Her er elbilane du kan vente deg fram mot 2020

Elbilutvalet blir stadig betre: Fleire modellar, lenger rekkevidde, raskare lading og meir avansert sjølvstyringsteknologi. Her er elbilane som kjem i 2018, 2019 og 2020.

(OBS: Denne artikkelen ble publisert 31. januar 2018 og er ikke oppdatert med de siste nyhetene om elbil-markedet. Mvh redaksjonen).

Bilprodusentane er svært tilbakehaldne med å gi informasjon om nye produkt. Vi har i denne artikkelen berre tatt med bilar vi har fått bekrefta vil kome for sal i perioden 2018-2020. Dei fleste bilprodusentane har planar om langt fleire elektriske bilar om ein strekk horisonten yttarlegare.

For samanlikningas skuld har vi brukt den europeiske NEDC-standarden som “valuta” for rekkevidde. Det er velkjent at NEDC er lite nøyaktig, og at reell rekkevidde er atskilleg mindre.

Nye elbilar i 2018

2018: Peugeot Partner Tepee Electric og Citroën E-Berlingo Multispace
Bilkonsernet PSA kjem med to heilt like elbilar før påske: Peugeot Partner Tepee Electric og Citroën E-Berlingo Multispace. Bilane er «ombygde» varebilar med god plass. Batterikapasiteten er 22.5 kWh og rekkevidd opp mot 170 kilometer (NEDC). Pris frå ca. 230 000 kroner.
[rp4wp]

2018: Hyundai Kona
Hyundai planlegg ei elektrisk utgåve av Kona i første halvår 2018. Den vesle SUV’en får ein batterikapasitet på 40 kWh eller 64 kWh. Rekkevidda med den største batteripakka blir opptil 500 kilometer per lading (NEDC). Ikkje firehjulstrekk. Prisen blir kjent i februar/mars. I juli blir bilen å finne i norske butikkar.

2018: Nissan Leaf
Nye Nissan Leaf kjem i februar 2018. Med batterikapasitet på 40 kWh vil bilen ha ein teoretisk rekkevidde på 378 kilometer (NEDC). Ny pris frå ca. 245 000 kroner. I 2019 vil Leaf også kome i ein utgåve med endå større batteripakke.

2018: Nissan e-NV200
Våren 2018 kjem ei ny utgåve av e-NV200. Nissan gir den nye utgåva ein batteripakke på 40 kWh og aukar dermed rekkevidde til opptil 280 kilometer (NEDC). Bilen kjem i to versjonar: e-NV200 varebil og e-NV200 Evalia. Førstnemnte en ein 5 dørs varebil med lagringsplass på 4,2 m3, mens Evalia er berekna for passasjertransport (7-seter).

2018: Jaguar I-Pace
I-Pace er Jaguar sin første elbil. Dette er ein SUV med firehjulstrekk. Bilen blir tilgjengelig frå andre halvdel 2018. Batterikapasiteten er på 90 kWh og rekkevidda minst 500 kilometer (NEDC). Prisen i Noreg vil starte på 750 000–800 000 kroner.

2018: Audi e-tron quattro
Audi har lansert to konseptbilar som kjem på marknaden i produksjonsklare utgåver i 2018 og 2019. Først i løypa er SUV’en Audi e-tron quattro. Konseptbilen har batterikapasitet på 95 kWh og 500 kilometer i rekkevidde (NEDC). Firehjulstrekk. Prisen ennå ikkje kjent.

2018: Kia Niro Electric
I desember 2018 kjem “crossoveren” Kia Niro i heilelektrisk utgåve. Bilen blir levert med to batteripakkar: 40 kWh og 64 kWh. Rekkevidda blir 300 kilometer med den minste pakka og 500 kilometer med den største (NEDC). Pris ikkje kjent.

2018: Tesla Model 3
Tesla har starta produksjonen av den “folkelege” elbilen Model 3 og dei første leveringane i Noreg vil skje ut på hausten 2018. Rekkevidda for den varianten med størst batteripakke (75 kWh) er oppgitt til like under 500 kilometer (etter den amerikanske EPA-standarden, som er meir konservativ enn NEDC). Om ein kan klare seg med 50 kWh i batterikapasitet, kan ein køyre ca. 350 kilometer per fulle lading. Prisen vil starte på rundt 300 000 kroner (35 000 USD). For nye bestillingar må ein rekna med ei leveringstid på opp mot 18 månader.

