Tysk satsing på sol+batteri gir resultat - Energi og Klima

Tysk satsing på sol+batteri gir resultat

På eitt år har 4000 batterilagringssystem for småskala solenergi blitt installert i Tyskland.

Denne artikkelen er over 2 år gammel.
Batterilagring - kl 20
Desentralisert energilagring: Stadig fleire tyskarar installerer no småskala batterisystem for lagring av solenergi. Illustrasjon: die-sonne-speichern.de

I mai 2013 etablerte den tyske uviklingsbanken KfW, i samarbeid med miljøverndepartementet BMU, eit program som skulle få fart på desentralisert energilagring i Tyskland. Programmet gir økonomisk støtte til tyske hushald som ønskjer å gå til innkjøp av batterilagringssystem for solcelleanlegg. Støtte kjem i form av gunstige lån eller tilskot. For å kvalifisere for støtte må anlegget ikkje overstige 30kW eller vere registrert før 31.12.2012.

Allereie etter to månader kunne KfW rapportere om stor pågang frå tyskarar som ønsker å lagre flyktig solenergi. Etter eitt år er om lag 4000 batteri+sol-system installert. KfW har gitt lån og tilskot for cirka 76 millionar euro, ifølgje Bundesverband Solarwirtschaft.

Sjølv om 4000 batterilagringssystem er lite i høve til talet på tyske hus med solceller, er det venta at etterspurnaden vil ta seg yttarlegare opp i 2014.

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.