Utanlandskabel for kraft og fiber

I debatten om utanlandskablar bør energiminister Tord Lien krysse eigen sektorgrense. Kan framtidige kablar frå Noreg til Europa levere både straum og Internett?

Ein viktig del av norsk energidebatt handlar om tilknyting mot Europa. Energiminister Tord Lien (FrP) har allereie markert overfor EU at norsk vasskraft bør vere ein del av EU sin indre marknad for energi og eventuelle framtidige kapasitetsmarknadar. Når sola ikkje skin og vinden ikkje bles i våre naboland, bør norsk oppmagasinert vasskraft bidra til å sikre kraftforsyninga.

Statnett, som enno har monopol på bygging av utanlandskablar, har i dag planar om to nye kablar: ein mot Tyskland som skal stå klar i 2018 og ein til England som skal vere i drift innan 2020. Prislapp for dei to prosjekta er 18 milliardar kroner. Investeringsavgjersle er venta i 2014.

Knytter sammen Norge og Danmark: Skagerrak4 skal tas i bruk i 2014 (foto: Statnett).
Knyt Noreg og Danmark saman: Skagerrak4 skal tas i bruk i 2014 (foto: Statnett).

Debatten om norsk tilknyting til den europeiske kraftmarknaden må likevel ikkje stoppe med Statnetts to kabelplanar (som kvar har kapasitet på 1400 MW). Sjølv om det har vore storstilt fornybarutbygging dei siste åra, står Europa framleis i strartgropa til den grøne energiomstillinga. Det skal byggast ut langt meir sol- og vindkraft fram mot 2030 – dette representerer eit enormt moglegheitsrom for norsk fornybarbransje.

Eksisterende og planlagte  utenlandskabler fra/til Norge, kapasitet i MW. Planlagt ferdigstillelse av nye kabler: Danmark 2014, Tyskland 2018, Storbritannia 2020. Kilde: Statnett (Ill: Norsk Klimastiftelse/Haltenbanken)
Eksisterende og planlagte utenlandskabler fra/til Norge, kapasitet i MW. Planlagt ferdigstillelse av
nye kabler: Danmark 2014, Tyskland 2018, Storbritannia 2020. Kilde: Statnett (Ill: Norsk Klimastiftelse/Haltenbanken)

I motsetnad til sin forgjengar bør Tord Lien opne opp for at andre aktørar enn Statnett kan bygge utanlandskablar – slik NorthConnect forsøkte i førre stortingsperiode. For å redusere kostnadane til framtidige prosjekt bør han dessutan orientere seg utover eigen sektor, og gå i dialog med ei anna næring som er oppteken av utanlandskablar: IKT.

To næringar med felles interesse

Overvaking er IKT-sektorens klimatrugsel. I kjølvatnet av Snowden-avsløringane har debatten om den svenske FRA-lova blussa opp igjen. FRA-lova har sidan 2009 gitt svenske myndigheiter heimel til å spane på all elektronisk kommunikasjon som passerer riksgrensa. For Noreg er dette problematisk fordi nesten all internettrafikk mellom Noreg og utlandet går via kablar til Sverige. I Danmark diskuterer dei bygging av nye utanlandskablar for å unngå svensk kommunikasjonskontroll, og her heime har Venstre foreslått det same. IKT-næringas eigen bransjeorganisasjon, IKT-Norge, vil veldig gjerne ha ny nettlinje ut av landet. Generalsekretær Per Morten Hoff seier dette til DN (3.12.2013):

«Norge burde sikre at vi har kapasitet ut av landet som vi rår over 100 prosent. Vi bør ha egne linjer som går direkte til kontinentet».

Fleire nettlinjer mot utlandet ville dessutan vore eit bidrag til at grøne datasentre i Noreg blir meir konkurransedyktige.

Det er med andre ord to viktige næringsinteresser i Noreg – energi og IKT – som ønskjer det same: fleire kablar mot Europa. Eg veit ikkje kva eigenskapar slike kablar må ha, men her må det vere mogleg for aktørar frå dei to næringane å snakka saman. Går det an å utvikle felles prosjekt for bygging av utanlandskablar med plass til både megawatt og megabyte?

Tanken er ikkje ny. Statnett har allereie lagt svart fiber i straumkabelen Skagerrak 4 mellom Noreg og Danmark, men i dei planlagte kablane mot Tyskland og England verkar ikkje fiber å vere aktuelt. Det framstår difor veldig tilfeldig om ein inkluderer andre samfunnshensyn i planlegginga av kraftkablar mot utlandet. Det er synd. Kanskje er det enklare å tenke fleirbruk i nye prosjekt med nye aktørar?

Ballen sendes Tord Lien og Per Morten Hoff.