Nederlandsk ankedomstol: Staten må kutte meir CO2 - Energi og Klima

Nederlandsk ankedomstol: Staten må kutte meir CO2

Står myndigheitene fritt til å gjere som dei vil i kampen mot farlege klimaendringar? Nei, har ein ankedomstol i Haag slått fast. Den nederlandske staten er dømt til å gjennomføre større CO2-kutt enn det gjeldande politikk legg opp til.

Det nederlandske rettsvesenet gir regjeringen klar beskjed om å raska på med klimatiltak. Her fra sykkelparkering i Haag.Foto: Michael Fötzsch cba

I 2015 vann stiftinga Urgenda saman med fleire hundre privatpersonar eit klimasøksmål mot den nederlandske staten. Saksøkarane meinte myndigheitene ikkje gjorde nok for å verne innbyggarane mot farlege klimaendringar – og fekk medhald av tingretten i Haag. Med tilvising til den generelle aktsemdplikta («duty of care») slo retten fast at Nederland må redusere klimagassutsleppa med minst 25 prosent innan 2020 – målt mot 1990. Talet er ikkje tilfeldig, det er nedre del av eit utsleppsintervall som FNs klimapanel i førre hovudrapport sa var i samsvar med målet om å avgrense temperaturstiginga til to gradar.

Agnes Harriet Lindberg har tidlegare gjort greie for dei juridiske argumenta i dommen frå 2015.

Som venta anka staten tingrettsdommen – men utan at det førte fram. 9. oktober vart det klart at Urgenda også vann ankesaka. Dermed blei det for andre gang i nederlandsk rett slått fast at politikarane ikkje er suverene til å fastsetje ambisjonsnivået i klimapolitikken. Heile dommen kan lesast på engelsk.

Nederlands klimagassutslepp er i dag 13 prosent lågare enn i 1990, men sidan 2012 har utsleppsnivået lege nokså stabilt. Statsminister Mark Ruttes forsvar er at regjeringa er i ferd med å gire om klimapolitikken, og at framskrivinga viser ein utsleppsreduksjonen ved utgangen av 2020 på 19–27 prosent målt mot 1990. Vidare har regjeringa forplikta seg til å redusere utsleppa med 49 prosent innan 2030 (også det med 1990 som referanseår).

Urgenda støttar 2030-målet til Ruttes regjering, men har i retten hevda at målet blir vanskelegare å nå om regjeringa ikkje hevar ambisjonsjonsnivået for 2020 (som i dag er 20 prosent). Dessutan er det i eit klimaperspektiv problematisk å skyve utsleppskutt framfor seg. Dette støttar domstolen:

«Delaying the reduction will lead to greater risks for the climate. A delay would, after all, allow greenhouse gas emissions to continue in the meantime; greenhouse gases which linger in the atmosphere for a very long time and further contribute to global warming.»

Dommaren viser også til at kunnskapen om kva som er adekvate utsleppskutt innan 2020 på ingen måte er ny kunnskap for myndigheitene.

«The State has known about the reduction target of 25-40% for a long time. The IPCC report which states that such a reduction by end-2020 is needed to achieve the 2º C target (AR4) dates back to 2007.»

Vidare peikar ankedomstolen på at klimamålet har blitt skjerpa i Paris-avtalen. Det langsiktige målet – som også Nederland har signert på – er å halde temperaturstiginga ned mot 1,5 gradar. Det reduserar utsleppsbudsjettet:

«It should also be noted here that climate science has meanwhile acknowledged that a safe temperature rise is 1.5º C rather than 2º C. This consensus has also been expressed in the Paris Agreement, in which it was agreed that global warming should be limited to well below 2º C, with an aim for 1.5º C. The ppm level corresponding with the latter target is 430, which is lower than the level of 450 ppm of the 2º C target. The 450-scenario and the identified need to reduce CO2 emissions by 25-40% by 2020 are therefore not overly pessimistic starting points when establishing the State’s duty of care.»

I tillegg viser dommaren til at målet for nederlandske myndigheiter fram til 2011 var å redusere utsleppa i 2020 til 30 prosent, men at dette seinare vart nedjustert til 20 prosent.

«The Dutch reduction target for 2020 was subsequently adjusted downwards. But a substantiation based on climate science was never given, while it is an established fact that postponing (higher) interim reductions will cause continued emissions of CO2, which in turn contributes to further global warming.»

I konklusjonen frå ankedomstolen står det at ein reduksjon i utsleppa på 25 prosent innan 2020 bør sjåast på som eit minimumskrav, og at ein då ikkje har vurdert kva som trengs for å avgrense oppvarminga til 1,5 gradar. Med regjeringas usikkerheitsmargin på 19–27 prosent er det ein reell fare for at utsleppskutta som dagens politikk vil føre til vil bli substansielt lågare enn 25 prosent.

Regjeringa skal no ta stilling til om dei skal anke vidare til høgsterett, men skriv i ei pressemelding at dei uansett er innstilt på å gjennomføre utsleppskutt i tråd med dommen og at ein plan for dette er venta våren 2019.

Ad

Norsk Klimastiftelse er Norges grønne tankesmie. Klimastiftelsen eier nettmagasinet Energi og Klima, gir ut notater og rapporter og holder frokostmøter og andre arrangementer.

Våre støttespillere:

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.