Er Noreg rigga for omstilling?

Politikarane er unnfallande, og forklaringa er ikkje så komplisert. Dei aller fleste veljarane i Noreg er nemleg framleis meir opptekne av vekst, verdiskaping og velferd enn av klima, miljø og berekraft.

Tysdag 19. januar var eg invitert til eit digitalt seminar i regi av i regi av Abelia, EnergiNorge, Klimastiftelsen, Rederiforbundet og Tekna, under tittelen «Er Norge rigget for omstilling?». Me fekk høyre om utfordringa og responsen i eit europeisk perspektiv. Me høyrte om utgreiing og tilrådingar frå eit norsk uavhengig Klimaomstillingsutval. Og me fekk høyre flikar av det som går føre seg i  våre naboland innan nyskaping, innovasjon og fornybar forretningsutvikling.  Alle var samstemte, og det var lite ulyd å spore.

Det var kanskje difor at eg var beden om å dele litt meir kritiske refleksjonar. Ikkje på det som elles blei sagt, kanskje. Men kanskje snarare rundt det som ikkje blei sagt. Dette passa som hand i hanske, for meg personleg – og ikkje minst i forhold til Universitetet i Stavanger sitt samfunnsoppdrag og motto: «Utfordre det velkjente, utforske det ukjente.»

Utfordringa er enorm

Se opptak fra seminaret her

Opptak fra seminaret «Er Norge rigget for omstilling?»

Eg høyrer nok til blant dei som tenker at alvoret i klimautfordringa ikkje er godt nok forstått. Desto meir urovekkande er det utviklinga går feil veg. Utsleppa går ikkje ned. Men det gjer omfanget av urørt natur og artsmangfald. I stor fart. Me er ikkje i nærleiken av å møte utfordringane me står overfor når det gjeld klima og miljø. Om me ikkje vender om, så endar me opp der me stevnar. Og det er ingen god stad. Realiteten er at politikarane er unnfallande, og forklaringa er ikkje så komplisert. Dei aller fleste veljarane i Noreg er nemleg framleis meir opptekne av vekst, verdiskaping og velferd enn av klima, miljø og berekraft. Greta Thunberg skapte kanskje ei politisk bølje i Europa, men i Noreg er det no Trygve Slagsvold Vedum som skapar bøljer. Og sjølv om Vedum no har vind i segla, så er han verkeleg ikkje heilt som Thunberg.

Noreg sine utfordringar er særeigne. Og Stavanger er på sett og vis Noreg sett på spissen. Me har høg eksponering mot ei næring som er på veg ut. Problemet er berre at næringa som no må fasast ut samstundes er kjelda til vår overdrivne rikdom. Motstanden mot utfasing og omstilling er dermed sterk. Ein solid koalisjon av interesser slår ring om olje- og gassnæringa. Det gjeld næringslivets organisasjonar, det gjeld fagrørsla – og det gjeld viktige delar det politiske establishmentet. Berre dei aller færraste vågar å stille seg i vegen for det som lenge har vore den mest vekstkraftige og innbringande næringa i landet. Narrativet i dag er at olje- og gassnæringa skal legge til rette for grøn omstilling, og at dårlege kår for oljebransjen vil gje tregare tilpassing til klimautfordringa. Enorme ressursar står bak marknadsføringa av denne fortellinga.

Omstilling kan ikkje innebere anna ein ei vriding i næringsstrukturen, der dei næringane som høyrer fortida til må gje plass for næringar som høyrer til framtida. Med naudsyn må dette innebere stagnasjon og tilbakegang for verksemder som driv med utvinning og/eller forbruk av fossile brensel, og vidareutvikling og vekst for næringar som kan bidra til reduserte utslepp av klimagassar og ei meir berekraftig utvikling. Så langt er det vanskeleg å sjå at slike resonnement for alvor er reflektert i norsk politikk.

Noreg er godt rusta…

Så langt om utfordringane. Dei er store nok. Men likevel er ikkje alt like håplaust. Om det fekk me ei rekke påminningar under det omtalte frukostmøtet. For Noreg sin del er me privilegerte. Dette er ein styrke også i møtet med klimautfordringa. Det norske Klimarisikoutvalet konkluderte og med at Noreg er godt rusta for å handtere både fysisk risiko og overgangsrisiko knytt til klimautfordringane. For Noreg er dette fint, men for verda er det ei mager trøyst.

