Regjeringa la fram eit hydrogennotat, ikkje ein hydrogenstrategi - Energi og Klima

Regjeringa la fram eit hydrogennotat, ikkje ein hydrogenstrategi

Regjeringas hydrogenstrategi er nyttig lesing for dei som vil lære meir om hydrogen som klimaløysing, men planen er ueigna som styringsverktøy. Tydelege mål og nye verkemiddel må på plass.

HYDROGENSTRATEGI: Regjeringas lenge varsla hydrogenstrategi blei lagt frem av olje- og energiminister Tina Bru (H) og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) onsdag 3. juni 2020. Foto: Olje- og energidepartementet cb

Nyheita: I samband med Hydrogenkonferansen 2020 presenterte olje- og energiminister Tina Bru og klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn regjeringas hydrogenstrategi.

Mi analyse: I Europa seglar hydrogen opp som ei strategisk toppsatsing – både for EU og for mange medlemsland. For Noreg kan det bety nye marknadsmoglegheiter på sikt, gitt at vi har noko å tilby. Det er dette som bør vere perspektivet for den norske hydrogendebatten og partias hydrogenpolitikk.

#Klimavalg21 – et nyhetsbrev om norsk klima- og energipolitikk

I nyhetsbrevet #Klimavalg21 kommenterer Energi og Klima-redaksjonen klima- og energispørsmål som blir viktige ved neste stortingsvalg. #Klimavalg21 sendes ut tirsdager og har ekstrautgaver ved behov. Energi og Klima er Norsk klimastiftelses nettavis. Gå her om du vil ha #Klimavalg21rett i innboksen.

Over heile landet vert det i dag jobba med spanande prosjektplanar innan hydrogen – som den til BKK, Equinor og Air Liquide om å bygge eit produksjonsanlegg for flytande hydrogen på Mongstad, eller Statkrafts og Celsas plan om å bruke hydrogen i stålproduksjon i Mo i Rana. To av mange prosjekt som – om dei lukkast – har relevans langt utover eigne grenser. Felles for begge er at dei  – som mange prosjekt med ny teknologi – er avhengig av offentleg støtte for å bli realisert.

Industrien har venta lenge på regjeringas hydrogenstrategi, som gjentekne gongar har blitt utsett. Når planen no ligg føre er det vanskeleg å vite kva som har teke så lang tid. Dokumentet er på 56 sider og det meste av det som står er rein faktainformasjon om hydrogen: teknologistatus og oversikt over eksisterande verkemidlar. I aller høgste grad interessant lesing, men som nasjonal strategi har det som blei lagt fram liten verdi.

Det mest konkrete løftet gitt av Bru og Rotevatn er at regjeringa har som mål «å øke antall pilot- og demonstrasjonsprosjekter i Norge, understøttet av støtteordninger som PILOT-E.»

Blir det følgt opp med tilstrekkeleg kapital kan det, saman med styrkinga av Enova med to milliardar kroner, bli viktig for realisering av teknologiutvikling. Men dette er neppe nok om målet er industrialisering og oppskalering.

Eg tvilar på at dei som jobbar med konkrete hydrogenprosjekt har blitt klokare etter framlegginga av regjeringas hydrogenstrategi. For ikkje å snakke om fylkeskommunar som er sentrale innkjøparar av kollektivtenester. Vestland fylke skal om kort tid bestemme seg for om dei skal gå for hydrogenfartøy i neste snøggbåtanbod. Det er rart at regjeringa ikkje brukar hydrogenstrategien til å kome med forsikringar som aukar sannsynet for at fylket vågar å ta rolle som «first mover» i ei tid med krevjande fylkeskommunal økonomi.

Hydrogenstrategien sitt svakaste punkt er mangel på tydelege mål og retning. Det er ingenting i planen som seier kvar vi skal, eller kva vi ønsker å få til. Dette står i sterk kontrast til den nederlandske hydrogenstrategien som blei lagt fram i april, og det som elles blir diskutert på EU-nivå og i medlemsland. Kanskje skuldast det skepsis i Høgre-styrte olje- og energidepartement mot å bryte med prinsippet om «næringsnøytralitet», men kvifor då love ein hydrogenstrategi?

Det regjeringa burde levert, var ein strategi som gjekk gjennom sektor for sektor der hydrogen kan spele ei rolle – med tydelege mål og tiltak. Det handlar naturlegvis om treffsikre og tilstrekkeleg rause støtteordningar, men ikkje berre det. Regjeringa kunne også brukt strategien til å varsle korleis dei vil bruke innkjøpsmakta framover for å få opp etterspurnaden etter grøn hydrogen, i staden lover dei å «utarbeide en handlingsplan for å øke andelen klima- og miljøvennlige offentlige anskaffelser og grønn innovasjon». Dei kunne også slått fast at kravet om utsleppsfri innsegling i verdsarvfjordane frå og med 2026 står fast (jf. usikkerheita som oppstod tidlegare i vår), og at kravet vil bli utvida til andre fjordar innan 2030. Det ville sendt viktige signal til ein av dei viktigaste sektorane der hydrogen kan få ei viktig rolle med å fjerne utslepp – skipsfarten.

Det store bilete: Store og raske utsleppsreduksjonar, som klimamåla fordrar, betyr tiltak langs tre aksar: Vi må erstatte all fossil elektrisitet med fornybar straum, vi må elektrifisere alt som kan elektrifiserast og vi må konvertere straum til andre energiberarar til bruk i sektorar som ikkje kan bruke straum direkte. Det er langs denne siste aksen at hydrogen meldar seg som ei interessant klimaløysing, til dømes som alternativ til olje i transportsektoren, kol i industriprosessar eller gass i varmeproduksjon. 

Ein føresetnad for at hydrogen skal bidra til utsleppsreduksjonar er at hydrogenproduksjonen anten skjer ved hjelp av fornybar straum (elektrolyse) eller naturgass med CCS. Dette kallar grøn og blå hydrogen.

Det globale årsforbruket av hydrogen er i dag på cirka 70 millionar tonn, hovudsakleg brukt i kjemisk industri og i oljeraffinering. Om lag 90 prosent av hydrogen som brukast i Europa kjem frå naturgass utan CCS. Dette vert kalla grå hydrogen og har store utslepp.

I Norge vert det i dag produsert ca. 225 000 tonn hydrogen til industriprosesser frå gass (grå hydrogen). Den største forbrukaren av hydrogen i Noreg er Yara..

Kva skjer framover?

  • Noreg: Hydrogenstrategien er regjeringas og skal ikkje behandlast av Stortinget. Men Stortinget kan likevel få ei viktig rolle med å styrke innsatsen. Første moglegheit er behandlinga av grøn krisepakke, dernest statsbudsjettbehandlinga til hausten og oppfølginga av Klimakur. Regjeringa skriv sjølv i hydrogenstrategien at dei «vil i forbindelse med Klimaplanen for 2030 vurdere virkemiddel for å fremje utvikling og bruk av hydrogen i Norge.».
  • Europa: Tyskland er venta å publisere sin hydrogenstrategi om kort tid.
Vi støtter Energi og Klima:
Ad

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.