Ei regjering – to framtidsforteljingar - Energi og Klima

Ei regjering – to framtidsforteljingar

Tord Liens Olje- og energidepartement legg til grunn at oljenedturen er midlertidig, mens Siv Jensens Finansdepartement seier nedgangen er langvarig og strukturell.

Denne artikkelen er over 2 år gammel.
Finansminister Siv Jensen presenterer statsbudsjettet 2016 (foto: regjeringen.no)
Finansminister Siv Jensen presenterer statsbudsjettet 2016 (foto: regjeringen.no)

Framlegget til statsbudsjett viser at kriseforståinga ikkje er likt fordelt mellom departementa. I budsjettproposisjonen til Olje- og energidepartementet (OED) er det få spor til krise for norsk olje og gass. Næringa er syklisk av natur, må vi vite. Oljeprisfall har vi sett mange gangar før. Snart vil pendelen snu. I OEDs analyse heiter det:

«Det er mange store oljefelt med fallende produksjon rundt omkring i verden, noe som gjør at det kreves mye ny produksjonskapasitet for å bare opprettholde dagens oljeproduksjon. I tillegg skal eventuell etterspørselsvekst dekkes (…). Norske oljeressurser er konkurransedyktig sammenlignet med andre oljeressurser i verden. På sikt forventes det at oljeprisen skal ta seg opp fra dagens nivå. De langsiktige globale tilbuds- og etterspørselsforholdene tilsier at oljeprisnivået over tid vil understøtte en lønnsom utvikling av ressursbasen på norsk sokkel.»

At oljenedturen er midlertidig, går og igjen når OED argumenterer for auka petroleumsforsking:

«En lavere aktivitet i petroleumsnæringen som følge av lav oljepris og utsatte prosjekter, bør utnyttes til økt kompetansebygging i industrien. Regjeringens forslag til økt bevilgning til petroleumsforskning støtter opp om dette.»

OED drøftar ikkje kva slags innverknad ein strammare klimapolitikk vil ha på etterspurnaden etter fossil energi.

Krise i finans

I Nasjonalbudsjettet – Finansdepartementets dokument – er det ingen tvil: Det er oljekrise i norsk økonomi. Arbeidsløysa går opp, utgiftene går opp og petroleumsinntektene faller. I 2014 hadde Norge eit overskot på statsbudsjettet på 152 milliardar kroner. I saldert budsjett for 2015 er dette redusert til 38 milliardar kroner. For 2016 budsjetterer regjeringa med eit underskot på 4 milliardar kroner. Det må brukast meir penger frå avkastninga på investeringane til Statens pensjonsfond utland (SPU) for å få dette til å gå i hop. Oljeinntektene strekk ikkje til.

Vi støtter Energi og Klima:

Oljekrisa er ingen dupp, ifølge Siv Jensens departement. Finansdepartementet heller kaldt vatn i blodet til alle dei som trur situasjonen vi no står midt oppi er midlertidig.

«Fallet i etterspørselen fra oljenæringen vil også sette vår evne til omstilling på prøve. Lavere aktivitet i oljenæringen er ikke et kortvarig konjunkturfenomen, men en mer langvarig strukturell endring.»

Og vidare:

«Samtidig som den økonomiske utviklingen er viktig for etterspørselen etter olje, vil også bruk av andre energikilder og teknologisk utvikling blant annet i transportsektoren påvirke etterspørselen etter olje på lengre sikt.»

Ad

Finansdepartementet viser også til at klimapolitikk og andre politiske grep er i ferd med å gjere industri og transport i viktige marknader mindre oljeavhengig.

«Utviklingen i Kina har stor betydning for verdensmarkedet for olje og andre råvarer. (…) Det internasjonale energibyrået (IEA) anslår veksten i verdens etterspørsel etter olje til om lag 1,2 pst. i gjennomsnitt per år fram til 2020. Det er betydelig lavere enn i årene før finanskrisen, men fortsatt høyere enn anslaget for veksten i produksjonen. Kinas andel av denne veksten anslås å avta fra over én tredel i perioden 2003–2012, til én firedel i løpet av de neste årene. Lavere vekst i etterspørselen etter olje fra Kina gjenspeiler svakere økonomisk vekst, men også at produksjonen gradvis har blitt mindre oljeintensiv.»

Spørsmålet Finansdepartementet burde stilt seg, er kva som skjer med oljeetterspurnaden når klimapolitikken vert skjerpa ytterlegare, og ny teknologi for alvor begynner å presse fossilt drivstoff ut av transportsektoren. Men Siv Jensens byråkratar er meir realitetsorienterte enn kollegene i OED.

