No ser vi effekten av høgare CO₂-pris

Equinor har søkt NVE om konsesjon til å forsyne deler av Oseberg og heile Troll C- og B i Nordsjøen med landstraum. Det kan kutte over ein million tonn CO₂-ekvivalentar per år frå 2024. Endå fleire elektrifiseringsprosjekt er på gang.

I Statnetts nettutviklingsplan 2019 kan ein lese om ei aukande interesse for elektrifisering av sokkelen. Statnett skriv at dei har motteke førespurnader om vurdering av nettilknyting for eit samla volum på rundt 2500 MW. Av dette kjem 1700 MW frå petroleumssektoren. Sannsynlegvis er det effekten av auka kvotepris i Europa vi no ser. Etter å ha lege stabilt rundt fem euro per tonn CO₂ i mange år, vaker prisen no rundt 25 euro. I Noreg betaler petroleumsnæringa i tillegg ein nasjonal CO₂-avgift for utsleppa sine – også denne på stigande kurs. For Equinor som slapp ut over 11 millionar tonn CO₂-ekvivalentar i 2018, tvingar denne utviklinga fram spørsmålet: finst det billegare alternativ til gasskraft offshore? I stadig fleire tilfelle ser svaret ut til å vere ja.

I bergensregionen åleine er det planar om å elektrifisere petroleumsinstallasjonar på til saman 400 MW, skriv Statnett. To av prosjekta finn ein detaljar om i NVEs konsesjonsdatabase. Begge prosjekta er det Equinor som står bak.

Det eine prosjektet skal forsyne elektrisk kraft til Oseberg Feltsenter og Oseberg Sør-plattformene. Ifølgje konsesjonssøknaden vil dette redusere dei samla CO₂-utsleppa frå feltet med 350 000 tonn CO₂ per år.  Osebergs totale utslepp i 2018 var på ca. 1,1 millionar tonn CO₂. 

I tillegg har Equinor søkt om å heilelektrifisere Troll C og B – også det i Nordsjøen. Dette prosjektet vil redusere CO₂-utsleppa med 718 000 tonn CO₂ per år.

Sjølv om kraftproduksjon på sokkelen er ein del av den europeiske kvotemarknaden, vil dette også slå positivt ut i den norske utsleppsstatistikken når prosjekta er tenkt ferdigstilt i 2024.

Elektrifisering av plattformar i Nordsjøen er ein god illustrasjon på samanhengen mellom klimakutt og fornybar energi.  Det totale effektbehovet for Oseberg og Troll C og B vil vere høvesvis 105 MW og 170 MW. Begge prosjekta har ein forventa brukstid på over 8000 timar. Det kan gi eit auka straumforbruk på over 2 TWh. Dette er betydeleg. Til samanlikning vil 1,5 millionar elbilar i 2030 gi eit forbruk på 4 TWh, ifølgje ein NVE-rapport frå 2016.

Alt anna likt vil elektrifisering av oljeplattformane gi høgare priser på straum for alminnelege forbrukarar. Denne effekten vil sjølvsagt bli dempa dersom det vert bygt ut ny kraftproduksjon, i hovudsak vindkraft.   

Det er inga tvil om at elektrifisering er nøkkelen for klimakutt i Noreg. Men ingen kjem frå at elektrisiteten må produserast og fraktast. Det vil framover krevje både fleire kraftverk og fleire kablar.

Eit viktig tilleggspoeng er dette: Når vi veit at statens handlingsrom vert mindre i åra framover, er det viktig at elektrifisering av store utsleppspunkt i kvotepliktig sektor vert driven fram gjennom høgare CO₂-prising og ikkje av subsidiar. I så måte er Equinors planar om å elektrifisere Oseberg og Troll eit resultat av ein politikk vi treng meir av.