Ikkje rom for ferjefri E39

Nasjonal transportplan kan bli eit viktig verktøy for å få ned norske klimagassutslepp. Om Stortinget vil.

For eit år sidan fekk Avinor, Jernbaneverket, Kystverket og Statens vegvesen i oppdrag av regjeringa å utarbeide eit forslag til ny nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2018-2029. I klimasamanheng var oppdragsbrevet historisk. Aldri før har ei regjering slått fast at det overordna målet med NTP er å lage eit transportsystem som er «sikkert, fremmer verdiskaping og bidrar til omstilling til lavutslippssamfunnet».

Denne veka leverte fagetatane forslaget sitt til Ketil Solvik-Olsen. Svaret på klimaoppdraget finn ein i Vedlegg 1 – Grunnlag for klimastrategi. Kortbeskjeden er denne: Skal Norge klare sine klimaforpliktingar, må transportsektoren vere så godt som utsleppsfri i 2050. I 2030 må vi vere halvvegs. Det er mindre enn 15 år til.

Stortinget må i neste NTP-periode nedprioritere dyre prosjekt med usikker klimaeffekt - som ferjefri E39, skriv artikkelforfattaren. Illustrasjon: Statens Vegvesen
Stortinget må i neste NTP-periode nedprioritere dyre prosjekt med usikker klimaeffekt – som ferjefri E39, skriv artikkelforfattaren. Illustrasjon: Statens Vegvesen

Rask innfasing av nullutsleppsteknologi er det viktigaste tiltaket for å kutte transportsektorens klimagassutslepp. I 2025 må 100 prosent av alle nye personbilar og bybussar gå på el- eller hydrogen. I 2030 må mesteparten av nye varebilar, langdistansebussar og lastebilar gjere det same. Også ferjer, passasjerskip og hamner må elektrifiserast i raskt tempo. I luftfarten må forbruket av biodrivstoff aukast kraftig.

Transportplanens teknologispor fordrar solide økonomiske og praktiske insentiv som gjer el-, hydrogen og bærekraftig biodrivstoff til attraktive investeringar. Ikkje berre ut inneverande stortingsperiode, men til nullutsleppsteknologiane er i stand til å konkurrere på eiga hand. Insentiva må vere dynamiske, men dei må opplevast som stabile.

Tiltak for innfasing av nullutsleppsteknologi må kombinerast med klimariktig prosjektprioritering. Dette har fått mindre merksemd, men politisk er dette minst like viktig. Etatane foreslår eit grønt «prioriteringshierarki» når ein skal setje saman NTPs samla prosjektportefølje. Førsteprioritet må gis prosjekt som fører til utsleppsreduksjonar. Andreprioritet til vedlikehald. Prosjekt som gir utslippsauke må leggast i skuffa. Om etatane sjølve har prioritert på denne måten, kan eg ikkje svare på.

Eit av prosjekta som no står fram som meir og meir meiningslaust er ferjefritt E39 – ein samanhengande fire felts motorveg frå Kristiansand i sør til Trondheim i nord. Prosjektet er teknologisk og planmessig fullt mogleg å realisere, men finansielt svært «utfordrande» (for å bruke etatanes eigne ord). I førre stortingsperiode blei prislappen for ferjefri E39 estimert til 150 milliardar kroner. No er vi oppe i 340. Kva sluttsummen blir kan ein berre fantasere om, men ein ting er sikkert: Også E39 må ein dag betalast tilbake i kroner og øre. (Til samanlikning er kostnaden for å nå 0-vekstmålet i byområda – det vil seie nødvendig satsing på bane, buss, sykkel og gange for å hindre vekst i personbilbruken – estimert til 280 milliardar kroner).

Å heie på elbilar er politisk «lett». Verre er det å seie nei til populære prosjekt fordi dei står i vegen for at transportplanens hovudmål vert nådd. Men det er det Stortinget må manne seg opp til å gjere når NTP kjem til endeleg behandling i 2017. Å redusere klimagassutsleppa frå transportsektoren er tidskritisk. Dei neste 15 åra må kapital, ingeniørkraft og politisk prestisje koplast til smart og rein bymobilitet, overføring av gods frå veg til bane og sjø, offensiv jernbaneutbygging og storstilt utrulling av nullutsleppsteknologiar. Dei kompliserte og kostbare fjordkrysningane langs Vestlandskysten må vente.

Lukkast vi ikkje med å gjere store innhogg i transportsektorens klimagassutslepp i neste NTP-periode, står vi ikkje berre i fare for å misse på klimamåla vi har forplikta oss til å nå. Vi risikerer også å bli industrielle tilskodarar til ein klimavenleg transportutvikling. Noreg kan bli nasjonen som leverer tenestene, produkta og kunnskapen som andre land og regionar treng for å fase ut sine transportutslepp. Men då må vi bestemme oss for å gjere nettopp det.