Nye elbilar i 2019

2019: Mini Electric
Mini, som er eigd av BMW, lanserer sin første elbil i 2019. Detaljar om batterikapasitet, rekkevidde og pris er ikkje kjent.

2019: Peugeot, Citroen eller DS
Franske PSA, som produserer Peugeot, Citroen og DS, har lova fem nye elbilmodellar fram mot 2021. Den neste kjem i 2019 – med batterikapasitet på 50 kWh og rekkevidde på opp mot 450 kilometer (NEDC). Kva merke og modell det er snakk om, er ikkje kjent.

2019: Audi e-tron sportback
Den andre masseproduserte elbilen frå Audi blir e-tron sportback – også det ein SUV. Konseptbilen har same batterikapasitet (95 kWh) og rekkevidde (500 kilometer) som e-tron quattro.

2019: Volvo
Fram mot 2021 skal Volvo lansere tre heilelektriske bilar. Den første kjem i 2019, men vi har ingen informasjon om biltype, kvalifikasjonar og pris. Alt som er bekrefta er at bilen vil bli produsert i Kina.

2019: Mazda
Mazda har bekrefta at dei kjem med ein elektrisk bil i 2019. Men selskapet har ikkje offentliggjort informasjon om kva bil det er, rekkevidde, pris o.l.

2019: Mercedes Benz EQC
Neste år kjem Mercedes Benz med ein heilektrisk SUV. Bilen vil ha same storleik som dagens GLC. Rekkevidda til konseptbilen er opptil 500 km (NEDC). Firehjulsdrift blir standard. Bilen kan reserverast i dag, men prisen er ukjent.

2019: Honda Urban EV
Mot slutten av 2019 kjem Hondas første reine elbil. Dette blir ein bybil under konseptnamnet “Urban EV”. Informasjon om rekkevidde, batterikapasitet og pris blir truleg ikkje offentleggjort før vår/sommar 2019.

Nye elbilar i 2020

2020: Porsche Mission E
Drøymer du om elektrisk sportsbil? Porsches Mission E kjem i 2019/2020. Bilen vil ha 600 hestekrefter og ei rekkevidde på 500 kilometer (NEDC). Prisen er ikkje kjent.

2020: Volkswagen I.D.
I.D. er Volkswagens nye elbil-familie. Konseptbilen kjem på marknaden i 2020, med ein skalerbar rekkevidde på mellom 400 km og 600 km. Prisen vil ligge på nivå med ein velutstyrt Golf.

2020: Volkswagen I.D. Crozz
Eit anna medlem i I.D.-familien er I.D Crozz – ein SUV med firehjulstrekk. Rekkevidda blir inntil 500 kilometer (NEDC) og bilen vil bli utstyrt med 150 kW hurtiglading. Prisnivået er ikkje bekrefta.

2020: BMW X3
BMW kjem også med ein heilelektrisk variant av SUV’en X3 i 2020. Detaljar ikkje offentleggjort.

2020: Skoda Vision E
Skoda har mål om å tilby fem reine elbilar innan 2025. Den første kjem i 2020 og er basert på konseptbilen Vision E. Dette er ein fem-dørs SUV med firehjulstrekk. Rekkevidda blir inntil 500 kilometer (NEDC). Pris ukjent.

2020: Ford SUV
Ford kjem med ein heilt ny elektrisk SUV i 2020. Rekkevidda blir minst 482 kilometer. Pris ikkje kjent.

2020: Subaru
Subaru har ennå ingen elbilar i stallen, men ifølgje Subaru Norge er planen å kome med ein elbil i 2020.

2020: Opel Corsa
Etter at franske PSA kjøpte Opel frå General Motors i 2017 har det vore usikkerheit om framtida til Opel Ampera-e. Men det som er sikkert, er at Opel kjem med fleire elbilar framover. Den første i rekka er ein heilelektrisk variant av Opel Corsa. Pris, batterikapasitet og rekkevidde er ikkje kjent, men bilen kjem for sal i 2020.