Når staten seier nei til klimakutt - Energi og Klima

Når staten seier nei til klimakutt

Tromsø kommune vil stille krav om elektrifisering av eit nytt oppdrettsanlegg for å unngå nye store klimagassutslepp. Staten seier nei.

FOSSIL ELLER FORNYBAR STRAUM? CO2-utsleppa frå eit oppdrettsanlegg kjem gjerne frå driften av fôrflåten. Tradisjonelt kjem straumforsyninga på slike anlegg frå dieselgeneratora, men fornybare alternativ finst. Anten i form av lokal straumproduksjon eller landstraum. Foto: Wikimediacb

Våren 2018 gav Fiskeridirektoratet Norway Royal Salmon (NRS) tilsegn om utvikling av havbruksprosjektet «Arctic Offshore Farming». Tilsegna blei sendt til Troms fylkeskommune, som har myndigheit til å avklare lokalisering av prosjektet. Det er først når fylkeskommunen er ferdig med sin behandling, at retten til drift er endeleg. Men før fylkeskommunen kan konkludere må dei innhente løyve og innspel frå sektormyndigheiter og -interessentar. Kor vidt det skal stillast spesifikke utsleppskrav i konsesjonen er til dømes opp til fylkesmannen å avgjere.

Som vertskap for det nye planlagde oppdrettsanlegget har Tromsø kommune uttalt seg. Uttalen stadfestar at den planlagde lokasjonen Fellesholmen er innanfor eit område som alt er tiltenkt akvakultur – altså er prosjektet i tråd med gjeldande arealplan. Derimot meiner kommunen at prosjektet kan kome i konflikt med ein annan plan – klimaplanen frå 2018 dersom det ikkje vert stilt utsleppskrav til prosjektet.Tromsø kommune har som mål å redusere klimagassutsleppa med 50 prosent innan 2025 og 85 prosent innan 2030 (samanlikna med 2009). Dette krev ein årleg utsleppsreduksjon på om lag 20 000 tonn CO2, mens Arctic offshore farming vil auke klimagassutsleppa med over 2 000 tonn per år. Tala er henta frå kommunens saksutgreiing.

Tromsø kommune har oppmoda fylkesmannen om å stille som vilkår for oppdrettskonsesjonen at kraftforsyninga må kome frå land og ikkje frå dieselaggregat – ei oppmoding fylkesmannen alt har avvist. 20. september 2019 gav statens representant i Troms og Finnmark den naudsynte utsleppsløyve for at Arctic offshore farming kan driftast med fossil straum. Fylkesmannen vurdering av landstraum er at det blir for kostbart .

Paradoksalt nok er løyvet som Norway Royal Salmon fekk av Fiskeridirektoratet i 2018 til å utvikle Arctic offshore farming var eit såkalla utviklingsløyve – det vil seie eit spesielt løyve med formål om «å legge til rette for utvikling av teknologi som kan bidra til å løse en eller flere av de miljø- og arealutfordringene som akvakulturnæringen står overfor».

Kan klage til Miljødirektoratet

Fylkeskommunen har enno ikkje gitt konsesjon, men ei avgjersle er venta om kort tid. Tromsø kommune, som har klaga på fylkesmannens avgjersle om ikkje å stille krav om landstraum, må bestemme seg for neste trekk. Dei kan ikkje stoppe konsesjonsbehandlinga, men dei kan gå vidare og klage fylkesmannens vedtak inn for Miljødirektoratet. Får dei medhald der må utbyggar rette seg, sjølv om fylkeskommunen i mellomtida har tildelt konsesjon.

Det er viktig at Tromsø kommune går heile vegen og klagar saka så langt dei kan. Ikkje berre er det einaste måten dei kan få gjort om fylkesmannens vedtak, det er også ein måte å få nasjonal politisk merksemd om saka. For her er det mykje å ta tak i:

  • Det verkar lit utdatert i 2019 at ein kommune berre skal vurdere oppdrettsanlegg opp mot gjeldande arealplan. Kvifor er ikkje klima/klimagassutslepp eit sjølvstendig vurderingskriterium i behandlinga av oppdrettskonsesjonssøknader?
  • Fylkesmannens avgjersle om å tillate dieselaggregat vil gjere det vanskelegare for Tromsø kommune å nå eigne klimamål. Korleis skal ein kunne ansvarleggjere lokalpolitikarar i klimapolitikken om staten tek frå dei verktøya?

Den konkrete saka nemnd i denne artikkelen er ikkje eineståande. I to andre pågåande saker har Lerøy søkt konsesjon om etablering av nye oppdrettslokasjonar i Tromsø. Desse to sakene har slik eg forstår det ikkje kome like langt, men fellesnemner er at Tromsø kommune også her har spelt inn krav om landstraum.  

Med Erna Solbergs  «Vi må gjøre mer og handle hurtigere», og klima- og miljøminister Ola Elvestuens «vi skal slutte helt med fossile drivstoff» friskt i minne, bør ein forvente at regjeringa ryddar opp.

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.