Fast i myra på Stadlandet – Energi og Klima

Fast i myra på Stadlandet

Myra er tolv fot djup, og dei ansvarlege for vindkrafta på Stadlandet har enno ikkje nådd halvvegs ned.

Utsikt fra vestkapp og østover. Det urørte og unike kulturlandskapet på Stadtlandet forringes når vindmøller settes opp. (Foto: Anders Waage Nilsen)

Der er ei gammal historie om ein ryttar som kom ridande langs kanten av ei myr. Ivrig etter å kome seg vidare på vegen på andre sida, spurte ryttaren ein smågut om myra hadde fast botn. Guten svarte at det hadde ho. Ryttaren spora hesten og tok beinvegen over. Men snart sokk hesten nedi myra til oppunder buken og mannen ropte: «Eg synest du sa at myra hadde fast botn?» «Det har ho,» svarte guten, «ho er tolv fot djup og du har enno ikkje nådd halvvegs ned.»

Dette er historia om Okla vindkraftverk, som no vert bygt på Stadlandet. Dei fyrste førehandsmeldingane om vindkraftverket kom i 2004, konsesjonssøknaden vart levert i 2007. I høyringsprosessen vart det levert 21 høyringsfråsegner, 17 av desse var negative. Det vart gitt ei rekkje fagleg sterke motsegner mot prosjektet. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Direktoratet for naturforvalting (no Miljødirektoratet) frårådde direkte at det vart gitt konsesjon. Konsesjon for anlegget vart likevel gitt i 2013 og stadfesta av Olje- og energidepartementet i 2015.

Mykje tyder på at konsesjonen for Okla vindkraftverk vart gitt på feilaktig grunnlag, då NVE brukte ein misvisande og villeiande miljørapport i saksgrunnlaget for tildelinga. Utbygginga skjer i inngrepsfri natur og fleire høyringsinstansar og fleire fagmiljø har påpeika at natur- og landskapskvalitetane på Stadlandet er av internasjonal verdi.

Nyleg tok leiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Ketil Kjenseth, til orde for å klimateste Okla vindkraftverk. Kjenseth skal ha honnør for utspelet, som viser at sentrale politiske miljø no er i ferd med å ta innover seg at utbygginga kan vere i strid med Noreg sine klimaforpliktingar etter Paris-avtalen. Dreneringa av terrengdekkande myr som no skjer på Stadlandet gir betydelege klimautslepp, ved frigjering av co2 frå det naturlege karbonlageret i området.

Som om ikkje alt dette er nok, vert vindkraftverket bygt med kort avstand til område som inngår i Emerald Network. Dette er område som har internasjonal vernestatus etter Bern-konvensjonen. Ei bit for bit-utbygging av areal med inngrepsfri natur som grensar til desse verneområda er utvilsamt i strid med føremålet ved konvensjonen, som er å sikre viktige naturlege leveområde for sårbar flora og fauna i Europa. I fylgje konvensjonen har Noreg dessutan forplikta seg til å ta særleg omsyn til vernet av område som er av betydning for trekkande artar. Når vi veit at ny forsking har indikert at det kan vere vesentlege fugletrekk som passerer over land ved Stad, skulle Okla-utbygginga ha vore utsett i påvente av ytterlegare undersøkingar av fugletrekket, ut frå det lovfesta føre-var-prinsippet i Naturmangfaldlova.

Prognosar for framtidig utvikling i klima og energibruk har vore ein viktig drivar for vindkraftutbygginga som vi har sett dei siste åra. Men skal vi få ei berekraftig samfunnsutvikling, må alle kjende faktorar med når prognosane skal utarbeidast. Eg skal ikkje hevde at eg kan spå i framtida, men eg tek likevel sjansen på å kome med ei enkel prognose for Okla vindkraftverk, med bakgrunn i nokre enkle, kjende faktorar:  I 2021 skal alle medlemslanda i FN sin konvensjon for biologisk mangfald møtast for å forhandle fram ein «Paris-avtale» for å stoppe det globale tapet av natur. Med sterkare internasjonale forpliktingar er det overvegande sannsynleg at Okla vindkraftverk, med si spesiell plassering tett på verneområde og fugletrekk av internasjonal karakter, vil vere eit anlegg der konsesjonær vil måtte kompenserast for pålagt produksjonsstopp. Eller sagt på ein annan måte: Staten kan verte nøydd til å betale for at vindturbinane skal stå i ro, for å oppfylle Noreg sine plikter for internasjonale naturverdiar. Synest du prognosen verkar lite sannsynleg? Vel, då skal du vite at Klima- og miljødepartementet allereie i 2016 anbefalte stenging av vindturbinar i trekksesong som eit døme på vilkår for å oppfylle Naturmangfaldlova §11 og 12.

Konklusjonen er at Okla vindkraftverk er eit prosjekt som no tryglar ansvarlege politikarar på Stortinget og i Regjeringa om å gjennomføre ein nokonlunde ærefull retrett.

Kommentarfeltet er stengt.