Eid innfører grøn finansforvalting - Energi og Klima

Eid innfører grøn finansforvalting

Eid kommune innfører som første kommune i Noreg grøn forvalting av kommunen sine finansplasseringar.

Denne artikkelen er over 2 år gammel.

Det betyr at Eid kommune frå no av ikkje skal ha midlar plassert i kullselskap og minimalt av midlar i selskap som driv utvinning og produksjon av andre fossile brensel (maksimum 7 prosent).

I tillegg skal minimum 10 prosent av Eid sine plasseringar i obligasjonar plasserast i grøne obligasjonar. Som første børs i verda har Oslo Børs nylig oppretta ei eiga børsliste for grøne obligasjonar, for å auke kapitaltilgangen til ny fornybar energi og anna grøn teknologi. Eid kommune sine samla finansielle plasseringar som blir omfatta av desse krava er på ca 100 millionar kroner.

Klimaendringane er vår tids største politiske sak og krev handling både internasjonalt, nasjonalt og lokalt. Tilgang på kapital er ein nøkkel til å få fortgang i overgangen frå fossil til fornybar energi og eit nytt, grønt næringsliv. Det er både god klimapolitikk og god, framtidsretta næringspolitikk frå Noreg og Vestlandet sin ståstad.

Oljefondet bør følge etter

Eid kommune tok i fjor initiativ til at KLP skulle flytte kommunane sine pensjonsmidlar over frå fossil til fornybar energi. Det resulterte i at KLP i november 2014 vedtok å trekke seg ut av alle selskap som driv kol-utvinning som hovudaktivitet, og flytte tilsvarande beløp (ca 500 mill NOK) over til investeringar i ny fornybar energi i framveksande økonomiar.

KLP sitt vedtak, initiert av Eid kommune, er bygd på at forflytting av kapital frå dei mest ureinande formene for fossil energi over til fornybar energi både er god finansforvalting med omsyn til risiko og avkasting, og samtidig i tråd med våre felles klima- og miljømål. Skal vi klare å avgrense den globale temperaturauken til 2 grader, må det meste av kol-, olje- og gassressursane vi i dag kjenner til bli liggande i bakken. Det er difor dristig gambling med våre framtidige inntekter å setje pengar på at utvinning av kol, olje og gass skal halde fram som før langt inn i framtida. Dette må vi no alle ta konsekvensen av – vi må flytte investeringane over til framtidas teknologi og energiformer.

Eg ser det som heilt naturleg at staten kjem til same konklusjon som KLP og Eid kommune når det gjeld SPU (Statens pensjonsfond utland).

Vedtak i Eid kommunestyre om grøn finansforvalting (K-sak 14/15):

  1. Eid kommune skal ikkje ha midlar plassert i kullselskap. Definisjonen av slike selskap og ekskludering blir tilsvarande som KLP sine vedtak på dette.
  2. Eid kommune skal ha minimalt av midlar plassert mot selskap som direkte driv utvinning og produksjon av andre fossile brensel enn kull. Dette skal uansett ikkje overstige 7% av kommunen sin totale forvaltningsportefølje.
  3. Minimum 10% av porteføljen som er plassert mot rentemarknaden (obligasjonar), skal innan utgangen av 2015 vere plassert i grøne obligasjonar.
  4. Krava i punkta ovanfor gjeld i tillegg til eksisterande reglement for kommunens finansforvaltning.
  5. Administrasjonen skal ved årsrapportering for finansforvaltninga for 2015 legge fram sak med vurderingar om korleis dei nye krava til grøn forvaltning har påvirka risiko og avkastning i porteføljen, og om krava kan utvidast til å omfatte meir grøn forvaltning.

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.