Borgarleg klimakrise under oppsegling? - Energi og Klima

Borgarleg klimakrise under oppsegling?

Mangel på retning og leiarskap – ikkje milliardar – er det største problemet med regjeringas klimapolitikk.

Denne artikkelen er over 2 år gammel.
Foto: Statsministerens kontor
Høgre og FrP-regjeringa  lanserte åtte satsingsområde då dei tiltredde. Klima var ikkje blant dei åtte. Foto: Statsministerens kontor

Forslag til statsbudsjett for 2015 har reist ny debatt om regjeringas ambisjonsnivå og gjennomføringsevne på klimaområdet. Høgre og Frp håpar nok at kritikken vil gå over berre KrF og Venstre får flytta nokre milliardar i budsjettforhandlingane. Men er det så enkelt?

Regjeringas klimaproblem starta for eitt år sidan – ved framlegginga av regjeringserklæringa. Høgre og Frp lanserte åtte satsingsområde, men ingen gjekk på klima eller omstilling til lågutsleppssamfunnet. Kritikken hagla, også frå samarbeidspartia i sentrum. Etter det har regjeringspartia slitt med å kome på offensiven.

Erna Solbergs mantra er at «denne regjeringen gjør betydelig mer på klimaområdet enn tidligere regjeringer». Det kan godt hende, men når blei Jens Stoltenberg målestokk for ein offensiv klimapolitikk? Den brutale sanninga er at verda har ekstremt dårleg tid. IPCC konkluderte i vår at klimagassutsleppa må reduserast med 40-70 prosent samanlikna med 2010-nivå innan 2050, dersom vi skal ha eit håp om å nå togradarsmålet. Fram mot 2100 må utsleppa ned mot null.

Som statsminister er det Erna Solbergs ansvar å heve ambisjonane til eit adekvat nivå og sørge for at alle politikkområde vert involvert i arbeidet med å avkarbonisere økonomien. Til no har ho ikkje lukkast.

  • Regjeringa hadde moglegheit til å gjere oljefondet grønare. Men då debatten raste i fjor vinter om fondets fossile eksponering, viste regjeringa null initiativ. At dei til slutt gjekk inn for sette ned eit ekspertutval som skulle vurdere fossilt nedsal skuldast ikkje politisk semje på borgarleg side, men at Høgre og Frp ville hindre at KrF og Venstre røysta for Arbeidarpartiets kullforslag. I debatten om oljefondet som grøn investor har Solberg unngått å gjere det heilt openberre – og som FN oppmodar alle institusjonelle investorar om å gjere: å opne opp for at delar av fondets portefølje kan investerast direkte i grøne infrastrukturprosjekt (slik ein har gjort med fast eigedom).
  • Regjeringa hadde moglegheit til å utnytte stortingsfleirtalets vilje til å elektrifisere Utsira til å sparke i gang ei etterlengta industriell havvindsatsing i Noreg. Men i staden for å sjå moglegheitene eit elektrifiseringskrav kunne gi, brukte Høgre og FrpP mesteparten av tida til å opponere mot opposisjonens forslag. Dei mista regien.
  • Regjeringa hadde moglegheit til å gjere statens mange verksemder til «agentar» for eit grønt skiftet. Men då dei la fram den nye eigarskapsmeldinga før sommaren var det med eit syltynt avsnitt om klima. Det stod ingenting om korleis staten ser for seg å bruke sitt omfattande eigarskap i klimaets teneste, eller kva rolle Statoil og andre selskap bør spele i overgangen til lågutsleppssamfunnet.
  • Regjeringa hadde moglegheit til å gjere Noreg til ein grøn drivkraft i Europa. Men då dei skulle velje side i kampen om EUs framtidige klima- og energipolitikk var det kortsiktige gassinteresser som fekk definere dei norske posisjonane: Ja til klimamål og kvotemarknad – nei til mål om fornybarutbygging og energieffektivisering.
  • Regjeringa hadde moglegheit til å stå fram som ein ambisiøs statsleiar under årets klimatoppmøte i New York. Men talen Erna Solberg heldt var blotta for nytenking. Han var prega av det heilt sjølvsagde (Noreg er tilhengar av CO2-pris), meir av det vi allereie gjer (vern av regnskog) og oppfølging av tidlegare forpliktingar (bidrag til det grøne klimafondet). Som avslutning lova ho at Noreg «will do its part» fram mot Paris 2015. Ho kunne like gjerne lagt til: «Og det meiner vi at vi gjer allereie».

Den blå regjeringas første statsbudsjett kunne demonstrert eit taktskifte i norsk klimapolitikk. I staden blei budsjettframlegget ei forlenging av lista over. Hovudproblemet er at klima vert behandla som eit heilt ordinært politisk tema, med pluss og minus, og ikkje som ei ramme for all politikk. Det er godt mogleg problemet er klimafornektarar i Frp, men ansvaret ligg hos Erna Solberg. Ho er sjefen, og ho er den som kan seie i frå også når embetsverket i dei ulike departementa ikkje dreg i same lei.

KrF og Venstre fekk i samarbeidsavtalen med Høgre og FrP løfte om ein «offensiv klimapolitikk». Det har dei enno ikkje fått. Det skal ikkje så mange skuffelsar til før dei to sentrumspartia sjølve må svare for seg: kan de halde fram med å støtte ei regjering som ikkje gjer nok på klimaområdet?

I talen til Høgres landsmøte i 2013 sa Erna Solberg at klimautfordringa er «vår tids største utfordring». No er Solberg statsminister. Om ho meinte det ho sa, er tida inne for å vise det.

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.