Uansett er det slik at Noreg er velsigna med ei rekke ressursar og eigenskapar som gjer oss sterke i møtet med omstillingsutfordringa. Me har eit velutvikla moderne demokrati, med eigedomsrett, lov og rett, robuste institusjonar, politisk velvilje, lågt konfliktnivå, fred og fridom.

I økonomisk forstand er me rike på ulike typar kapital. Me har pengar i overflod, men det er ikkje alltid omstilling som står i sentrum for investeringane. Me har humankapital, eller arbeidskraft, som er kjenneteikna av kompetanse og produktivitet. Me har eit velutvikla arbeidsmarknad, med fleksibilitet, og offentlege ordningar som kan lette børa for arbeidstakarar når arbeidsmarknaden endrar seg raskt. Ved fleire høve tidlegare, som ved oljeprisfallet i 2014, har me og vist evne til omstilling når situasjonen krevjar det. Spørsmålet er berre om evna står i stil med utfordringa me no står overfor.

På individnivå er nordmenn prega av god kompetanse, høg evne til organisering og samarbeid, og vilje til velgjerning.

Alt dette kan kome godt med i møtet med omstillingsutfordringa. Like fullt er det forhold ved norsk økonomi og samfunn som og kan virke hemmande på både viljen og evna til endring, og dermed tempoet i omstillinga

…men omstillinga går treigt

På samfunnsnivå er dei politiske prosessane treige, ein finn motvilje mot omstilling, vegring mot reformar. Konsensuskulturen rundt den norske olje- og gassnæringa har vidare ein konserverande verknad på politikken og ein sementerande verknad på næringsstrukturen.

Om norsk økonomi er kjent for rikdom og store ressursar, så er baksida av medaljen prega av høge løner og kostnadar. Dette er i utgangspunktet ikkje eit konkurransefortrinn. For å forsvare høge løner må norske arbeidstakarar være tilsvarande meir produktive enn konkurrentar i utlandet. Produktivitet er ofte knytt til utdanning, med mindre ein står overfor ei Sareptas krukke av olje. Når ein har flaks, så treng ein ikkje være flink. Når oljeutvinninga passerer middagshøgda så kjem kvardagen tilbake for norske arbeidstakarar. Over tid må lønsnivået no stå i stil med produktiviteten. Noreg har i dag eit lønsnivå som er mykje høgare enn gjennomsnittet for Europa, medan utdanningsnivået er meir middelmådig.

På individnivå er verdiar og haldningar framleis prega av næringsstrukturen, og dei færraste vil gje slepp på inntekter og oppsider som er knytt til utvinninga av olje. Høge løner og inntekter blir dermed eit hinder for omstilling og på individnivå.

Kva me kan gjere

Det me treng er noko anna enn det me har hatt. Eit anna tankesett, på individuelt nivå og på samfunnsnivå. Eit anna mønster for åtferd, i det daglege og i politikken. Eit anna sett av rammevilkår og politiske verkemiddel, i smått og stort. Ramma for mitt innlegg kunne umuleg dekke alt dette. Men la meg avslutte med å dele litt tankar om korleis universiteta potensielt kan bøte på problemstillinga.

Debatten om Akademia si rolle i møtet med klimautfordringa er forvirra av idear om at måten me driv verksemda vår på er det viktigaste me har å by på i møtet med klimautfordringa. Sjølv tenker eg nok at me har langt viktigare bidrag enn søppelsortering, sykkelparkering og solenergi på campus. Viktigare enn korleis me løyser oppgåvene våre er kva me faktisk gjer.

Gjennom forsking og utdanning forsyner universiteta samfunnet med ny kunnskap. Kunnskap som skal drive utviklinga av arbeidskraft, næringsliv og tenesteforsyning i mange årtier framover . I mitt hovud er det innrettinga av denne kunnskapsproduksjonen som er vårt aller viktigaste bidrag både til klimautfordringa og til omstillinga me står overfor.

Difor er eg stolt av at styret ved Universitetet i Stavanger akkurat har etablert ein ny strategi som set akkurat grøn omstilling i sentrum. Dette inneber at omsynet til omstilling og berekraft skal gjennomsyre forsking og utdanning, og prege alt me driv med.

På dette viset er det mitt håp at vårt universitet og andre kunnskapsinstitusjonar kan ruste norsk økonomi og samfunn for best muleg respons på dei store samfunnsutfordringane i vår tid, og dermed legge til rette for den omstillinga me no treng.