Den meiningslause fossilvegen

Dei 256.000 millionar kronene E39 er kalkulert å koste kan fordelast på mange meir naudsynte prosjekt på heile Vestlandet.

At tradisjonelle vegpolitikarar på Vestlandet meiner Noreg treng ein motorveg langs skipsleia til 268.000 millionar kroner, eller 268 milliardar, er ikkje overraskande. Det har dei meint i snart 30 år, sidan Kjell Opseth for sikkerheits skuld la den såkalla Kyststamvegen inn under Jostedalsbreen i heimfylket sitt.

Men Miljøpartiet Dei Grøne har ikkje råd til å aude vekk 268.000 millionar kroner i ein ny motorveg langs skipsleia på Vestlandet. Sluttsummen blir sjølvsagt langt høgare. Det veit alle. Det finst andre ting å bruke skattepengar på når Noreg skal omstillast frå fossilt til fornybart samfunn og vi i eldrebølgja skal leve til vi blir 100 år gamle.

Svaret er rimeleg enkelt og kan summerast opp i eitt ord: sjøtransport

Vi tek sentralbanksjefen på alvor når han i sin tale til nasjonen for kort tid sidan formante oss alle om å starte med sparing umiddelbart. Aktiviteten i oljenæringen er over toppen, sa han, og såg oss djupt inn i auga. Bodskapen var klar: Oljefesten er over.

Vi tek også regjeringa sin lovnad om 40 prosent reduksjon i nasjonale klimagassutslepp innan 2030, målt mot 1990, på alvor. Det skal kuttast klimagassutslepp i mange sektorar, inkludert transport, seier regjeringa. Dette gjeld også for Vestlandet.

Så, viktige spørsmål blir: Kvifor skal fellesskapet bruke så mykje pengar for å byggje meir av noko som ikkje verkar? Kvifor ikkje bruke 268.000 millionar kroner til å byggje framtidsretta og smarte passasjer- og godstransportløysingar for heile Vestlandet?

Kvifor ikkje realorientere oss snarast råd og bli den første regionen som startar omstillingsprosessen innan transportplanlegging, bli den smarte regionen? Korleis kan dette eventuelt gjerast? Vel, svaret er rimeleg enkelt og kan summerast opp i eitt ord: sjøtransport.

To døme er batteriferjer på Sognefjorden og Short Sea Pioneer på Vestlandet.

Døme 1: Batteriferjer på Sognefjorden

I staden for å gå vidare med 268.000-millionkronervegen, mellom anna med bru over Sognefjorden, bør alle dagens konvensjonelle ferjer på Sognefjorden erstattast med batteriferjer, og ein bør auke rutefrekvensen og opprette nye ferjeruter/båtsamband. Fjorden er vedlikehaldsfri og gratis å bruke.

Byggjekostnadane for batteriferja Ampère er om lag 200 millionar kroner, inkludert landanlegga på kvar side av fjorden. Dette er eit pilotprosjekt, og kostnadene vil truleg bli lågare for bygging av standardiserte batteriferjer. Å byggje ti nye batteriferjer vil med prisen til pilotferja koste to milliardar kroner, inkludert landanlegg på dei andre ferjekaiene langs Sognefjorden.

Samla driftskostnader for tre ferjer i sambandet Lavik-Oppedal i ti år er oppgjeve til om lag 940 millionar, eller om lag 31 millionar pr. ferje/år. Med atterhald om rimeleg korrekte tal, vil samla investerings- og driftskostnader for ti ferjer såleis vere om lag 11,3 milliardar kroner over ein tiårsperiode.

I tillegg kjem samfunnsrekneskapen i området: Om bord i ti ferjer vil det vere om lag 140 arbeidsplassar, fordelt på sju personar pr. skift og to skift. Dermed sikrar vi 140 arbeidsplassar om bord og fleire titals arbeidsplassar på skipsverft og i reiarlag. I tillegg kjem eksisterande og framtidige skatteinntekter, ringverknader av handel, service og andre lokale aktivitetar i verksemder rundt ferjeterminalane og ikkje minst utvikling av miljøteknologi.

Døme 2: Flytt gods frå veg til sjø

Døme nummer to: Under den nasjonale skipsfartskonferansen i Haugesund 3. februar i år blei konseptet Short Sea Pioneer lansert. Hovudideen er å la mindre skip gå i skytteltrafikk mellom små kaier på mindre stader og laste over på større havgåande, utsleppsfrie fraktefartøy langs kysten. Desse moderfartøya forsyner byar og tettstader, samt tek unna gods til og frå EU.

Heile konseptet skal flytte meir gods frå veg til sjø og er det verktøyet eit samla politisk miljø i Noreg har venta på. Konseptet er utvikla i den maritime klyngja i Sunnhordland.

Vi kan vere i forkant. MDG foreslår at Vestlandet blir nasjonal og europeisk pilotregion for denne sjøtransportforma, at fysisk næringsutvikling planleggjast lagt til sjønære område og at godstransport på sjø skal erstatte tungtransport på veg.

Mange naudsynte transportprosjekt

Etter å ha brukt 11,3 milliardar på bygging og drift av ti batteriferjer i ti år i dømet vårt på Sognefjorden, sit vi att med om lag 256.000 millionar kroner eller meir, samanlikna med dei siste kalkylane for E39. Ein del av desse 256.000 millionane kan fordelast på mange naudsynte transportprosjekt på heile Vestlandet. Her er nokre døme:

Rassikring av utsette vegstrekningar, heilårsveg Vik-Voss, Stad skipstunnel, godstrafikk og nattog på Flåmsbana, utbetring av flaskehalsar på eksisterande hovudvegar og Bergensbana, elektrifisering av Raumabana, bygging av mindre kaianlegg, tilskot til ny godsterminal i Bergen, betre vedlikehald av vegar og kaier, Short Sea langs kysten og i fjordane, auka rutefrekvensar på ferjer og hurtigbåtar, nye null-/lågutsleppshurtigbåtar og nye båtsamband.

Ferjefri E39: Slike gigantprosjekt høyrer fortida til

Dette vil mellom anna føre til utvikling av ny teknologi, nye arbeidsplassar, vidareføring av eksisterande arbeidsplassar, stabile pendlartilhøve, turistattraksjonar og opplevingar på fjordane og langs kysten, omdømmeauke, mindre klimagassutslepp, færre trafikkulukker og kanskje til og med gratis ferje- og sjøtransport til dømes i ti år for folk flest, pendlarar og næringsliv på Vestlandet.

I tillegg vil MDG foreslå regional klimaskattlegging av trailertrafikk på og gjennom Vestlandet og dermed reduksjon av godstransport med trailerar gjennom grendene og byane våre. Gratis buss er eit anna framlegg. Kommunar både i Danmark (til dømes Lemvig) og Sverige (til dømes Okelbo) har slike ordningar, med stor suksess.

Alle tiltaksområda må kostnadsreknast både økonomisk, sikkerheits-, klima- og miljømessig og deretter prioriterast.

Pengebruken etter oljealderen

Likevel kan vi vanskeleg forsvare å bruke alle dei 268.000 E39-millionane berre på transport. Samfunnet har mange andre oppgåver som skal løysast. Eg har nemnd eldrebølgja som eit døme.

MDG ønskjer ein debatt om pengebruken i Noreg etter oljealderen til det beste for fellesskapet, framtidas verdiskaping og miljøet. Ferjefri E39 er ikkje eit prioritert tiltak for oss. Slike gigantprosjekt høyrer fortida til.