Kraftig fall for norsk gasseksport

Verdien av norsk gasseksport gjekk ned med over 28 prosent frå juli 2013 til juli 2014.

Det viser SSBs siste oversikt over norsk utanrikshandel.

I juli utgjorde verdien av eksporten av norsk naturgass 13,8 milliarder kroner, mot 19,2 milliarder kroner i samme måned i fjor. Verdinedgangen kom både av mindre eksportvolum og redusert gasspris.

Også eksporten av norsk råolje gjekk ned. Eksportverdien endte i juli på 23,6 milliardar kroner. Det er ein reduksjon på 14,2 prosent, eller 3,9 milliardar kroner, samanlikna med juli i fjor.

SSB skriv at verdifallet ville vore større om det ikkje var for at dollaren har styrka seg det siste året.

Inntektene frå norsk olje- og gasseksport har ikkje vore lågare sidan 2010. Kjelde: SSB
Inntektene frå norsk olje- og gasseksport har ikkje vore lågare sidan 2010. Kjelde: SSB