Klare krav til berekraft – Energi og Klima

Klare krav til berekraft

Berekraft er ikkje lenger noko ein kan smykke seg med nett som ein vil.

Vindkraft og berekraft. Mykje tydar på at vindkraft ikkje blir rekna som berekraftig om føremålet er å produsere straum til olje- og gassutvinninga på norsk sokkel, skriv Klaus Mohn i denne artikkelen om EU sin taksonomi. Foto fra Statkrafts vindpark i Roan, Trøndelag. Foto: Ole Martin Wold, Statkraft cbnd

Blant buzz-orda i næringslivet i dag er det få som kan måle seg med berekraft. I hypen rundt klima, miljø og samfunnsansvar jagar alle på denne merkelappen ved si eiga verksemd. Visjonar og verdiar visar omsorg for klima og miljø, strategiane stakar ut kursen mot ei betre verd, og jakkenåla med FN sine berekraftsmål grip om seg som PK-markør blant leiarar i næringslivet.

Om kriteria for berekraft er opp til den enkelte, så blir omgrepet raskt tømt for innhald. Det er ikkje gull alt som glimrar. Og alt og alt som gjev seg ut som berekraftig, er heller ikkje berekraftig. Ideen om at utvinning av olje og gass kan være berekraftig i miljø- og klimamessig forstand får stadig færre tilhengarar, og i EU ser ein aukande skepsis til oljeleiting i nord, karbonfangst og -lagring, og hydrogenproduksjon basert på naturgass.  

#Klimaogfinans – et nyhetsbrev om klimarisiko og den grønne bølgen i finansmarkedene

Du kan få nyhetsbrevet gratis rett i mailboksen din en gang i måneden. Innholdet er laget av Energi og Klima-redaksjonen. Målgruppene er ansatte og ledere i bank og forsikring, investorer, den interesserte kunde og alle andre som vil ha mer kunnskap om det som nå skjer på dette feltet i Norge, EU og verden.

Abonner på #Klimaogfinans:

Mange let elles til å tru at all produksjon av fornybar energi kan reknast som berekraftig. Så enkelt er det ikkje. I vurderinga av bidrag til berekraft må ein nemleg vurdere vidare verknadar, som til dømes omfanget av naturinngrep, ringverknadar frå drifta, og kva straumen frå prosjektet blir brukt til.

Sjølv om store ressursar blir brukt på å løfte fram bidraga frå havbruk til berekraft, så heftar kritiske spørsmål framleis også til denne næringa. Aktuelle nøkkelord er soya til fôr, lakselus, rømming, energibruk, medisinbruk, utslepp og forureining. Liknande problemstillingar gjer seg gjeldande for verksemder innan industri, landbruk og eigedom.

Opprydding og kartlegging av dette landskapet føreset avklaring av ei rekke spørsmål. Kort summert treng ein legitime og ålmenne kriterium for kvalifikasjon av berekraftig aktivitet, samt kven som skal ha ansvaret for etablering av regelverk og oppfølging av etterleving. I EU er responsen no på veg. Med den nye taksonomien for berekraftig økonomisk aktivitet, introduserer styresmaktene i EU no eit stort og sinnrikt apparat for å støtte opp om den grøne omstillinga i Europa, European Green Deal.

Taksonomien spesifiserer krav og kriterium for klassifisering av berekraft i heile breidda av økonomisk aktivitet, med utgangspunkt i seks overordna mål: oppdemming mot klimaendringar, tilpassing til klimaendringar, vern om vatn og marine ressursar, overgang til sirkulær økonomi, redusert forureining, varetaking av biologisk mangfald og økosystem. Hovudkravet er deretter at akseptabel økonomisk verksemd skal bidra vesentleg til eitt av desse måla, utan samstundes å underminere dei andre, og utan å bryte med minstekrav til ansvarleg drift definert av OECD og FN.

Føremålet er å, for å seie det veldig enkelt, gjere klart kva som greitt og kva som ikkje er greitt – om ein vil drive berekraftig. Klassifiseringa er i utgangspunktet tenkt som ein reiskap for kapitalmarknaden, slik at investorar, føretak og prosjektleiarar kan navigere betre i overgangen til ein økonomi med lågare CO2-utslepp og høgare ressurseffektivitet. Men dette nye apparatet vil etter alt å døme og påverke politikk, regulering og ikkje minst investeringar frå styresmaktene i EU.

At taksonomien reiser krevjande spørsmål knytt til utvinning av olje og gass i åra som kjem er kanskje ikkje så overraskande. Men taksonomien har implikasjonar som kan være meir overraskande. For eksempel tydar mykje på at vindkraft ikkje blir rekna som berekraftig om føremålet er å produsere straum til olje- og gassutvinninga på norsk sokkel. Dette nye klassifikasjonssystemet for berekraft rekk vidare, og omfattar alle næringar, med harde krav og føresetnader til dømes for havbruk, landbruk, bygg, anlegg og eigedom. For desse næringane er det (overraskande) mykje ved driftsformene per i dag som ikkje kan reknast som berekraftig.

EU sin taksonomi for berekraft har potensielt vidtrekkande konsekvensar for Noreg. Narrativ om berekraft i næringslivet vil no bli testa mot dei nye kriteria for berekraft i EU. Dermed kan ein ikkje lenger sjølv avgjere om det ein held på med er berekraftig eller ei. Taksonomien kan elles påverke regulering og kapitaltilgang på eit vis som gjer at norske styresmakter tapar kontroll over tempoet i omstillinga.

Berekraft er ikkje lenger noko ein kan smykke seg med heilt som ein vil. I EU er styresmaktene i ferd med å feste grep for å akselerere omstillinga. Dette er ei utvikling me ikkje kan vri oss unna, og i kapitalmarknaden ser ein allereie at tilpassinga er i gang. Dermed er det på høg tid at EU si operasjonalisering av berekraft i næringslivet får større merksemd både frå næringsinteresser og politikarar i Noreg.

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.