28 prosent fornybarvekst i Storbritannia - Energi og Klima

28 prosent fornybarvekst i Storbritannia

Frå 3.kvartal 2012 til 3.kvartal 2013 hadde Storbritannia ein fornybarvekst på heile 28 prosent.

Denne artikkelen er over 2 år gammel.

Stadig fleire vindmøller og solcellepanel vert installert i Storbritannia. Det viser den siste oversikta frå britiske energimyndigheiter. Ved utgangen av 3.kvartal i fjor hadde Storbritannia ein samla kapasitet med fornybar kraft på 19.1 GW – mot 14.9 GW året før. Det er ein vekst på 28 prosent.

Fornybar energi stod for 13,2 prosent av Storbritannias elektrisitetsproduksjon i 2013 (3.kvartal), ei auke på 1,4 prosent samanlikna med tolv månader tidlegare. Den fornybare el-produksjonen fordelte seg slik: Bioenergi (45 prosent), landbasert vind (25 prosent), havvind (18 prosent), vasskraft (7,3 prosent) og solceller (5,6 prosent).

Veksten i produksjon av solcellestraum var i same periode på 32 prosent.

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.