Kraftutveksling er bra klimapolitikk

Kraftutveksling er bra klimapolitikk som er heilt nødvendig for å fjerne den fossile energien som øydelegg klimaet vårt.

22. januar stiller sentralstyremedlem i SV Eirik Faret Sakariassen seg kritisk til kraftkablar til utlandet. I innlegget «Du betaler for strømmen til utlandet» i Klassekampen skriv han at kablane «tapper Norge for strøm» og gir oss høgare straumprisar. Det er ikkje riktig, og det er dessutan merkeleg at Sakariassen går imot bra klimapolitikk.

Det hastar meir enn nokonsinne med å løyse klimakrisa, og då treng me meir fornybar energi. For å erstatte fossil energi treng me fornybar energi som sol og vind. Sidan dette er uregulerbar kraft speler den den norske vasskrafta ei nøkkelrolle som balansekraft.

Når land deler på straumen, kan me også spare meir natur for kraftutbygging ved at straumen kan brukast effektivt, der den trengst når den trengst, skriv artikkelforfattaren. (Illustrasjon: Statnett)

Når sola ikkje skin i Tyskland og vinden ikkje blæs i Danmark, kan vasskrafta vår levere straumen som trengst slik at ein ikkje må slå på eit kol- eller gasskraftverk. I Danmark har kraftutveksling med Noreg gjort det mogleg å legge ned kolkraftverk og satse på vind, og ein har kutta ti millionar tonn CO₂ – like mykje som ein femtedel av dei årlege norske utsleppa!

Den planlagte NorthConnect-kabelen mellom Noreg og Skottland vil kunne erstatte straum frå kolkraft og kutte fleire millionar tonn CO₂ årleg. Dette er ein mykje betre og framtidsretta måte å levere energi på enn gasseksporten me driv med i dag.

Derfor treng me kraftutveksling og kablar som gjer det mogleg for straumen å gå mellom Noreg og Europa. Når land deler på straumen, kan me også spare meir natur for kraftutbygging ved at straumen kan brukast effektivt, der den trengst når den trengst.

Det er ein myte at det er utanlandskablane som driv opp straumprisane i Noreg. Kor høg straumprisen er avhenger av fleire ting. Ifølge NVE og Cedrens utrekningar vil prisen gå opp med 1,5–2 øre per kWh som følge av nye kablar. Den norske kraftprisen var i gjennomsnitt 42 øre/kWh i 2018, og det er ein auke frå 2017, men å gi kablane skulda for dette blir ikkje riktig. I debatten om straumprisar og utanlandskablar blir det hevda mykje forskjellig, Industri Energi set til dømes likskapsteikn mellom utanlandskablar og dobling av straumpris. Derfor trengst det meir redelegheit i debatten, og særleg politikarar bør vakte seg for å tillegge kablane ein annan effekt enn dei har.

Kva er pådrivar for høgare straumprisar? Jo, det er nemleg at CO₂-avgiftene endeleg går opp. Prisen på klimakvoter i EU har auka det siste året, og for å løyse klimakrisa er dei nødt til å bli endå dyrare. Dette påverkar også norske straumprisar, all den tid me er kopla på ein felles europeisk straummarknad i dag. Men eg har vanskeleg for å tru at Sakariassen og SV meiner det er dumt at det blir dyrare å forureine?

Sakariassen nemner heller ikkje at inntektene frå å bruke kablane går til Statnett, som kan bruke desse inntektene til å redusere nettleia. Kablane gir oss dessutan meir stabil straumforsyning. Ifølge NVE hadde norske straumprisar variert mykje meir utan moglegheita til å importere straum.

Kraftutveksling gjer og at me kan kjøpe billig straum av land med overskot, til dømes når det blæs mykje i Danmark. Med ei stor utbygging av fornybar energi i Europa vil dette gjere at Noreg forhåpentlegvis får lågare straumprisar i framtida, men då må me bidra til å sikre denne utbygginga ved å ha vasskrafta vår som balansekraft. Derfor er kraftutveksling bra klimapolitikk som er heilt nødvendig for å fjerne den fossile energien som øydelegg klimaet vårt.

Når det er sagt, dei høge straumprisane me nå har kan ramme skeivt. Men heller enn at politikarar bruker dette til å kjempe mot nye utanlandskablar, bør me diskutere korleis me best kan bruke straumen og unngå å sløse med den. Utbygging av fornybar energi er nødvendig, men også den fornybare krafta har miljøkonsekvensar og me bør sjå på den som eit knappheitsgode me bruker med omhug.

Energisparing handlar ikkje om å dusje i kaldt vatn i mørket. Det handlar om å bruke straumen smartare, gjennom nye smarte energisystem i bustader, varmepumper, isolering, solfangarar og alle dei andre energisparingstiltaka. Kva med å bruke meir av avgiftene på straumen på tilskot til dei som vil energieffektivisere? Den mest miljøvennlege straumen er den du ikkje bruker.