Gassmell stoppar ny utbyttefest

Dårlege tider for gasskraft i Tyskland hindrar Staten i å ta ut nytt milliardutbytte frå Statkraft.

Ein observasjon frå (utkast til) neste års statsbudsjett, kapittel 5656 – post 85:

Dei siste fire åra har Staten teke ut nesten 20 milliardar kroner i utbytte frå Statkraft. Inkluderer ein 2009 kan ein plusse på 10 milliardar til. Dei årlege utbytta har lagt på rundt 85 prosent av selskapets overskot – ein grådigheit som har blitt kritisert både politisk og av selskapet sjølv.

Men til neste år er det slutt. I 2014 er det ikkje budsjettert med ei einaste krone i utbytte frå Statkraft. Forklaringa er denne:

E.ON-aksjen har rast i verdi dei siste fem åra.
E.ON-aksjen har rast i verdi dei siste fem åra. Kjelde: finance.yahoo.com

Kurva viser aksjeutviklinga i tyske E.ON frå Statkraft overtok sin aksjepost ved årsslutt i 2008 og fram til i dag. I denne perioden har aksjenes verdi blitt meir enn halvert.

Enkel fortalt er denne E.ON-kurva historia om energigiganten som alt for lenge ignorerte krafta i den tyske energiomstillinga, og som hold fram med å investere fossilt sjølv då marknaden retta blikket mot det fornybare og desentraliserte. Det har gitt milliardtap for eigarane. For Statkrafts del er det snakk om verditap på over 12 milliardar kroner sidan 2008. I tillegg har Statkraft tapt milliardar av kroner på tyske gasskraftverk som no blir utkonkurrert av sol og vind. Det er dette tyske tapsprosjeket som no blir synleggjort på det norske statsbudsjettet.

Budsjettforhandlarane i Høgre, Frp, KrF og Venstre skulle sikkert hatt friske Statkraft-milliardar til disposisjon når dei no skal finne rom for allslags gode formål i 2014. Men dei kan trøste seg med at det kunne vore verre: I 2008 ville Trond Giske kjøpe 33 prosent av aksjane i E.ON, men slik gjekk det ikkje. Han måtte nøye seg med 4,2. Heldigvis.