Arbeidsjernet frå Ankara

Mykje av framgangen til IEA det siste tiåret er knytt til sjeføkonom Fatih Birol, som sidan august er energibyråets toppsjef. Vil han lykkast i å sikre IEA ei viktig rolle i den globale klimapolitikken?

Som eit lærestykke i moderne PR-kunst presenterte Det internasjonale energibyrået (International Energy Agency; IEA) ei ny 700-siders utgåve av World Energy Outlook i London førre veke. Dette er referanserapporten som gjennom dei siste åra har blitt ein hjørnestein i det retoriske forsvarsverket for dei veletablerte delene av olje- og energinæringa. Med World Energy Outlook legg IEA viktige premiss for strategiutviklinga i olje- og energiselskapa, for petroleumspolitikken i Noreg og for energi- og klimapolitikken i mange land verda over.

IEA blei etablert i 1974 for å ivareta vestlege forbrukarland sine interesser for stabilitet i energiforsyninga etter det første store oljeprissjokket. Gjennom åra er aktiviteten utvida til å omfatte økonomisk utvikling, miljø- og klimaomsyn. Med hovedkontor i Paris, er IEA organisert som eit slags underbruk av OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling). IEA tener interessene til i alt 29 industrialiserte, vestlege medlemsland, som alle er storforbrukarar av petroleum.

Etter ei rivande utvikling dei seinare åra blir IEA i dag lytta til og nemnt av politikarar og industrileiarar over heile verda. Slik har det ikkje alltid vore. Ei av forklaringane er at samanhengar mellom energitryggleik, vekst og velferd har kome på dagsorden for politikarar i stadig fleire land. I tillegg har klimautfordringa auka etterspurnaden etter verdsomspennande vurderingar av status og utsikter for energisituasjonen. Med godt tilpassa kompetanse, medviten strategisk posisjonering og god marknadsføring er IEA blant aktørane som har utnytta desse trendane aller best.

Omfattande analysearbeid

Etter stor innsats i leiande posisjonar for analyseverksemda i IEA gjennom to tiår skal Fatih Birol ha sin del av fortenesta for denne utviklinga. Under Fatih Birol sin leiarskap som sjeføkonom har IEA utvikla ein analyseorganisasjon som i dag produserer eit rikt sett av regelmessige og tematiske rapportar, omfattande datasett og skreddersydde tenester. World Economic Outlook er i dag dermed berre toppen av isfjellet, eller flaggskipet i ein svær kortesje av analyseprodukt.

Mykje tyder på at høge ambisjonar er ei viktig forklaring bak den raske framveksten av IEA i det internasjonale energisamfunnet. Ikkje minst er dette inntrykket knytt til Fatih Birol, som står fram som ein mann med sterk vilje og oppdrift.

Han blei fødd i Ankara i 1958, og fekk seg ein bachelor-grad i ingeniørfag frå universitetet i heimbyen, før han seinare drog til Austerrike og tok mastergrad og doktorgrad i energiøkonomi ved Universitetet i Wien. I Wien arbeidde Birol i nokre år for Opec-sekretariatet før han begynte i IEA i 1995. Her har han gått gradene, og har vore sjeføkonom i nærmare 15 år.

Med Fatih Birol som gallionsfigur blir IEA sine analyser hardt marknadsført nett slik det høver seg i eit moderne multimediesamfunn. Birol er svært flittig på konferansefronten, gir stadig interju for papir-, nett- og TV-medium, og både han og IEA er i tillegg ivrige på sosiale plattformar for kommunikasjon. Opplegget rundt lanseringa av World Energy Outlook førre veka nærmar seg såleis ei oppvisning i moderne PR-kunst.

Respektert premissleverandør

IEA nyt i dag stor respekt som premissleverandør i stadig viktigare fora av industrileiarar og politikarar over heile verda. Regjeringer og organisasjonar har dekorert Fatih Birol med ei rekke prisar og medaljar for innsatsen han har gjort for IEA, for forståinga av koblinga mellom energi- og klimasituasjonen i verda og for arbeidet med å styrke bruken av økonomifaget på energiområdet.

