Kraftig reduksjon i CO₂-utslepp frå nye bilar

CO₂-utsleppa frå nye bilar i Tyskland har gått kraftig ned sidan 2006. Politiske utsleppskrav til bilindustrien er den viktigaste forklaringa.

Olje er Yesterday’s fuel skreiv The Economist over heile forsida 3. august i år. Spådomen er at den globale oljeetterspurnaden nærmar seg toppen, mellom anna fordi nye køyretøy brukar stadig mindre drivstoff.

Figur over karbonutslipp fra nye biler i Tyskland
CO₂-utslepp til nye bilar (Tyskland). Foto: Deutsche Bank Research

Strengare utsleppskrav til nye bilar har gitt imponerande resultat dei siste åra, ikkje minst i EU. Eit nyleg publisert notat frå Deutsche Bank Research viser at ein nybil i Tyskland i 2006 i gjennomsnitt slapp ut 170 gram CO₂ per km. Per juli 2013 var dette redusert til 137,5 g/km – ein reduksjon på 19 prosent.

Same notat viser og at stadig fleire bilkjøparar no vel køyretøy som er gjerrige på drivstofforbruket: I 2006 slapp færre enn 3 prosent av nyselde personbilar i Tyskland ut mindre  enn 120 gram CO₂ per km. Så langt i 2013 har dette talet stige til 31 prosent. Og medan nesten 32 prosent av nye bilar i 2006 slapp ut meir enn 180 g/km, er det i 2013 berre 8 prosent av bilane som har så høge utslepp.

Deutsche Bank understreker i notatet at selde småbilar i Tyskland  ikkje står for ein støre del av det totale nybilsalet i 2013 enn det gjordet i 2006.

Politikk som fungerer

Høge oljeprisar og teknologisk utvikling er faktorar når CO₂-utsleppa frå nybilar går ned, men den viktigaste forklaringa er politiske krav til bilindustrien. EU vedtok i 2009 at CO₂-utsleppa frå nye bilar skal reduserast til 130 g/km i gjennomsnitt. Produsentar som ikkje greier kravet, blir bøtelagt. Målet innan 2020 er 95 g/km, men allereie no diskuterer EU endå tøffare kraf. I april i år gjekk miljøkomiteen i EU-parlamentet inn for eit utsleppsmål på 68-78 g/km innan 2025.

Kva forhandlingane mellom parlamentet og medlemslanda vil føre til er for tidleg å seie, men dette veit vi: krav om redusert drivstofforbruk i nye køyretøy er ein av det grøne skiftets usynlege drivarar. Ikkje berre i EU, men og i Noreg og etterkvart og i USA og i Kina.