I Olje- og energidepartementet reflekterer dei ikkje i det heile over at oljeintensiteten i verdas største vekstøkonomi går ned. Det einaste OED skriv om Kina er at det siste børskrakket er ein av faktorane bak dei låge oljeprisene. Bodskapen er at vi må smøre oss med tålmod:

«Det vil kunne ta noe tid å gjenopprette balanse i markedet».

Her er vi ved kjernen av norsk klima- og energipolitikk: Verda er i rask endring, men i Olje- og energidepartementet går livet sin vante gang. Klimaendringar, klimapolitikk, desentralisert fornybarrevolusjon, nullutsleppsteknologi i transportsektoren – alt prellar av! Heller ikkje åtvaringar frå kollegaer i Finansdepartementet ser ut til å gjere inntrykk på Tord Liens mannskap. I OED er politikken designa rundt ein naturlov som sikrar evig vekst og lønsamheit for norsk olje og gass.

Ny petroleumspolitik

Regjeringas budsjettframlegg inneheld mange gode einskildtiltak for klima og grøn omstilling, som ekstraoverføring til Klimateknologifondet og redusert el-avgift for datasentre og ferjer. Men alt i alt er det for smått og tilfeldig. Det er som om regjeringa ikkje har bestemt kva for framtidsforteljing dei skal gå for – Finansdepartementets eller OEDs.

Når opposisjonspartia no utarbeidar sine alternative statsbudsjett, er det viktig å parkere Olje- og energidepartementets fossile vekstambisjonar. Det er ein føresetnad skal vi lukkast med ein gjennomgripande grøn omstilling av samfunnet.

Ei naturleg oppfølging av Finansdepartementets analyse er å legge petroleumspolitikken på bordet. I dag styrer Erna og Siv etter dei raudgrønes Petroleumsmelding (2011) – ei melding som blei lagt då verda trudde 100 dollar fatet var det nye prisgolvet. Vi treng ein petroleumspolitikk som er tilpassa den nye marknadssituasjonen, med redusert lønsamheit og i verste fall bortfall av ekstra avkastning – grunnrente – på framtidig olje- og gassutvinning.

For å redusere faren for at samfunnet kastar gode pengar etter dårlege prosjekt, bør selskapa dekke meir av investeringane sjølve. Det opplagte grepet er å stramma inn oljeselskapas friinntekt. Då vil meir av risikoen for overskridingar flyttast frå norske skattebetalarar til selskapa. Ein bør også endre den gunstige leiterefusjonsordninga som i dag bidreg til milliardoverføringar frå fellesskapet til oljeselskapa, også dei som aldri kjem i skatteposisjon. Pengane kan brukast betre på andre område.

Grøne skattar og fornybar energi

Budsjettet for 2016 bør og vere meir offensivt når det gjeld grøne skattar og avgifter. Ikkje minst gjer oljeprisfallet at tida no er overmoden med tanke på ei auke i avgiftene på fossilt drivstoff. Dette heng dessutan godt saman med regjeringas eige mål om å redusere utslepp frå transportsektoren. Det er ingen grunn til å vente på Grøn Skattekommisjon for dette.

Stortinget bør rette blikket utover. Spørsmålet er kva Noreg kan gjere for å få fart på utrullinga av fornybar energi i utviklingsland. Her har Scatec Solar, Zero m.fl. spelt inn gode forslag tidlegare. Det handlar om å få på plass ordningar som kan avlaste både politisk og finansiell risiko for norske verksemder som investerer i fornybar energiproduksjon i utviklingsland.

Solenergi i Noreg fortener også ein plass i statsbudsjettforhandlingane. Noreg har ikkje stort behov for ny kraft, men vi har behov for den innovasjonen som følgjer i kjølvatnet av desentralisert kraftproduksjon. Her er Noreg bakpå i dag. Derfor må Stortinget sørga for at solcelleutbygging på norske hustak ikkje stopper opp på grunn av nye støtteordningsreglar frå NVE. Skal Noreg vere ein del av det globale grøne skiftet, må vi også adoptere dei nye energiteknologiane som har størst vekstkraft globalt.

Men viktigast av alt er som sagt erkjenninga av at krisa vi står midt oppi ikkje er midlertidig, og at norsk olje og gass har starta den lange reisa inn i solnedgangen. Det er eit ansvar alle partia på Stortinget har ansvar for å formidle.

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.