Handle lokalt og selje globalt!

Det er på høg tid for Noreg å jakte på grøne moglegheiter i internasjonale marknader – med ambisiøse mål for eksport av nye produkt og tenester.

I Noreg er vi bekymra for både arbeidsplassar og inntekter som fell bort når fossilsektoren skal fasast ut i løpet av dei neste par tiåra. Skal global oppvarming avgrensast til 1,5 grader, kjem vi ikkje utanom! Verda skal gjennom tidenes omstilling, på same tid skal befolkninga auke til nærare 11 milliardar, før veksten flatar ut.

Norske byar og bedrifter i førarsetet

Dei største byane i Noreg; Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Tromsø, har alle mål om mellom 80 og 95 prosent klimagassreduksjon innan 2030. I same periode utfordrar Klimapartnere-nettverka sine 120 større partnerverksemder om å bli fossilfri.

Rask omstilling på heimebane kan fort bli eit av Noreg sine fremste fortrinn også i ein global konkurranse. Kunne aktørar som Innovasjon Noreg, UD og norsk næringsliv spelt tettare på lag i ein internasjonal marknad for grøne løysingar? The Explorer, nettløysinga for presentasjon av norske løysingar ute i verda, er ein god start, men tenker ein stort nok?

Er tida moden for å etablere fleire større spydspissprosjekt med internasjonalt potensial som ein legg tung politisk vekt bak?

Er tida moden for å sette ambisiøse mål for systematisk eksport av norske grøne produkt og tenester?

Grønt ferjebelte

Det kinesiske busselskapet BYD, som mellom anna Warren Buffett har investert tungt i, skipa nyleg 100 nye, elektriske bussar til Santiago de Chile. Bussane er kjærkomne i ein by med stort behov for reduksjon av både lokal forureining og klimagassutslepp. Dette er ein del av Kina sitt «Grand Belt and Road Initiative», for spreiing av kinesiske, elektriske bussløysingar til Latin-Amerika, med land som Chile, Colombia, Ecuador, Brasil og Uruguay i kikkerten.

Samstundes skjer ein ferjerevolusjon i Noreg. Innan tre år vil 70 elektrifiserte ferjer operere i fjordane våre. Burde ein som Kina etablere eit tilsvarande «Grand Belt Ferry Initiative», for spreiing av norske elektriske ferjeløysingar i stor skala ut i verda? I USA åleine finn ein til dømes over 650 operative ferjer.

Grøne fabrikkar

Det er ingen tvil om at elbilrevolusjonen i Noreg førebels er unik. Ingen andre land kan vise til 50 prosent andel elektriske bilar av nybilsalet. Rekorden frå Hordaland i september, der 72 prosent av nybilsalet var ladbare modellar, står truleg for snarleg fall når Tesla sin model 3 no gjer sitt inntog utover våren.

Kunne det likevel vært mogleg å utnytte denne unike posisjonen betre? Kunne ein stilt strengare krav til leverandørane når det gjeld høve for utvinning av kobolt, som fredsprisvinnar Denis Mukwege utfordra om, eller krav til lågare klimafotavtrykk ved produksjon? Kunne fleire av delane til bilane og tungtransport i større grad vore produsert og sett saman i Noreg, basert på norsk, grøn vasskraft?

Det er vanskeleg å kome på andre stadar i verda der ein i store periodar har overskotskraft, store mengder tilgjengeleg reint vatn og kort vassveg til ein internasjonal marknad. Kan ein hente ut meir potensial i kraftbygdene våre som grøne fabrikkar for produksjon av eit stort spekter av varer med lavt karbonavtrykk, i tillegg til aluminium og grøn datalagring?

Store hydrogenmoglegheiter

På same tid er store dører i ferd med å opne seg for hydrogen verda over, både når det gjeld energisektoren, transportsektoren og industri.

I USA, og særleg California, er det god driv, med Nikola Motor Company i spissen, i godt samarbeid med blant anna det norske hydrogenselskapet NEL. Her er målet 20 000 bilar innan 2020, med 100 tilhøyrande fyllestasjonar. Innan 2025 skal 150 tyngre hydrogenkøyretøy også være på vegen.

I Japan, Sør-Korea, Australia og fleire land i Europa er det også store hydrogensatsingar på gong. I Noreg har ein for lengst identifisert moglegheita til å bytte bruk av kol med grøn hydrogen i fleire prosessindustriar, som titanproduksjon ved Tizir i Tyssedal. Fyrste hydrogenferje er under utvikling, og selskapet Greenstat har fleire spanande hydrogensatsingar på gong.

Den nasjonale hydrogenstrategien som utformast i desse dagar, er det særs viktig at evnar å være langsiktig med stabile rammer, slik at fleire norske selskap lettare kan satse internasjonalt.

Nullutsleppsattraksjon

Reisa mot eit nullutsleppssamfunn kan samstundes kunne gjerast til ein attraksjon i seg sjølv. For mange tilreisande er det framleis eksotisk at Noreg drivast på vasskraft, at ein kan leige elbil, køyre elektrisk ferje eller ta ein tur med «Future of the Fjords», det heilelektriske turistskipet i Nærøyfjorden.

Innan 2026 skal dessutan UNESCO-fjordane stengast for utslepp, kollektivtransporten vil nærast være fossilfri og mange nye maritime løysingar, for både elektriske småbåtar, fiskebåtar og «ribbåtar», vil være på plass. Om ein ønsker å sette Noreg på kartet som ein grøn reisedestinasjon, vil det være viktig å vidareutvikle heilskaplege grøne opplevingar, klimavennleg lokalprodusert mat og ikkje minst redusere bruken av plast drastisk. Det blir også spanande å følgje måla til Avinor om at alle innanlandsfly skal elektrifiserast innan 2040. Dei fyrste kommersielle elektriske småflya er allereie i bestilling til Vestlandet!

Knapp tid!

Enn så lenge er Noreg i ein unik posisjon med eit kraftsystem basert på fornybar kraft og med rask omlegging av transportsektoren, men tida er knapp i ein tøff internasjonal konkurranse. Mange aktørar er i rørsle og det er på høg tid å byrja å ta plass i ein marknad utanfor landet sine grenser, anten det er innan maritime løysingar, produksjon av varer med lågt klimafotavtrykk, hydrogen, grøn turisme eller andre områder. Årets Vestlandskonferanse er så absolutt på sporet!

Uavhengig av kva internasjonale prosjekt ein ønsker å løfte og kva eksportmål for grøne produkt og tenester ein set, er det liten tvil om at det vil krevje godt samarbeid mellom ei rekke aktørar. Tida er også meir enn overmoden for å aktivisere dei 15 veikarta for grøn konkurransekraft, som blei utarbeidd av sittande regjering for nokre år sidan og som no tas vidare gjennom ei utredning for tempoet i det grøne skiftet. Både internasjonale ambisjonar og tiltak må uansett styrkast kraftig for å vinne nye arbeidsplassar og inntekter. Tida er komen for å handle lokalt og selje globalt!