Usikker framtid for Canadas oljesand - Energi og Klima

Usikker framtid for Canadas oljesand

Låg oljepris, ein meir klimavenleg statsminister i Justin Trudeau og Obamas nei til Keystone XL . Canadisk oljesand har hatt betre tider.

Denne artikkelen er over 2 år gammel.
GAME OVER? Ikkje berre slit Canadas oljesand med låg oljepris. Utan ny infrastruktur risikerer dei ”innelåste” ressursane i Alberta å bli verdilause, hevdar forfattaren.Kilde: Royal Dutch Shell cba

Det TransCanada trudde var ein rutinesøknad hausten 2008 skulle vise seg å bli eit av dei største stridsspørsmåla i amerikansk miljøpolitikk. Søknaden gjeldt bygginga av Keystone XL – ein ny røyrleidning som skulle frakta canadisk oljesand til amerikanske oljeraffineri på Gulfkysten i Texas, og vidare ut på verdsmarknaden.

Det blir ingen Keystone XL – iallfall ikkje i denne omgang. Etter sju år med fleire rundar i rettsapparatet, demonstrasjonar, utbyggingsvedtak i Kongressen og endelause utgreiingar, kunngjorde Obama førre fredag at hans administrasjon har sagt endeleg nei til bygging av den nesten 1900 km lange røyrleidninga. Obamas grunngjeving bygger på fire punkt:

For det første – USAs økonomiske interesser:

«The pipeline would not make a meaningful long-term contribution to our economy. So if Congress is serious about wanting to create jobs, this was not the way to do it».

For det andre – pumpeprisar:

«The pipeline would not lower gas prices for American consumers. In fact, gas prices have already been falling — steadily.»

For det tredje – energitryggleik:

Vi støtter Energi og Klima:

Shipping dirtier crude oil into our country would not increase America’s energy security. What has increased America’s energy security is our strategy over the past several years to reduce our reliance on dirty fossil fuels from unstable parts of the world.»

For det fjerde – klima:

«America is now a global leader when it comes to taking serious action to fight climate change. And frankly, approving this project would have undercut that global leadership. And that’s the biggest risk we face — not acting».

Keystone XL er ikkje viktig for USA, men ho er svært viktig for Canada og landets oljeindustri. Faktisk så viktig at tidlegare statsminister Stephen Harper ikkje berre brukte diplomatiske kanalar for å påverke Obama-administrasjonen, men også meir enn 20 millionar dollar på ein reklamekampanje i Washington.

Ad

Canada produserer i overkant av 2 millionar fat oljesand per dag. Dette vert sendt til oljeraffineri i USA og Canada i røyr og med tog. Keystone XL er ikkje eit spørsmål om handtering av eksisterande produksjon, men om den planlagde produksjonsveksten. Energimyndigheitene i Alberta reknar med at oljesandproduksjonen vil nå 4 millionar fat per dag i 2024, mens IEA, i sitt hovudscenario, spår 3,1 millionar fat per dag i 2025 (WEO2015).

Konfliktfylte alternativ

Utan ny infrastruktur risikerer Canadas «innelåste» oljesandressursar i Alberta å bli verdilause. Så kva er alternativa til Keystone XL?

Det eine er å auke kapasiteten på jernbanen. Men av omsyn til kostnader, effektivitet og sikkerheit er det ikkje det industrien ønsker seg primært. Canada har dessutan Lac-Megantic-ulukka friskt i minne. Sommaren 2013 raste 74 tankvognar med råolje inn i byen Lac-Megantic. Det blei ein kjempeeksplosjon og 47 personar døydde.

Alternative røyrleidningsprosjekt som ikkje kryssar den amerikanske grensa finst også, men ingen er problemfrie. Snarare tvert imot. Her er tre av dei:

Northern Gateway: Utbyggar er Enbridge. Røyrleidninga er tenkt å frakte oljesand frå Alberta til Kitimat på Canadas vestkyst. Distansen er relativt kort, men området høgst problematisk. Dette er canadiske Rocky Mountains. Northern Gateway er godkjent av myndigheitene – men med godkjenninga følgjer ikkje mindre enn 209 miljøkrav. I tillegg møter prosjektet motstand frå fleire urfolkgrupper. Domstolane er allereie i sving. Ei endeleg investeringsavgjersle er enno ikkje tatt, og kanskje vil det heller aldri skje. Nyvalt statsminister Justin Trudeau dreiv valkamp mot prosjektet.

Trans Mountain: Kinder Morgan Energy ønsker å triple kapasiteten på ein eksisterande røyrleidning vestover frå Alberta til Burnaby (like ved Vancouver). Men også her er domstolane kopla inn – etter påstandar om at aboriginske interesser har blitt krenka i prosessen til no. Mindre kontroversielt enn Northern Gateway, men høgst usikkert.

Energy East: Dette er TransCanadas andre store infrastrukturprosjekt. Forslaget går ut på å frakte oljesand frå Alberta til den canadiske austkysten. Prosjektet rammar landområda til ikkje mindre enn 180 ulike urfolkgrupper. Det kan bli krevjande for TransCanada å få det statsminister Trudeau kallar «a social license». Eit anna problem er prislappen. Prosjektet vil venteleg koste 12 milliardar dollar – 4 milliardar meir enn Keystone XL.

Å utvinne oljesand er noko av det dyraste eit oljeselskap kan gjere. Saman med oljeutvinning i Arktis og på særleg djupe vatn er dette industriens svakaste ledd når oljeprisane fell. Canada har det siste året opplevd mange prosjekt bli utsett på grunn av prisfallet, noko som blir poengtert av IEA i siste World Energy Outlook. For selskapa som har investert tungt i Canadas enorme oljesandreservar er resultatet nedskrivingar i milliardarklassen.

Obamas Keystone-avgjersle er ei påminning til oljeindustrien om at framtida til oljesand kan bli verre. For klimaet er det godt nytt.

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.