Ureieleg Lofoten-kritikk

Høgres kritikk mot LO-forbunda som seier nei til oljeutvinning utanfor Lofoten er ureieleg.

Stadig fleire LO-forbund vender ryggen til framtidig oljeutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Sist ut er Handel og Kontor. Ifølge forbundsleiar Trine Lise Sundnes er det ikkje grunnlag for konsekvensutgreiing når LO-kongressen samlast i mai neste år. Leif Sande i Industri Energi er naturlegvis ikkje einig.

Fagrørslas Lofoten-diskusjon er viktig. I beste fall kan det bidra til at Arbeidarpartiet også snur. Skjer det vil Jonas Gahr Støre gjere seg langt meir attraktiv for potensielle samarbeidspartnarar etter valet – også for partia i sentrum. Det blir ikkje lett for Venstre og KrF å stå last og brast med Høgre/Frp om desse to er dei einaste på Stortinget som ønsker oljeutvinning i Lofoten.

Høgres Tina Bru kallar LO-forbunda som vil verne Lofoten usolidariske. Eg opplever normalt Bru som ein av Stortingets mest kunnskapsorienterte energipolitikarar, men her bommer ho. For arbeidstakarar i oljå som i dag har ein usikker framtid, er det ingen trøyst å hente i Lofoten. Konkraft illustrerer kvifor i rapporten Norsk sokkel i endring (sjå figur 5.1).

Konsekvensutgreiing er inngangsbilletten til oljeutvinning i eit nytt område. Men sjølv om billetten skulle vere klar i 2018, er det langt fram før ein eventuell oljeproduksjon kan starte:

Etter konsekvensutgreiinga kan området formelt opnast for aktivitet. Deretter kan selskapa nominere blokkar – før regjeringa lyser ut blokkar. Så følgjer tildeling av lisensar, seismikksamling og leiteboring. Om selskapa gjer funn som er kommersielt interessante, må dei utarbeide plan for utbygging og drift (PUD). For prosjekt som kostar meir enn 20 milliardar kroner er det Stortinget som må godkjenne PUD’en – med alt den “støyen” det fører med seg. Mindre prosjekt vert behandla av regjeringa åleine. Når PUD’en er godkjent startar siste etappe før olje- eller gassproduksjonen kan ta til – utbyggingsfasen.

Dersom Stortinget seiar ja til konsekvensutgreiinga i 2017, og alle påfølgjande prosessar skjer i tur og orden – utan opphald eller forseinkingar – etter det, kan produksjonsstart kome i gang rundt 2030. Men sjansane er langt større for at det skjer seinare. Ikkje minst vil det hefte ein enorm politisk usikkerheit til Lofoten heilt fram til produksjonsstart – uavhengig av kva Stortinget finn på i neste periode. Etter 2018-valet er det minst tre regjeringsplattformar, og like mange partiprogram, som skal forhandlast fram.

Å bruke omgrep som solidarisk og usolidarisk om Lofoten er misvisande – men om noko skulle oppfattast som usolidarisk, så er det å nedkjempe arbeidsledigheit i 2016 med tiltak som tidlegast kan gi effekt først i 2030.