Solberg-regjeringas grøne skifte - Energi og Klima

Solberg-regjeringas grøne skifte

Når KrF og Venstre denne veka diskuterer mogleg regjeringssamarbeid med Høgre og Framstegspartiet, må dei sikte høgare enn på symbolsakene. Det vi treng er eit overodna grep på klima- og energifeltet.

Denne artikkelen er over 2 år gammel.
Foto: Trondheim Havn
Solberg-regjeringa bør ta overordna grep på klima- og energifeltet. Foto: Trondheim Havn

Ifølgje modellane som er brukt i neste hovudrapport frå FNs Klimapanel vert togradarsmålet – med dagens utsleppstakt – passert ein gong mellom 2025 og 2050. Ei klimakrise ute av kontroll kan kun avverjast om verdssamfunnet klarer å redusere forbruket av fossil energi raskare enn det prognosane no tilseier.

Når Høgre, Framstegspartiet, KrF og Venstre denne veka møtes til sonderingssamtalar, bør ein kunne forvente at klimaendringanes trugslar og moglegheiter står høgt oppe på dagsorden. Spørsmålet dei fire må finne svar på er kva framtidsscenario politikken til Solbergs første regjering skal basere seg på. Skal ein planlegge for ei fossil framtid der etterspurnaden etter norsk olje og gass vil halde fram med å stige i fleire tiår til, eller skal ein planlegge for det lågutsleppssamfunnet vi har satt oss som mål å nå?

Eg reknar med at KrF og Venstre argumenterer godt for det siste – kvifor det å vedde på klimakatastrofe er like økonomisk risikabelt som umoralsk. Vekst i fornybar energiproduksjon, høg oljepris, innføring av utsleppskrav i stadig nye marknader, klimaoppvåking i finanssektoren og køyretøy som blir meir og meir utsleppsgjerrige, er alle teikn på det same: Det grøne skiftet er i gang.

Sjå forbi einskildsakene

Ein viktig lærdom frå Stoltenbergs fleirtalsstyre er at overgangen til ein lågutsleppsøkonomi ikkje kjem av seg sjølv, og at eit reelt grønt skifte krev langt meir enn iherdig innsats frå regjeringas minste parti. SVs største klimaproblem var ikkje mangel på sigre i konfliktfylte einskildsaker, men at dei aldri fekk Arbeiderpartiet og Senterpartiet med på eit felles grønt prosjekt. Dermed blei einskildsakene aldri noko meir enn einskildsaker – aldri ein del av ei overordna strategisk tenking som alle tre partia stilte seg bak.

Resultatet er at Noreg framleis har ein retningslaus klimapolitikk, på grensa til det parodiske:

Skal ein få til politiske endringar på klima- og energifeltet som verkeleg monner, er det avgjerande at KrF og Venstre ikkje lar seg blende av løfter om kortsiktig gevinst i vanskelege einskildsaker. I staden bør dei stille krav om at klimaomstilling blir eit overordna politisk prosjekt i ei ny borgarleg regjering. Gjerne med statsminister Solberg som prosjektleiar.

Vi støtter Energi og Klima:

Innhaldsmessig må eit slikt prosjekt innebere at alle deler av regjeringas politikk justerast i tråd med klimapolitikkens togradarsmål. Her vil det måtte kome endring av energipolitikk, næringspolitikk, det statlege eigarskapet, forvaltinga av oljefondet, forsking- og utviklingspolitikk, skatte- og avgiftssystemet m.m. I tillegg bør kvar statsråd påleggas å rapportere på korleis han eller ho bidreg til å posisjonere Noreg riktig i høve til lågutsleppssamfunnet. Solbergs grøne skifte-prosjekt må vidare ha eit europeisk perspektiv, slik at Noreg blir ein aktiv medspelar – ikkje motspelar – til det grøne omstillingsarbeidet i Europa.

Om dei fire borgarlege partia ikkje klarar å samle seg om eit overordna grønt omstillingsprosjekt, risikerer KrF og Venstres 19 stortingsrepresentantar same lagnad som SV etter valet i 2005: eit liv som deltakarar i eit klimapolitisk nullsumsspel med nokre sigre her og nokre tap der. Blir det alternativet Knut Arild Hareide og Trine Skei Grande står igjen med etter sonderingssamtalene denne veka, kan dei to partia – for klimaets skuld – like gjerne bli ein del av regjeringas opposisjon.

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.