Det grøne «Drømmeløftet» - Energi og Klima

Det grøne «Drømmeløftet»

Noreg treng ein grøn visjon og ein konkret plan for omstilling.

Denne artikkelen er over 2 år gammel. 1 kommentar
Drømmeløft for Noreg? Her teikna av Leona (6), artikkelforfattaren si datter.
Drømmeløft for Noreg teikna av Leona (6), artikkelforfattaren si datter.

Korleis ser ditt drøyme-Noreg ut i 2050 og kva milepælar må ein nå innan 2020, 2030 og 2040 for å få dette til? Ynskjer vi å få fart på den grøne omstillinga, treng vi ikkje fleire utredningar, vi treng ein visjon og ein konkret plan. For å få til store framsteg må ein tore å setje seg store ambisiøse mål, være førebudd på å ramle, røyse seg att, og finne nye vegar.

Innovasjon Norge inviterer i desse dagar til ei rekkje dialogmøter over heile landet for å skissere opp eit storstilt løft for Noreg. Gjennom det overordna temaet, «Drømmeløftet», ynskjer ein å løfte fram dei store visjonane for framtida. «Drømmeløftet» vil bli presentert under Innovasjon Norge sin årlege «innovasjonstale» før sommaren. Kan tida være komen for å realisere arven frå Brundtlandkommisjonen, med ein visjon om det «Bærekraftige Noreg 2050»?

Bærekraft

Hovudbodskapen frå Brundtlandkommisjonen allereie i 1987, var at bærekraftig utvikling må sikrast gjennom tre perspektiv, miljø, økonomi og sosial utvikling. Behova til dagens menneske må dekkast utan at det svekkjer grunnlaget for framtidige generasjonar sine behov.

Utfordringane rundt bærekraft i verda i dag kan verke uoverkommelege. Særleg klimaendringane representerer ein overhengande trussel mot velferd, økonomisk vekst, sosial stabilitet og fred. Likevel, framfor klimaforhandlingane i Paris i år manglar Noreg framleis ein tydeleg visjon, med ein tilhøyrande handlingsplan. Er vi i ferd med å bomme på vår tids største utfordring? Kva betyr det i så tilfelle for karbonrisiko og potensielt tapte forretningsmoglegheiter under omstilling?

Nullutsleppssamfunnet

For å bli eit Noreg som klarar å balansere klima og miljø, økonomisk og sosial utvikling, vil den vanskelegaste men kanskje også mest spanande oppgåva være å skape nullutsleppsamfunnet. Sjølv med 35 år til disposisjon, har vi svært dårleg tid. For nokre sektorarar som lufttrafikk, tungtransport, skipstrafikk og tungindustri, er dette berre ein til to investeringssyklusar unna.

Den viktigaste ingrediensen for å få til det grøne skiftet vil likevel være vilje til leiarskap. Vi treng norske næringslivsleiarar og politikarar som tør å utforme visjonære mål og vise stødig handlekraft.

Framleis mange moglegheiter

Jeremy Rifkin har gjesta Noreg flittig i det siste og er ikkje i tvil. Han meiner Noreg bør ta posisjonen som fyrste oljenasjonen som gjennomfører transformasjonen. Fossilsektoren må bli smartare, reinare og mindre overskyggande for annan industri og verksemd i nærmaste framtid. Han ser føre seg ein tredje industriell revolusjon som vil kome i grensesnittet mellom transport, distribuert energi og kommunikasjon.

Det hastar med å kome i gong. Kan skipsnasjonen få ein renessanse med nullutsleppsteknologi? Kan måten vi løyser giftlokk-problematikken i våre store byar bli ein eksportartikkel? Kan verdas overgang frå storkonsum av storfekjøtt til bærekraftige marine produkt og bioprodukt bli ei ny norsk forretningsmoglegheit? Kan omstillingsteknologi frå tungindustrien være ein salsvare? Kan eksport av norsk fornybar overskotskraft gjerast på smidige måtar som skyt fart på andre land si omstilling? Korleis kan vi integrere strømsparingsløysningar, ny fornybar kraft og lagringsløysningar i husa våre?

Kvifor ta del i det grøne skiftet?

