Energidebatten må på sporet

Med eit betre faktagrunnlag blir det lettare å få ein diskusjon om heilskapen i energipolitikken og ikkje berre ein kamp om enkeltsaker som spriker i alle retningar.

I løpet av nokre få tiår skal vi omstille det norske samfunnet frå fossil til fornybar energi. Men ikkje nok med det. Vi skal bygge ny industri som kan kompensere for at det blir langt færre arbeidsplassar i oljeindustrien. Dette er den største samfunnsendringa vi har stått overfor i vår generasjon.

Sentralt i denne omstillinga står miljøvennleg energi. Men vi manglar eit allment akseptert faktagrunnlag og ein nasjonal strategi for energisektoren. Det må på plass for å få ein kunnskapsbasert debatt om korleis vi skal produsere nok rein energi, og korleis vi skal bruke den for å få maksimal nytteverdi i form av arbeidsplassar og reduserte utslepp av klimagassar.

Energistrategi

Vi har lenge snakka om grøn omstilling og grøn industri, men det er først dei siste åra at vi har sett konturane av kva det betyr i praksis. Etablert industri vil ha meir fornybar energi for å bli klimanøytral, og ny kraftkrevjande industri etablerer seg her i landet for å produsere utsleppsfritt til dei nye grøne marknadene. Produksjon av batteri og hydrogen er eksempel på slike nye industrisatsingar. Samtidig skal vi elektrifisere bilparken for å få ned klimautsleppa. Utfordringa er å produsere nok fornybar energi med minst mogeleg negative konsekvensar.

Fornybar energi er nøkkelen til å bli kvitt utslepp av klimagassar, enten det gjeld transportsektoren, anleggsbransjen eller industrien. Samtidig veit vi at all produksjon og distribusjon av fornybar energi har negative konsekvensar for miljøet og kan skape eit høgt konfliktnivå i konkrete saker. Behovet for ny fornybar energi kan dempast ved energisparing, men då treng vi langt sterkare verkemiddel enn det vi har sett hittil. Skal vi nå klimamåla, ta vare på naturverdiar og utvikle nye grøne arbeidsplassar, treng vi å få på plass ein heilskapleg energistrategi.

I debatten om produksjon og forbruk av fornybar energi florerer det med ulike prognosar for kraftbehovet dei neste tiåra. Det er i og for seg ikkje så rart. Enkelte tar utgangspunkt i kva dei trur vil skje, og andre legg vekt på kva som må skje om vi skal sikre full sysselsetting og nå måla i Paris-avtalen. Jamvel statlege organ som Statnett og Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE, opererer med ulike prognosar. Det gjer det vanskeleg å føre ein faktabasert debatt om produksjon og forbruk av fornybar energi. Dei ulike aktørane kan fremme sine interesser og politikarane kan fronte sine populære saker utan å bli utfordra på konsekvensane.

Vi treng eit felles faktagrunnlag med analyse av ulike alternativ. Kor mykje kan vi auke produksjonen, og kva konsekvensar får det? Kor mykje kan vi spare, og kva tiltak må vi i så fall setje i verk? Kan det bli nødvendig å prioritere mellom brukarane? Eit slikt faktagrunnlag, gjerne i form av ei energimelding, gir ikkje noko fasitsvar. Men debatten er kanskje det viktigaste. Med eit betre faktagrunnlag blir det lettare å få ein diskusjon om heilskapen i energipolitikken og ikkje berre ein kamp om enkeltsaker som spriker i alle retningar.

Industristrategi

Skal vi utvikle ein energistrategi i dagens situasjon, så kjem vi ikkje utanom å kople den til ein industristrategi. Mange av dei grøne bedriftene som vurderer å starte ny produksjon her i landet, er svært kraftkrevjande. Det betyr at nettkapasiteten er avgjerande for lokalisering av fabrikkanlegga. Utbygging av nettet tar tid og har store distriktspolitiske konsekvensar. Her snakkar vi om så store og tunge investeringar i infrastruktur at vi treng ein nasjonal strategi.

Mange av aktørane som planlegg store grøne industrietableringar, satsar på å få offentleg støtte i oppbyggingsfasen. Det er ikkje urimeleg i ei så krevjande omstilling. Men vi bør legge til rette for at desse ressursane i størst mogeleg grad kan komme tilbake til fellesskapet. Det kan vi oppnå ved at staten går inn med eigenkapital og lån, ikkje berre støtte. Og så må vi hugse at det næringslivet vi skal bygge opp for å komme ut av oljealderen, er meir enn batteri og hydrogen. Vi treng eit allsidig næringsliv og mange bein å stå på.

Omfattande samfunnsendringar kan ikkje overlatast til marknadskreftene åleine. Dei politikarane som sat med makta då vi fann olje i Nordsjøen, forstod det,  og dei la stramme rammer for utviklinga. I dag står vi overfor ei større utfordring der vi skal ta omsyn til både klima og sysselsetting. Høgreregjeringa si klokkartru på at marknaden skal ordne opp, kan koste oss dyrt. Fellesskapet må ta den overordna styringa og få på plass ein energistrategi som legg grunnmuren for ein offensiv klimapolitikk og ei grøn industriutvikling.