Som om ikkje dette var nok, så overtok Fatih Birol like godt stillinga som toppsjef for heile IEA i august i år. I praksis har han likevel vore toppfiguren i mange år. Kven har vel høyrt om Maria van der Hoeven, som var direktør fram til i år – eller Nobuo Tanaka, som var direktør før ho? Som stjerna på IEA-laget er det Fatih Birol som har scora måla, og no har han fått kapteinsbandet.

Den imponerande karrieren står på sett og vis i kontrast til framtoninga, som er enkel og likesæl, med glimt i auget og ein venleg replikk til alle han møtar. Birol elskar fotball, og i 2013 fekk han æresmedlemskap i favorittklubben Galatasaray. Men bak den folkelege fasaden anar ein konturane av ein ærekjær og ambisiøs analytikar, med stor arbeidskapasitet og ein vilje av stål.

Vil Birol lykkast som politikar?

Men no er Fatih Birol IEA-direktør, og dette er noko anna enn sjeføkonom. Den nye rolla føreset eit eige sett av eigenskaper – som diplomat og statsmann. Spørsmålet blir difor om Birol kan lykkast like godt som politikar som analytikar. Han brukar sjeldan manuskript når han taler, og er ikkje like elegant og polert som mange av dei som i dag har topproller i det internasjonale politiske landskapet. Til gjengjeld manglar Fatih Birol lite når det gjeld kompetanse og kapasitet. I tillegg kjem ein stor porsjon sjarm og eit enormt nettverk av ressurssterke nøkkelpersonar. Spørsmålet er om det er nok.

Eit døme kan tene som illustrasjon. I forkant av klimatoppmøtet i Paris no i desember har 131 land så langt meldt inn nasjonalt bestemte mål (INDC) for reduksjon i CO₂-utslepp i perioden etter 2020. Tanken er at CO₂-utsleppa i enkeltland skal bli overvåka og evaluert mot desse måla, og vonaleg vil måla over tid bli utvida og innstramma for etter kvart å bringe verda stadig nærmare 2-gradersmålet for global oppvarming. Til dette treng ein truleg ein overnasjonal organisasjon med tillit og truverd, som har kompetanse til å måle, aggregere og evaluere. Det meste tyder på at IEA no er i ferd med å posisjonere seg for ei sentral rolle i dette arbeidet.

Ei av utfordringane i denne samanhengen er at IEA er ein organisasjon som er utgått frå den rike delen av verda, og som i dag er avgrensa til 29 medlemsland. På den andre sida har FN sitt klimapanel heile 195 medlemsland, og berre eit bittelite mindretal av desse er i dag medlemmar av IEA.

At IEA ikkje ser dette som avgjerande er til lita nytte, sjølv om dei skulle være klare til å ønske fleire medlemmar velkomne om bord. Den enkle grunnen er at ei av dei verkeleg viktige konfliktlinjene i klimaforhandlingane hittil har gått mellom industrialiserte land på den eine sida, og framvoksande økonomiar og utviklingsland på den andre.

Spørsmålet blir dermed om IEA har sjanse til å opparbeide den naudsynte tilliten for ei slik rolle. Slike utfordringar ligg bortanfor det energi- og økonomifaglege domenet der Fatih Birol hittil har boltra seg, og vil kreve eit anna sett av eigenskaper enn dei han så langt har demonstrert.

Dei siste åra har IEA lansert World Energy Outlook for pressa i London, før sjeføkonom Fatih Birol har turnert verda over det neste halvåret med rapporten under armen. I år har sjeføkonomen teke over stillinga som toppsjef for IEA, men så langt held han koken som gallionsfigur for analysearbeidet i IEA.

Med aukande uro i energimarknaden, skjerpa krav om vekst og velferd og sterke interessemotsetnadar rundt klimautfordringa blir det ekstra spanande å følgje med IEA under Fatih Birol sin leiarskap i åra som kjem.

Til Oslo kjem Fatih Birol mandag 23. november for å presentere World Energy Outlook 2015 under Statoil sin Haustkonferanse.