Storebrand først ut med å droppe kull og oljesand - Energi og Klima

Storebrand først ut med å droppe kull og oljesand

Viktig klimasak har gått mediene hus forbi: Storebrand har bestemt seg for å redusere eksponeringa mot fossil energi. Seks oljesandselskap og 13 kullselskap har blitt ekskludert frå Storebrands investeringsunivers.

Denne artikkelen er over 2 år gammel. 1 kommentar

Storebrand har ikkje offentleggjort namn på dei ekskluderte selskapa, men seier dei har tatt utgangspunkt i klassifiseringssystemet Global Industry Classification Standard (GICS). Alle reine kullselskap frå GICS – i alt 13 selskap – blei ekskludert. I tillegg har dei brukt informasjon frå myndigheitene i Alberta i Canada for å finne ut kva oljeselskap i GICS som er mest eksponert mot oljesand, og ekskludert dei seks selskapa på toppen av lista.

Men viktigare enn kven som er ekskludert er Storebrands grunngiving.

«Dette gjer vi for å redusere fossil- og CO₂-eksponeringa og sikre langsiktig stabil avkasting. (…). Om dei uttalte klimamåla blir verkelegheit, blir desse ressursane verdilause reint økonomisk,» skriv Christine T. Meisingset, leiar for Storebrands berekraftige investeringar, i ei pressemelding.

Storebrands avgjersle handlar meir om finansiell rasjonalitet enn om å vere ein snill forvaltar, og det er det som gjer dette interessant og viktig. Det enkle resonnementet som vert kommunisert er «unburnable carbon» i praksis:

1. Fossile energiselskap sitt i dag på reservar som ikkje kan utvinnast dersom togradarsmålet skal nås.
2. Storebrand trur og håpar på togradarsmålet.
3. I ein avkarbonisert økonomi er det meir sannsynleg med ein langsiktig stabil avkasting i andre sektorar enn olje, kull og gass.

Ekskluderinga av desse 19 oljesand- og kullselskapa vil gjelde alle Storebrands investeringar, ikkje berre eitt fond. Selskapet seier og at dette berre er starten på ein prosess som skal gjere dei mindre eksponert mot det fossile. Altså – fleire selskap skal ut!

Spørsmålet er om Storebrand snart får følgje av andre langsiktige investorar i Noreg, og eventuelt kven.

Bli abonnent!

Én kommentar

  1. Storebrand ut av kull og tjæresand | Besteforeldrenes Klimaaksjon

    […] Som et resultat av den siste bærekraftsanalysen av energisektoren har Storebrand valgt å trekke alle sine investeringer fra 19 selskaper der kull og oljesand spiller en dominerende rolle. – Dette gjør vi for å redusere fossil- og CO₂-eksponeringen og sikre langsiktig stabil avkastning, sier Christine Tørklep Meisingset, leder for bærekraftige investeringer i Storebrand. Disse ressursene bidrar ikke til en bærekraftig utvikling, heter det i en pressemelding. Hvis de internasjonale målene om å begrense global oppvarming til to grader blir virkelighet, vil de også bli verdiløse rent økonomisk. Se pressemelding fra Storebrand. Se også artikkel i magasinet Energi og Klima.   […]

Kommentarfeltet er stengt.