Klimaproblemet Equinor

Equinors reklamekampanje er eit forsøk på å villeie det norske folk til at å tru at selskapets aktivitet skjer i tråd med klimamåla. Det er langt frå sanninga. Sidan 2010 har Equinors klimagassutslepp gått opp med 11 prosent.

I fleire av landets nettaviser køyrer Equinor i desse dagar ein kampanje der dei forsøker å teikne eit bilete av seg sjølv som eit selskap på lag med Paris-avtalen og klimastreikande ungdom. Bodskapet er at Equinor ikkje er som andre oljeselskap:

«For hvert fat olje som produseres i verden, slippes det i gjennomsnitt ut rundt 18 kilo CO₂. Gjennomsnittet på norsk sokkel er mye lavere med 8 kilo CO₂.»

Men ikkje nok med det:

«På Johan Sverdrup vil den være på rekordlave 0,67 kilo fordi plattformen drives med strøm fra land, som stort sett er vannkraft.»

Det er med andre ord for klimaets skuld at Equinor investerer i ny oljeaktivitet:

«Overgangen til et lavkarbonsamfunn kommer til å ta tid, og da er det viktig at den oljen som produseres er så ren som mulig. Alle oljefat er ikke like.»

Grafane som ikkje vert vist i reklamen

Problemet med reklamen er at han kan få folk til å tru at Equinor har alt på stell i møte med ein skjerpa klimapolitikk, men slik er det jo ikkje. Verifiserte utsleppsdata frå EUs kvotesystem (EU ETS) viser at Equinor er eit stort klimaproblem for Noreg. Faktisk er det slik at når vi i Noreg snakkar om utslepp frå petroleumssektoren, så er det Equinors utslepp det handlar om. Norsk petroleumsnæring slapp ut 14 millionar tonn CO₂-ekvivalentar i 2018. Av dette hadde Equinor ansvar for 11,4 millionar tonn.

Equinor er det selskapet i Noreg med desidert høgast klimagassutslepp. I 2018 slapp dei ut 9,8 millionar tonn CO2-ekv. meir enn Hydro, som er nummer to på lista.

Det er positivt at gigantfeltet Johan Sverdrup skal drivast med fornybar straum frå land, slik det blir sagt i reklamen, men dette bidreg ikkje til utsleppsreduksjonar åleine. Landstraum til nye installasjonar hindrar berre kraftig utsleppsauke. På eksisterande felt er det framleis gasskraftverk som driv pumpene til Equinor. I tillegg har selskapet eit kjempestort utsleppsproblem i raffineriet på Mongstad. I perioden 2010-2018 auka utsleppa frå Mongstad med heile 44 prosent.

Kanskje ikkje så overraskande at det også er Equinor som fyller dei fleste plassane på lista over dei største utsleppspunkta i Noreg, om ein tek med både onshore og offshore. I grafen under tilhøyrar alle dei blå søylene Equinor.

Men er ikkje Equinor ein del av kvotepliktig sektor?

Jo, det er dei. Men dette fritek ikkje Equinor for ansvar. Hadde Equinor klart å kutta utsleppa, ville det dessutan ikkje berre gjort utslag i Noregs utsleppsstatistikk. Det kunne også bidrege til at fleire kvoter blei teke ut av omløp, og med det senka utsleppstaket i kvotemarknad.

Det er trist at eit (halv)statleg selskap som Equinor har som strategi å villeie det norske folk – altså eigarane – til å tru at selskapet driv i tråd med klimamåla. La oss håpe dei folkevalde på Stortinget ikkje let seg lure. Den viktigaste lærdomen å trekke frå grafane over er at CO2-prisen på sokkelen er altfor låg.

Om Equinor faktisk ønsker å vere ein offensiv aktør i den grøne energiomstillinga, er det ikkje nok med sparepærer og fornybar kraft på plattformane. Då må selskapet for alvor dreie investeringane vekk frå fossil energi. Equinor er flink til å skryte av vindinvesteringar i Storbritannia, men sanninga er at dei store pengane framleis går til å leite etter meir olje og gass. I 2018 brukte Equinor rundt fire prosent av ein samla investeringspott på 9,9 milliardar dollar på det dei sjølv kallar «new energy solutions». Skal Eldar Sætre skape samsvar mellom reklame og realitetar, er det framfor alt dette reknestykket han må gjere noko med.