NorthConnect-avgjerda: Tida arbeider for fleire kraftkablar - Energi og Klima

NorthConnect-avgjerda: Tida arbeider for fleire kraftkablar

Bygging av fleire mellomlandskablar vil auke verdien til norsk vasskraft, i tillegg til å gi store utsleppskutt. Det er eit omsyn som blir viktigare når oljas verdi og betyding for norsk økonomi blir svekka. Tida abeider for NorthConnect.

PÅ VENT: Regjeringa vil innhente meir kunnskap før dei tek endeleg stilling til den planlagde NorthConnect-kabelen mellom Sima i Hardanger og Longhaven Bay ved Peterhead i Skottland. Dette er eit illustrasjonsbilete frå arbeidet med Skagerak 4-kabelen mellom Noreg og Danmark. Foto:Statnettcb

Nyheita: Regjeringa har utsett endeleg konsesjonsbehandling av utanlandskabelen NorthConnect mellom Noreg og Skottland.

Bakgrunn: Det har i langt tid vore knytt stor spaning til regjeringas behandling av NorthConnect – den planlagde kabelen for utveksling av straum mellom Noreg og Skottland. Prosjektet er eigd av Lyse, Agder Energi, Hafslund E-Co og svenske Vattenfall. I NVEs vurdering av kabelen frå desember 2019 står det at NorthConnect venteleg vil auke straumprisen i Noreg med 1-3 øre per kWh i gjennomsnitt over kabelens levetid på 40 år. Høgare kraftpris vil eigarane av kraftselskapa – kommunar, fylkar og stat – tene på. I sum vil kabelen vere samfunnsøkonomisk lønsam for Noreg fordi handelen gjev inntekter utover den høgare prisen norske forbrukarar vil betale, ifølgje NVE. Prosjekteigarane har kalkulert klimagevinsten til to millionar tonn CO2.

#Klimavalg21 – et nyhetsbrev om norsk klima- og energipolitikk

I nyhetsbrevet #Klimavalg21 kommenterer Energi og Klima-redaksjonen klima- og energispørsmål som blir viktige ved neste stortingsvalg. #Klimavalg21 sendes ut tirsdager og har ekstrautgaver ved behov. Energi og Klima er Norsk klimastiftelses nettavis. Gå her om du vil ha #Klimavalg21rett i innboksen.

Regjeringas høyring om NorthConnect vart avslutta 10. mars. Regjeringas konklusjon er at dei ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å gå vidare med konsesjonsbehandlinga. Argumentet er at dei ønsker å hauste erfaringar med kablane NordLink (Noreg-Tyskland) og North Sea Link (Noreg-England), som er venta å kome i drift i 2020 og 2021, før dei bestemmer seg.

Mi analyse: Politisk har NorthConnect blitt like støyfylt som ACER og andre spørsmål knytt til energisamarbeid med Europa. Motstanden samlar både ytste venstre og ytste høgre. Så langt i 2020 har både Bjørnar Moxnes og Sylvi Listhaug rokke å fremje forslag i Stortinget om å stanse utanlandskabelen. I kabelmotstandens fremste rekke finn ein også Trygve Slagsvold Vedum, som har valt ei anna linje enn sine forgjengarar i Senterpartiet. Hovudresonnementet som går igjen er at meir kraftutveksling vil gi Noreg likare straumprisar med resten av Europa – og at dette skadar norske interesser. Eller som FrPs Hans Andreas Limi formulerte det før jul: Vi skal ikke sponse Europa med billig kraft.

Slik FrP har posisjonert seg etter at dei gjekk ut av regjeringa, er Høgre, KrF og Venstre avhengig av Arbeidarpartiet for å fleirtal for NorthConnect. Den støtte vil dei ikkje få i denne perioden. Til det er motstanden i fagrørsla og industrien for sterk. Det var tungt nok for Støre å få Aps stortingsgruppa til å røyste for ACER for to år sidan.

Dermed hadde ikkje olje- og energiminister Tina Bru (H) noko anna val enn å vende tommelen ned til NorthConnect. I denne omgang. I pressemeldinga som departementet sendte ut heiter det:

«Kraftutveksling med landene rundt oss er både bra og nødvendig. Det bidrar til verdiskaping og arbeidsplasser i Norge. I dette bildet er NorthConnect et interessant prosjekt. Men med endringene vi ser i kraftsystemet idag og som vil komme de nærmeste årene har vi ikke nok kunnskap nå til å vite om fordelene ved prosjektet oppveier ulempene for allmenne og private interesser som blir berørt. Med andre ord er dette verken et ja eller nei til konsesjonssøknaden.»

Hadde Bru gitt NorthConnect konsesjon ville Stortinget stoppa henne. Å setje konsesjonsbehandlinga på vent til etter at NordLink og North Sea Link har kome i drift, var einaste moglege utveg med mindre ministeren ønsker å skrinlegge prosjektet for godt. Eit slikt «vente og sjå»-vedtak kjem Ap og LO i møte og er godt i samsvar med  avtalen som vart gjort mellom Ap, MDG og regjeringspartia i 2018 om tredje energimarknadspakke (ACER).

NorthConnect er satt på vent, men debatten vil leve vidare. For oss som ser meir kraftutveksling som ein nødvendigheit for raske utsleppsreduksjonar i Europa, og som trur det er fullt mogleg kan skape verdiar i begge endar av kabelen (og at handel er ikkje eit nullsumsspel), er dette godt nytt.

Mitt tips er Stortinget alt i neste periode kjem til å gi grønt lys til fleire utanlandskablar. Om det blir NorthConnect eller andre prosjekt skal eg ikkje seie sikkert, men fleire kablar vil det bli. Oljefallet, grundig omtalt i førre nyheitsbrev, vil gjere det vanskelegare å seie nei til grøne, lønsame industriprosjekt, som NorthConnect er eit døme på. Når oljeinntektene går ned er vi alle tent med ein høgast mogleg verdi for dei ikkje-fossile energiressursane våre, samstundes som meir vind- og solenergi i Europa treng den fornybare «makkeren» som norsk vasskraft representerer.

Kva skjer framover?

  • I det korte bilete:  Ei av dei mest konfliktfylte sakene i energipolitikk er skyvd fram i tid, men dei mest hardnakka kabelmotstandarane vil framleis argumentere for at Stortinget må tvinge regjeringa til å seie nei til NorthConnect-kabalen, sjølv om konsesjonsbehandlinga er satt på vent. Eg trur ikkje dette synet vil vinne fram. Prinsipielt kan dette samanliknast med at Stortinget skulle seie nei til eit konkret oljeprosjektet før Olje- og energidepartementet hadde behandla prosjektplanen (PUD’en) og lagt han fram for Stortinget.
  • Litt lenger fram: Alle partia er no i prosess med å lage program for neste stortingsperiode. Kva vil partia skrive om kraftutveksling med Europa generelt og NorthConnect spesielt? Er det risikabelt for miljøpartiet SV å vere mot NorthConnect når MDG er for av omsyn til klimaet? Er Arbeidarpartiet komfortabel med å stå saman med Raudt og FrP? Kan Senterpartiet finne attende til ei meir pragmatisk plattform?
  • I tillegg: Kan eigarane av NorthConnect – eventuelt regjeringa – gjere prosjektet meir spiseleg alt i denne perioden, til dømes ved å kople kabelen til satsing på havvind eller annan  industri? Det kan i så fall gi ny dynamikk i debatten. Kollega Anders Bjartnes har skrive meir om dette i denne kommentaren.

.

Ad
Kommentarfeltet er stengt.