Et mindre kjøt, men et rett kjøt

I staden for å avvise EAT-rapporten fullstendig, burde vi endre landbrukspolitikken tilpassa eit grasland som Noreg. «Et mindre kjøt – et rett kjøt» kunne vere eit høveleg slagord.

Anders Bjartnes i Norsk klimastiftelse blogga at «alle som undergraver EAT-Lancetrapporten, vil havne i skammekroken”. Men då burde han ha nemnd at rapporten faktisk også understrekar at dette ikkje er ein diett som passar alle nasjonar, og at lokale tilpasningar «er nødvendige og bør speile kultur, geografi og demografi», med inuittane på Grønland som eit godt døme.

Så media har nok mykje av skulda for at råda vert oppfatta som ekstreme og heilt urealistiske hjå folk flest. Christian Anton Smedshaug i AgriAnalyse seier det slik:  «Å stille riktig diagnose for verdens matproduksjon krever en forståelse av at landbruk i bunn og grunn er en lokal, og ikke en global aktivitet.» Og det høyres rett og fornuftig ut. Men det er industrilandbruket som tek over i dei fleste landa, også i Noreg – og då er det lett å kritisere kjøtproduksjonen for både dårleg dyrevelferd og skadeleg klimautslepp.

Så i staden for å avvise EAT-rapporten fulllstendig, burde vi endre landbrukspolitikken tilpassa eit grasland som Noreg; “Et mindre kjøt – et rett kjøt” kunne vere eit høveleg slagord. Rett kjøt i Noreg er rødt kjøt fora på gras og utmarksbeite. Det er industrilandbruket med import av soya og anna kraftfor som det må slåast ned på. Viss ikkje vil vi undergrave berekraftig norsk landbruk og sjølvforsyning.

Eg trur folk flest vil støtte eit subsidiert landbruk som bokstaveleg talt tek heile landet i bruk. Det vil gi sunn, kortreist og trygg mat og oppretthalde kulturlandskapet med sitt biologiske mangfald. I tillegg er det god beredskapspolitikk. Men eg er redd for at vi må sjå langt etter ei slik omlegging med høgreregjeringa og ein landbruksminister frå Rogaland.

Dei som unyansert støtter EAT-rapporten i klimaets namn, er med på å styrke motsetnaden mellom by og land i ei tid der vi igjen treng slagordet “by og land –hand i hand”. Eg trur til dømes at mange grasprodusentar i Noreg med rette stiller spørsmål ved om ikkje fritidsreisene med fly til “langtvekkistan” er langt verre for klima enn produksjon og inntak av “rødt graskjøt”.

EAT-Lancetrapporten er skreve av kunnskapsrike forskarar. Men det er også verdt å merke seg at nokre av dei som har finansiert rapporten er produsentar av kosttilskot som vil bli viktig i eit kjøtfritt kosthald.

Så då forventar eg at bloggaren frå Klimastiftelsen ikkje set alle kjøtforsvarar i skammekroken i neste blogg.