Tid for å diskutere statens eigarskap i Statoil - Energi og Klima

Tid for å diskutere statens eigarskap i Statoil

Statoil går så det griner. Det gir oss ei god anledning til å diskutere statens eigarskap i den norske oljegiganten.

4 kommentarer
Godt resultat: På Statoils kapitalmarkandsdag 7. februar 2018 kunne konsernsjef Eldar Sætre presentere eit årsresultat som var tre gongar betre enn året før.

Eldar Sætre har grunn til å smile. På kapitalmarknadsdagen i London kunne Statoil-sjefen presentere eit driftsresultat (før skatt) på 12,6 milliardar dollar – mot 4,1 milliardar dollar i 2016. Det er summen av reduserte kostnader (inkludert reduserte investeringar), produksjonsvekst og ein stigande oljepris som bidreg til det gode resultatet. Får vi ein oljepris på 70 dollar per fat forventar Statoil ein fri kontantstraum på 12 milliardar dollar fram til 2020.

For staten som største eigar er Statoils finansielle snuoperasjon ein god nyheit, og det er god grunn til å rose Sætre for leiarskapet han har utøvd dei siste åra. Når pengane igjen renner inn i Statoil-kassa, blir det også rom for meir utbytte til eigarane. Staten får også høgare skatteinntekter.

Men – sjølv om pilane no peikar oppover for norsk olje og gass er det inga grunn til tru at faren for ein meir langsiktig og strukturell oljekrise er over. Usikkerheita er stor når vi løftar blikket utover 2020-talet – særleg for staten som ber mesteparten av kostnadene ved leiting og feltutbygging. Eldar Sætre seier til DN (abo.) at han er uroa over at Statoil ikkje har gjort nye gigantfunn på norsk sokkel sidan Johan Sverdrup. Men for norske skattebetalarar treng ikkje dette vere negativt. Vi har ingen garanti for at nye funn – som kanskje ikkje kjem i produksjon før ut på 2030-talet – blir god butikk.

Etterspurnaden etter olje og gass vil før eller seinare knekke. Elektrifisering av alle typar transport, kamp mot plastforureining og auka krav til bærekraft og transparens i industriprosessar er alle trendar som kan bidra til å ta oljetørsten ned. For gassen er det billig straum frå solceller og vindturbinar, kombinert med smarte nettsystem og batterilagring, samt energisparing i bygg og industri, som trugar. På toppen av alt dette lurar ein klimapolitikk som fram mot 2030 strammast kraftig til om klimaambisjonane frå Paris skal nås.

Det var lite snakk om grønt skifte då Statoil presenterte 2017-resultatet i London, sjølv om fornybarstrategien blei omtalt. På ein av konsernsjefens plansjar kunne ein lese at Statoil skal bruke 15-20 prosent av investeringsmidlane i 2030 på ny energi, men Sætre presiserer at dette er ein ambisjon og ingen blankofullmakt. Det er grunn til å tru at fornybaravdelinga i Statoil får ein tøffare jobb internt med å forsvare nye fornybarprosjekt når oljeprisane stig.

Som eigarar er det særleg to spørsmål vi bør stille oss: Tek Statoil i tilstrekkeleg grad tek omsyn til det energiskiftet som er i gang – og som før eller seinare vil ramme lønsemda i olje og gass? Og vidare: Bør Statoil gjere meir for å bidra til å auke farten i det grøne skiftet?

Ad

Då olje- og energiminister Terje Søviknes fekk spørsmål av Aftenposten (abo.) om han som eigar meiner Statoil bør investere meir i fornybar energi, var svaret at «den dialogen tar vi i tilfelle med Statoil direkte». Svaret er typisk frå den kanten. Statoils langsiktige strategi er ikkje noko ein skal bry offentlegheita med.

Denne stortingsperioden sit det politikarar frå dei fleste parti – inkludert Høgre og Arbeidarpartiet – som veit utmerka godt kva klimarisiko er, og som forstår at statens eigarskap i Statoil er ein del av denne risikoen. Til dei vil eg seie: dra i gang ein diskusjon i det offentlege rom om kva vi vil med Statoil.

Tidspunktet for å diskutere statens Statoil-eigarskap er ekstra god no når selskapet gjer det godt igjen. Valmoglegheitene er mange:

  • Staten kan krevje meir ambisiøse mål for Statoils omstilling til eit breiare energiselskap. Ein kunne snudd opp ned på gjeldande investeringsstrategi og sagt at 80-85 prosent av investeringane i 2030 skal gå til fornybar energi.
  • Staten kan selje seg heilt eller delvis ned i Statoil og reinvestere gevinsten i ny energi/industri som har framtida framfor seg.
  • Staten kan dele Statoil i to – ein fossil del som vi haustar frå og ein fornybar del som vi investerer i.
  • Staten kan skilje ut og privatisere Statoils internasjonale verksemd. Når blei det ein norsk statleg oppgåve å drive med skifergassproduksjon i USA?

Det er inga enkel sak å konkludere kva som er rett kurs for Statoil, men debatten må takast. Og han høyrer heime i det offentlege rommet – fordi det er vi som borgarar og skattebetalarar som kollektivt eig majoriteten i selskapet og difor er Eldar Sætres oppdragsgjevar og sjef.

Bli abonnent!

4 kommentarer

  1. Anders Westlund

    Det står: «Etterspurnaden etter olje og gass vil før eller seinare knekke. Elektrifisering av alle typar transport, …».

    Unnskyld at jeg spør, men er det realistisk at verden vil klare å produsere nok elektrisitet til å drive tog og fraktbåter mv. uten vha. varmekraftverk som drives vha. fossile energikilder?

    Svar
  2. Ivar Sætre

    I 2013 hadde jeg følgende innlegg i Stavanger Aftenblad:
    https://www.aftenbladet.no/meninger/i/Lmdo9/Ja_-hvorfor-ikke-selge-Statoil

    Svar
  3. Jorunn Lauvstad

    Statoil kan gjøre som danske DONG (-dansk olje og naturgass), skifte navn og gå over til å produsere
    fornybar energi fra vind og sol. Danske Ørsted har gode resultater.
    De flytende vindturbinene Statoil har satt opp utenfor Skottland, oppfyller alle forventninger.
    Sett opp slike vindturbiner utenfor oljeplattformene som erstatning for naturgass. Etter hvert som
    oljekildene tømmes, bør plattformene gjøres om til basestasjoner for fornybar energi, vindkraft,
    solkraft, bølgekraft og geotermisk energi ved å bore dypere.

    Svar

Skriv en kommentar

Debattregler på Energi og Klima