2015 kan bli eit år då verdssamfunnet tek eit kraftig byks inn i den «bærekraftige tidsalderen», som økonomiguruen Jeffrey Sachs talar om. I 2015 skal «Sustainable Development Goals» erstatte «Millennium Development Goals». Sjansen for at ein internasjonal klimaavtale kjem på plass i desember aukar etter kvart som fleire land melder om konkrete målsetningar. Mellom anna er Kina, USA og EU byrja å stake ut ein meir lovande kurs.

Fleire multinasjonale selskap har etablert strategiske målsetningar om bærekraft. IKEA, Unilever, Marks & Spencer og Interface, er nokre eksempel på dette. Innan det juridiske feltet ser ein også tydelege trendar. I Nederland har folkerøyrsla Urgenda saksøkt eigen stat for ikkje å gjere nok for å hindre klimaendringar. Kontrollorganet ESA har stevna Noreg for EFTA-domstolen for brot på EU sine luftkvalitetsdirektiv. Endringar i Grunnlovens § 112, gjer at ein diskuterer om både utvinning av tjæresand og utlysning av 23. konsesjonsrunde er grunnlovsstridig.

Ad

Finansielle aktørar, som Rockefeller, EON, KLP og Storebrand, har byrja å trekke ut sine investeringar frå fossil sektor. Noreg kan sjølvsagt velje å ignorere desse trendane og fortsette «Business as usual», slik som Exxon Mobil. Dette vil kanskje fungere ei tid, men om vi ser litt lenger fram enn neste valperiode, vil truleg uroa for karbonrisiko og sjansen for grunnstøytte fossile investeringar auke betrakteleg.

Er Noreg rusta for omstilling?

Mantraet til sittande regjering har vore å framheve kunnskapssamfunnet. Samstundes seier ein at ein veit lite om kva framtida bringer. Nokre slutningar bør ein likevel kunne gjere seg – framtida må være bærekraftig.

Ser vi til vårt naboland Danmark, finn vi eit profesjonelt apparat og ein etablert grøn forretningsteft. Landet har tatt ein tydeleg posisjon som «Den grøne staten». Dette er godt forankra i ryggmargen hjå politikarane, næringsliv og befolkninga elles. Danskane byrja arbeidet på heimebane, opparbeida seg ein heimemarknad og har no produkt, erfaringar og løysningar som kan eksporterast til andre land i omstilling. Utviklinga kjem anten Noreg vil eller ikkje, for augneblinken heng vi etter.

Løft i eigen region

«Drømmeløftet» til Innovasjon Norge kan bli eit viktig bidrag til å utarbeide ein framtidsvisjon for Noreg. Med ein felles visjon, kan kvar og ein av oss lettare identifisere behov for innsats i eigen region.

Eg drøymer om eit framtidig Hordaland som ein utsleppsfri, innovativ, grøn region, med eit robust og framtidsretta næringsliv. Vi er friskare, et gode kvalitetsprodukt frå nærliggande gardar og fjordar, har mindre fokus på materiell overflod, er meir aktive, inkluderande og har meir fritid. Vi produserer eigen straum og har lett tilgang på ein pulserande og spanande by. Ein kan puste inn frisk luft, jogge langs Fjøsangerveien, høyre på fuglesong over Danmarksplass og til slutt ta eit kjølande bad i Store Lungegårdsvatn. Og sist men ikkje minst ser framtida til våre born og borneborn lys ut.

Kva er ditt drøymeløft, for din region, din sektor og di verksemd?

Bli abonnent!

Én kommentar

  1. Avatar

    Ragnar Gohjerta

    OMSTILLINGSFORSLAG: En film om eldre som Påvirker klima-og miljø-debatten ved å fremholde følgende:
    la oss bruke parkeringsplassene i by og nærsteder til nye og bedre felles-formål f.eks. danse- og bevegelse-leker og barnekor som uttrykker omstillingsbehovene tydeligere.

    vi anbefaler at vi bevilges tilskudd til en film og webside om eldre som bruker el-trehjulsykler til daglig
    transport for innkjøp for seg selv og andre. Vi som gjør dette får oppmuntring av bilister som for det meste
    bruker sine kostbare biler til posten og for innkjøp av matvarer.
    hilsen
    Cherina og Ragnar Gohjerta
    3152 Tolvsrød

Kommentarfeltet er stengt.