satse offensivt på tiltak som stimulerer til teknologiutvikling.

Denne artikkelen er over 2 år gammel. 1 kommentar
Norsk industri: Elkems fabrikk i Salten produserer bl.a. silisium og mikrosilika. (Foto: Elkem)
Norsk industri: Elkems fabrikk i Salten produserer bl.a. silisium og mikrosilika. (Foto: Elkem)

Klimakvotar er eit omstridd verkemiddel for å få ned klimautsleppa. Noreg har kopla seg til kvotesystemet i EU, og mange er redd for at politikarane feigar ut og ikkje senkar kvotetaket raskt nok. Men det er ein annan effekt av klimakvotane som har gått under radaren. Kvotesystemet kan bli eit alvorleg trugsmål mot den langsiktige industriutviklinga her i landet.

Norsk prosessindustri er verdsleiande med moderne teknologi og høg produktivitet. Det kjem blant anna av at vi var tidleg ute med strenge miljøkrav. Mange spådde at det ville knekke bransjen og føre til konkursar og utflagging. Men bedriftene tok utfordringa. Dei satsa offensivt på teknologiutvikling, og det resulterte i auka produktivitet og betre produktkvalitet i tillegg til betre miljø. Framtidsretta miljøkrav førte til at norsk industri blei teknologileiande. Utan denne tidlege satsinga på miljø hadde vi knapt hatt ein moderne industri i her i landet.

Når vi no skal møte klimautfordringane, så har vi valt ein strategi som kan føre til at norsk industri misser sin posisjon som teknologisk spydspiss. Den grunnleggande ideen i kvotesystemet er at vi skal redusere utsleppa der det kostar minst. Det stimulerer til å ta i bruk kjent teknologi i heile kvoteområdet framfor å satse på ny innovativ teknologi der ein alt ligg i teknologifronten. I praksis betyr det å investere i europeiske land med lågt teknologisk nivå framfor å bruke pengar på avansert teknologi i Noreg.

Det europeiske kvotesystemet kan vere bra for norsk industri på kort sikt. Systemet kan i første omgang hindre utflagging eller såkalla karbonlekkasje ved at bedriftene får same rammevilkår som europeiske konkurrentar. Men det kan bli ei kortsiktig glede. På litt lengre sikt vil det føre til at vi misser vårt hardt tilkjempa teknologiske konkurransefortrinn. I sin ytste konsekvens kan det føre til ei avindustrialisering av Noreg.

Det er inga tid å miste om vi skal ta vare på vår industrielle kompetanse gjennom oljekrisa

Norsk industri har overlevd ved å ligge i teknologifronten. Framtidsretta miljøkrav har medverka til denne posisjonen. Kvotesystemet vil ikkje på same måte stimulere til teknologisk pionerskap. Skal norsk industri overleve, må vi ta i bruk andre verkemiddel. Teknologiordninga i Innovasjon Noreg og støtteordningane i ENOVA er viktige, men ikkje nok. Vi treng å bygge opp eit nettverk av testsenter som kan redusere kostnadene for industrialisering av ny teknologi. Ei støtteordning for dette formålet med det klingande namnet Katapult er lansert og bør få full støtte frå regjeringa.

Kvotesystemet inneber at reduserte utslepp ein plass, kan gi auka utslepp ein anna plass, dersom politikarane ikkje strammar inn raskt nok. Dette blir flittig brukt i den offentlege debatten når nokon vil bruke ekstra midlar for å få ned utslepp i kvotepliktig sektor. For å unngå at denne retorikken hemmar teknologiutviklinga, må vi arbeide for ordningar som kan trekkje kvotar ut av kvotemarknaden.

Miljøpolitikken på åtti- og nittitalet stimulerte til ei teknologiutvikling som styrka konkurransekrafta til norsk industri og sette den i stand til å møte ein tøff internasjonal konkurransesituasjon. Klimautfordringane møter vi derimot med eit tiltak som ikkje stimulerer til å ligge i teknologifronten. Skal vi unngå at kvotesystemet fører til avindustrialisering av Noreg, må vi kompensere ved å satse offensivt på tiltak som stimulerer til teknologiutvikling. Det er inga tid å miste om vi skal ta vare på vår industrielle kompetanse gjennom oljekrisa.

Bli abonnent!

Én kommentar

  1. Avatar

    Gunnar Steinsholt

    Holmelid påpeker noe viktig, nemlig at miljøkrav styrker på sikt konkurranseevnen, noe som også er i tråd med en OECD rapport om samme tema ( http://www.oecd-ilibrary.org/economics/do-environmental-policies-affect-global-value-chains_5jm2hh7nf3wd-en)
    Men han misforstår en ting fundamentalt. Han skriver «Kvotesystemet inneber at reduserte utslepp ein plass, kan gi auka utslepp ein anna plass, dersom politikarane ikkje strammar inn raskt nok.» Dette er missforstått, i dagens situasjon med stort kvoteoverskudd, medfører kutt i kvotepliktig sektor ett sted IKKE til økte utslipp et annet sted. Det eksisterer jo et overskudd av kvoter som gir en svært lav pris, slik at tilførselen av ekstra kvoter ikke gjør noe fra eller til. Det er når man strammer inn mengden med kvoter man kan si at kutt et sted frigir kvoter for utslipp et annet sted. Det er jo det som er hele meningen med kvotesystemet, at det skal stimulere til å ta utslippene der de koster minst. Det er også det som er det store problemet med et kvotemarked som fungerer etter hensikten; det fører til kutt der det er billigst (for eksempel legge ned ett kraftverk eller fabrikk), men det blir ikke nødvendigvis teknologiutvikling av slikt.

Kommentarfeltet er stengt.