Når konsesjon er gitt - Energi og Klima

Når konsesjon er gitt

Vindkraftprodusentar må kunne forvente at staten vernar om allereie tildelte konsesjonar. Som på Frøya.

VINDKRAFT I NOREG: Per i dag er det gitt konsesjon til nesten 23 TWh vindkraft i Noreg. Av dette er omlag 10 TWh i drift eller under bygging. Med ein samla fornybarproduksjon på omlag 145 TWh er vindkraft framleis veslebroren i norsk kraftforsyning. Her frå Ytre Vikna vindmøllepark. Foto:Trøndelag fylkeskommunecba

For at det ikkje skal vere tvil om kor eg sjølv står i vindkraftdebatten: Kampen mot klimaendringane fordrar mykje meir fornybar energi både i Noreg og i Europa. Noreg har gode vindressursar og vindkraft blir stadig billegare. Mens dei fleste klimatiltak er einstydande med store utgifter, anten det er snakk om elbilar, CCS eller havvind, kan mange landbaserte vindprosjekt i dag realiserast utan offentleg støtte. Den moglegheita bør vi gripe.

Når det er sagt har eg ingen vanskar med å skjøne motstanden mot vindkraftverk på land. Som all anna storskala kraftutbygging fører også vindkraft til naturinngrep. At naturvern- og friluftslivinteressene vil skåne urørt natur for turbinar og anleggsvegar er difor forståeleg. Demonstrasjonar og aksjonar, til og med dei ulovlege, høyrer  med i ein utbyggingssak. Sivil ulydnad er ein del av gamet.

Konsesjonsprosessar for vindkraft tek årevis. Kartleggingar og analyser, høyringar og justeringar. I tillegg kjem rundar med klaging. Men grundige prosessar er heilt nødvendig for tillita til systemet. Konsekvensar av ei utbygging må greiast ut og synleggjerast, relevante aktørar må få utale seg. Sjølv om konsesjonsprosessane for vindkraft er omfattande, betyr ikkje det at dei er perfekte. Det kan godt hende at dei bør bli endå meir opne og inkluderande i framtida, slik desse forskarane er inne på.

Tillit fordrar også at ein kan stole på myndigheitenes vedtak. Når partane har fått sagt sitt, og klagemoglegheitene brukt opp, kan ikkje konsesjonsvedtak lenger vere i spel. Utbyggar må vite at ein tildelt konsesjonen står ved lag sjølv om vindkraftmotstandarane held fram protestane sine.

På Frøya utspelar det seg no ein konflikt om nettopp dette – mellom utbyggaren TrønderEnergi Vind AS og Frøya kommune.

Frøya vindkraftverk si historie startar i 2002. Prosjektet fekk endeleg konsesjon av Olje- og energidepartementet hausten 2013, etter høyringsrunde og klagebehandling. Kommunen har heile vegen støtta vindkraftplanane, sjølv om det alltid har vore betydeleg lokal motstand. Så seint som 13.desember i fjor godkjende kommunestyret vindparkens detaljerte utbyggingsplan som så vart sendt over til NVE for godkjenning. Vindkraftverket er planlagt med 14 turbinar på 180 meter.

11. april i år snudde kommunen. Kommunestyret vedtok at TrønderEnergis dispensasjon frå arealplanen til å bygge vindkraftverket ikkje lenger var gyldig. Dispensasjonen som blei gitt i april 2016 gav TrønderEnergi ein frist på tre år til å setje i gang vindkraftutbygginga. Denne fristen blei ikkje overheldt av TrønderEnergi, konkluderte kommunestyret. Rådmannen var derimot av ei anna oppfatning. I saksinnstillinga skreiv ho at det var på grunn av aksjonane på Frøya at vindkraftprosjektet ikkje var skikkeleg sett i gang innan fristen. Ho meinte dispensasjonen av den grunn ikkje burde falle bort.  

Frøya vindpark ligg no på Olje- og energiministerens bord. TrønderEnergi har bedt departementet ta i bruk såkalla «statleg plan» for å overstyre Frøya kommune. Kravet har fått støtte av Energi Norge, Zero mfl., mens ordførar Berit Flåmo (Ap) meiner kommunen har sitt på det tørre.

– For meg handler det om den lokale sjølråderetten. Kommunen har opptrådt ryddig i denne saken, og nå er det slik at slik at TrønderEnergi ikke lenger har dispensasjon, sa ho på det ekstraordinære kommunestyremøtet 2.mai som blei dekka av Hitra-Frøya.

Men kommunestyret var ikkje samrøystes. To politikarar frå høvesvis Ap og Høgre argumenterte for statleg innblanding i den betente saka.

– Dette handler om en næringsaktør som har konsesjon til å etablere et vindkraftverk. TrønderEnergi hadde ikke fortjent den snuoperasjonen som har skjedd på Frøya, sa Tone Måsøval (H) i følgje same lokalavis.

Det er vanskeleg ikkje å gje henne rett. Statleg plan på Frøya vil utvilsamt vere eit alvorleg inngrep i det lokale sjølvstyret, men i dette tilfellet er det likevel det rette å gjere. Det som står på spel er ikkje berre 14 vindturbinar i øykommunen Frøya, men Noregs truverd som seriøs investeringsdestinasjon.

Ad

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.