Sokkelåret: Oljedirektoratet må ta klima på alvor! - Energi og Klima

Sokkelåret: Oljedirektoratet må ta klima på alvor!

Det er uakseptabelt at eit statleg direktorat får lov til å oversjå klimaendringane i sin kommunikasjon til offentlegheita. Viss ikkje direktør Bente Nyland skjerpar seg bør Oljedirektoratet få ny sjef.

Foto: The West Hercules borerigg i Barentshavet the Barents Sea. Ole Jørgen Bratland)Ole Jørgen Bratland/Equinorcba

Tradisjonen tru innleia Oljedirektoratet året med ein grundig presentasjon av tilstanden på norsk sokkel. I rapporten Sokkelåret 2018 får ein oppdatert informasjon om forhold som oljepris, investeringsnivå, leiteaktivitet, tildelingar, kostnadsutvikling, produksjonsvolum, reservar og utbyggingsplanar. Direktoratet legg også fram nyttige prognoser for det korte bildet. I årets rapport kan ein mellom anne lese kor viktig Johan Sverdrup-feltet er for investeringsnivået på kort sikt. Feltet vil heve investeringane betydeleg i 2019, men frå 2020 – når feltet skal begynne å produsere olje – vil investeringane falle igjen. Etter Sverdrup og Castberg er det ingen store utbyggingar på blokka. Sju av ni planar for utbygging og drift som blei godkjent i 2018 var knytt til eksisterande infrastruktur.

Problemet med Oljedirektoratets rapport er at han ikkje nøyer seg med å formidle fakta. Han inneheld også ei framtidsforteljing som går ut på at berre vi finn meir olje og gass, så vil alt ordne seg. Ein bodskap som går igjen både i direktoratets pressemelding og i oljedirektør Bente Nylands presentasjon, er at det norske «olje- og gasseventyret er knapt halvveis».

Kanskje er det ønsket om nye storfunn som får Oljedirektoratet til å skildre Barentshavet som ein einaste stor snopebutikk. Det er her direktoratet forventar at nesten to tredelar av gassressursane som enno ikkje er funne, ligg. I Oljedirektoratets verd er dette pengar under bakken. «De gjenværende ressursene kan gi grunnlag for olje- og gassproduksjon i mange tiår framover», skriv Oljedirektoratet.

Utfordringa med gassproduksjon lengst nord er mangel på infrastruktur. I dag er dagens gasstransportkapasitet frå Barentshavet avgrensa til LNG-anlegget på Melkøya i Hammerfest – og kapasiteten her er sprengt fram til 2040-tallet. Skal ein få gassen frå nye felt i Barentshavet ut på marknaden, vil det vere behov for ny infrastruktur. For å legitimere nødvendige infrastrukturinvesteringar, må selskapa kjenne si besøkstid. Det må leitast meir, oppmodar Oljedirektoratet.

Oljedirektoratets framtidsforteljing kunne vore skrive på 70-talet. Ho inneheld ikkje ein einaste refleksjon om korleis klimaendringar og klimapolitikk kan påverke marknaden for norsk olje og gass dei neste tiåra. I staden vert verkelegheita framstilt som om det berre handlar om ressursar og funn. Hadde Oljedirektoratet vore eit aksjeselskap kunne Bente Nyland som administrerande direktør blitt saksøkt for å feilinformere eigarar og investorar. I retten ville ein til dømes krevd svar på kvifor direktoratet ikkje problematiserer at klimapolitikk og energiomstilling utfordrar den langsiktige etterspurnaden etter fossile råvarer. Få stadar står klimapolitikken sterkare enn i Europa – Noregs viktigaste gassmarknad. Sanninga er at EU-landa kjem til å etterspørje mindre gass i 2030 enn i 2020 og endå mindre – om noko i det heile – i 2040 og 2050.

I Noreg ligg det dessutan ein betydelig politisk risiko for at rammevilkåra for industrien vil bli endra. Langt inn i Høgre og Arbeiderpartiet vert det i dag snakka om områdevern (Lofoten) og justering av skattereglar slik at meir av den økonomiske risikoen ved leiting vert lasta over på selskapa. Blant ungdomspartia er det i dag berre to som ikkje ønsker å fase ut oljealderen. Eg meiner ikkje at Oljedirektoratet skal skrive dette i sine rapporter, men eg nemner det for å illustrere at omgjevnaden rundt oljeindustrien er i endring. Framtida til næringa blir ikkje lenger styrt av ressursar og funn åleine.

Å snakke om framtidig olje- og gassaktivitet med ein horisont som strekk seg fleire tiår fram i tid, utan å nemne klimarisiko med eit einaste ord, er i 2019 useriøst. Men det er det Oljedirektoratet gjer. Ikkje berre i førre Sokkelåret-rapport, men i all ekstern kommunikasjon. Søk på «klimaendringer» eller «klimarisiko» på direktoratets nettsider om du vil vurdere det sjølv.

Etter mi meining bryt Oljedirektoratet også oppdraget dei er satt til å løyse. I oppdragsbrevet for 2018 står det at eit av direktoratets delmål er å vere eit «nasjonalt sokkelbibliotek». Ei av dei nemnde oppgåvene er å spreie fakta og kunnskap til myndigheiter, næringa og samfunnets elles om sektorens status, behov og utfordringar. Det gjer dei ikkje når dei konsekvent berre formidler informasjon som støttar opp under førestillinga om eit evigvarande oljeeventyr. Offentlegheita har også behov for informasjon som utfordrar «idyllen». Om Bente Nyland ikkje kan gi oss det, må regjeringa gi landet ein ny oljedirektør.

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.