Norske klimagassutslepp – eit varsel om dramatiske politikkendringar utover 2020-talet

At dei norske klimagassutsleppa ikkje har passert toppen må handterast som ei krise. Regjeringa må gå breiare ut og også våge å ta grep som også kan oppfattast som upopulære, men som er heilt naudsynte. Det må koste å sleppe ut CO₂.

SSBs mellombelse oversikt over norske klimagassutslepp i 2018 viser ein oppgang på 0,4 prosent samanlikna med 2017. Hovudforklaringa er auka forbruk av fossilt drivstoff i bygg og anlegg, luftfart, sjøfart og fiske. Kraftig reduksjon i salet av palmeoljebasert biodrivstoff i vegtrafikken – frå 300 til 93 millionar liter – gir også store utslag i statistikken. Samla gjekk vegtrafikkens utslepp i fjor opp med 3 prosent.

Regjeringa har rett i at det skjer mykje bra i norsk klimapolitikk, og at effekten av innsatsen ikkje kan målast frå eit år til eit anna. Dei fleste klimatiltak krev tid før resultata melder seg. På grunn av lang levetid vil vi slite med utslepp frå fossile personbilar i lang tid framover, uavhengig av kor mange nye elbilar som vert selt. I 2018 var det rundt 13 elferjer i drift i Noreg, i 2021 vil det være over 60. Forbod mot oljefyr vart vedteken då Stoltenberg var statsminister, men trer først i kraft i 2020. Krav om utsleppsfri inn- og utsegling i verdsarvfjordane vart vedteke i fjor, men vil først gjelde frå 2026.

Samtidig skal vi vere glad for at langt færre køyrde med palmeolje på tanken i 2018 enn året før. Utsleppa går som følge av dette opp i Noreg, men ikkje globalt.

Fjorårets klimarekneskap fritek likevel ikkje regjeringa for ansvar. Når målet nesten er å halvere utsleppa innan 2030, er det krise at utsleppa gjekk opp i 2018 (sjølv om oppgangen var lita). Ein kan ikkje konkludere annleis enn at klimapolitikken ikkje er stram og omfattande nok.

Påtroppande universitetsrektor i Stavanger, professor Klaus Mohn, formulerte det godt i Aftenbladet 3. juni: «Fordi situasjonen for klimaet i verda nærmar seg prekær, og fordi utviklinga framleis går i feil retning, nærmar tida seg for at staten trykker på alle knappane».

Problemet med dagens regjering er at dei har redusert klima til eit prosjekt for det minste regjeringspartiet – på linje med pelsdyr og rusreform. Det er på tide at statsministeren set alle departement i arbeid for raske og store klimakutt. Ikkje minst må samferdsledepartementet, som har ansvar for den største utsleppssektoren forutan petroleum, endre fokus. Dei må bli mindre oppteken av å treffe stemningsbølgjer i folket med symbolske bompengeutspel, og meir oppteken av å snu utsleppsutviklinga. Her er det viktig at innsatsen famnar meir enn justeringar, det må også handle om systemskifte. Framfor alt må godstrafikken og logistikkoperasjonar bli meir effektiv. Vi må omfamne innovasjonar som Norwegian Gannet og Yara Birkeland.

Skal transportsektorens utslepp reduserast raskt må også anbodsregimet skjerpast. Korleis kan det vere lov for ein fylkeskommune i 2019 å bestille dieselbussar når det finst utsleppsfrie alternativ, og med det bidra til å låse utslepp for mange år framover?

Som svar på klimakrisa bør regjeringa også fjerne etablerte ordningar som aktivt bremsar klimapolitikken. Det er nesten ikkje til å tru at staten framleis kompenserer norske fiskarar sine utlegg til «miljøavgifter». Dei siste fire åra har fiskeflåten fått utbetalt over to milliardar kroner i refusjon av mineralolje- og CO₂-avgift. Like absurd er det at staten bruker tre milliardar kroner i 2019 til å premiere flypassasjerar med avgiftsfri tobakk og alkohol. La oss også ta med at regjeringa har som politikk at opptrapping av CO₂-pris skal nøytraliserast med like stor reduksjon i vegbruksavgifta, slik at bensin og diesel ikkje blir dyrare. Lista over openberre politikkendringar er lang sjølv når ein held oljepolitikken utanfor.

I 2021 blir Noreg eit fullverdig medlem av EUs-klimapolitikk. Det er bra. Endringa inneber at vi ikkje lenger kan la vere å oppfylle vedtekne klimamål utan konsekvensar. Det vi let vere å redusere av klimagassutslepp i dag, vil følgje oss utover 2020-talet. Resultatet kan fort bli at EU-avtalen vil «tvinge» Noreg til å ta langt meir dramatiske grep i klimapolitikken enn det vi i dag diskuterer. Det er ein realitet fleire i politikk og næringsliv må ta innover seg.