Oljeforteljinga slår sprekkar

Observasjon frå årets valkamp: Framtidsforteljinga til Norsk olje og gass er i ferd med å tape.

I heile mi levetid har høg aktivitet på sokkelen vore lik høg velstand på land. Gjorde ein først funn, kunne ein vere sikker på at enorme inntekter venta i den andre enden. Om staten brukte nokre titals milliardar på vegen spelte ingen rolle. Det var superprofitt uansett – for selskap så vel som for stat.

Framover ser bilete fundamentalt annleis ut. Dei fleste seriøse aktørar spår no at den globale oljeetterspurnadstoppen er rett rundt hjørnet. Sist ut er DNV GL som i denne rapporten skriv at toppen kan vere nådd alt i 2022. Selskapet peiker på elektrifisering som ein av dei viktigaste drivarane, ifølge E24.

For ein oljeeksportør er det stor forskjell på det å konkurrere i ein marknad som skrumpar inn framfor i ein marknad som er i vekst. I oljeeventyrets fortsetjing vil det ikkje vere nok å finne olje for å generere arbeidsplassar og lønsemnd – ein må finne billig nok olje. Det er langt frå sikkert at norske ressursar vil vinne denne konkurransen. Spesielt ikkje det vi eventuelt måtte finne i Barentshavet.

Det er i lys av denne realiteten at politikken må vurderast. Å tvihalde på det støttesystemet som i dag polstrar olje- og gassindustrien er uansvarleg om ein erkjenner dei endringane som faktisk skjer.

Det norske petroleumsskatteregimet har som formål å maksimere leiteaktivitet og investeringar på sokkelen (i tillegg til å sikre statens skatteinntekter). Det første spørsmålet vi må stille er om eit slikt formål er utdatert. Burde ikkje skattesystemet tatt inn over seg at ein framover må skilje mellom “good oil” og “bad oil”? Det er ein betydeleg risiko for samfunnet å sponse leiteverksemd langs iskanten i nord, men skatteregimet likestiller aktivitet her med alle andre område på sokkelen.

Diskusjonar om oljeskatt endar ofte i ein debatt for eller mot leiterefusjonsordninga. Tilhengarane meiner ordninga er nødvendig for å sikre mangfald på sokkelen. For samfunnet er det likevel eit spørsmål kva pris vi er villig til å betale for dette mangfaldet. Det kan tenkast at fellesskapet ville tent meir på om milliardane som i dag går til å subsidiere oljeselskap som ikkje er i skatteposisjon hadde blitt brukt på næringar med framtida framfor seg. Vi må i det minste kunne diskutere leiterefusjonsordninga – saman med dei andre delane av skattesystemet.

Om Høgre og Arbeidarpartiet ikkje vil snakke om norsk oljepolitikk i ein valkamp, er det gledelig å observere at stadig fleire journalistar og kommentatorar har begynt å stille spørsmål ved stien Noreg går på – og risikoen knytt til statens tunge fossile engasjement. Sist ut var politisk redaktør Trine Eilertsen i Tenk hvis all oljen plutselig blir verdiløs? (Aftenposten 5.9.2017). Ho skriv:

«I et scenario der utviklingen innen fornybare kilder går raskere enn mange tror, er det mulig å se for seg at verdien på naturressursen alt dette er fundert på faller som en stein. Skjer det, vil oljeprisfallet vi opplevde i 2014 bli rene kosestunden i forhold.»

Og vidare:

«Her er et dilemma for det brede politiske flertallet som står bak norsk oljepolitikk”.

Astrid Meland i VG er også oppteken av klimarisiko i kommentaren Endelig har miljølobbyen et poeng (VG 1.9.217):

«I sommer har Statoil for eksempel hatt en letekampanje helt nordøst i Barentshavet hvor all infrastruktur mangler. Finner de noe, kommer betalingen i form av olje og gass først om et tiår eller to. Innen den tid kan kineserne drive med skiferteknologi. Kanskje lagrer vi store mengder solenergi. Da kan norsk olje og gass falle i verdi.»

Eg skal passe meg for å ta Eilertsen eller Meland til inntekt for eigne standpunkt, men berre det at dei stiller dei spørsmåla dei gjer viser at vi no lever i ei ny tid. For første gang i historia heftar det ein grunnleggjande usikkerheit ved framtida for norsk olje og gass – driven fram av energiomstilling og klimapolitikk.

Slaget framover i norsk politikk vil stå mellom dei som meiner dette også skal få konsekvensar for “den store politikken” – som skatt og eigarskap – og dei som vil lukke augo for det som skjer.