Fornuftige avklaringar om Fornybar AS - Energi og Klima

Fornuftige avklaringar om Fornybar AS

Løypemeldinga om «Fornybar AS» gir håp om at det nytenkte investeringsfondet kan bli eit viktig verktøy for kommersialisering og utrulling av klimateknologi.

Denne artikkelen er over 2 år gammel.
VIKTIGE AVKLARINGAR: Fornybar AS skal operere i eit vidt investeringsunivers, skriv regjeringa i revidert nasjonalbudsjett for 2016. Mellom anna opnar dei for at det nye fondet kan investere i fornybar energi-prosjekt i utlandet. Foto: Walt Ratterman, Sunepicba

Det var eit svært grovskissa oppdrag Stortinget gav regjeringa på tampen av fjoråret då dei i budsjettforhandlingane vedtok opprettinga av investeringsfondet «Fornybar AS». Enkelt fortalt blei regjeringa beden om å førebu opprettinga av ein fond på 20 milliardar kroner som, saman med private aktørar, skal investere i grøn teknologi. Investeringane skal gi marknadsmessig avkastning over tid.

Som Anders Bjartnes skriv er det mange avklaringar som må gjerast før Fornybar AS kan etablerast. Ikkje minst er det viktig å finne ut korleis det nye fondet skal fungere saman med det lappeteppet som allereie finst av aktørar og støtteordningar, som Enova, Investinor, Forskingsrådet, Miljøteknologiordninga, Norfund, Argentum, m.fl.

I revidert statsbudsjett gjer regjering greie for ein del overordna avklaringar om Fornybar AS som – slik eg ser det – peikar i riktig retning.

  1. Fornybar AS skal investere saman med private investorar, primært i unoterte selskap som utviklar eller nyttar grøn teknologi.
  2. Regjeringa definerer «grøn teknologi» som alle typar teknologiar som indirekte eller direkte bidreg til reduserte klimagassutslepp.
  3. Fornybar AS skal rette seg mot teknologi i overgangen frå teknologiutvikling til kommersialisering, og skal kunne ta ein noko større risiko enn det reine finansielle aktørar ville gjort.
  4. Fornybar AS skal ikkje finansiere ny kraftproduksjon i Noreg. Det viktige her er «i Noreg». Regjeringa opnar for at fondet kan investere i fornybar energi-prosjekt i utlandet. (Setninga «Regjeringen legger samtidig til grunn at aktiviteten skal ha en norsk forankring» kan tyde på at alle prosjekt må ta utgangspunkt i norske selskaps aktivitet.)
  5. Fornybar AS skal ikkje vere majoritetseigar i selskapa dei investerer i.
  6. Regjeringa ønskjer å sjå etablering av Fornybar AS i samanheng med eksisterande investeringsselskap, slik at ein slepp å bygge ein ny stor organisasjon.

Regjeringa har ikkje konkludert i spørsmålet om lokalisering, men viser til at formålet til Fornybar AS står særleg godt til investeringsmandatet til Investinor (Trondheim), men også til Argentum (Bergen). Ein får tolke dette som ein vil.

Det er detaljane i utforminga som vil avgjere om Fornybar AS blir ein suksess i tråd med Stortingets ambisjon. Derfor er det heilt greit at regjeringa brukar litt lenger tid på designjobben. Fornybar AS skal bidra til å utløyse heller enn å fortrenge private investeringar, og forsterke heller enn å svekke eksisterande støtteordningar for grøn teknologi. Det er ikkje beint fram å få det til. Men avklaringane som kom i dag viser at regjeringa er på riktig spor.

Vi støtter Energi og Klima:

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.