Equinors rop om klimasubsidiar - Energi og Klima

Equinors rop om klimasubsidiar

Det er bra at Equinor (Statoil) vil elektrifisere eigne oljeplattformar. Men det bør sitte langt inne for Stortinget å la skattebetalarane ta rekninga.

1 kommentar
Troll C-plattformen i Nordsjøen. Foto:Equinor/Øyvind Hagencb

DN, Stavanger Aftenblad, NRK m.fl. skreiv tysdag om Equinor sine planar om å elektrifisere Troll C, Sleipner og Gudrun i Nordsjøen. Tiltaket vil fjerne 600 000 tonn CO2 i året. Men det er eit stort men: Equinor krev at myndigheitene blir med å betale. Kor mange milliardar det er snakk om, er uklart.

Klimaeffekten av å elktrifisere sokkelen kan diskuterast. Ettersom kraftproduksjon på sokkelen er ein del av kvotesystemet, vil mange hevde at utsleppa alt er «teke hand om». I eit kvotesystem er det det felles utsleppstaket som betyr noko, og ikkje kva som skjer ved kvart einskild utsleppspunkt.

Skal tiltak i kvotepliktig sektor forsvarast, bør det gi ein tilleggsverdi for samfunnet, som innovasjon og teknologiutvikling. Dersom gassturbinane vert erstatta med eit system av flytande vindturbinar og avansert lagringsteknologi, har dette langt større verdi for samfunnet enn om ein strekk ein kraftkabel frå land.

Eit anna omsyn som kan tale til fordel for elektrifisering er at ein del installasjonar på sokkelen representerer store utslepp som vil vere med oss i kanskje 20-30 år om ein ikkje tek ekstraordinære grep. For klimaet er store innelåste utslepp problematisk.

At elektrifisering i Nordsjøen kan vere ein god ide, er ikkje det same som at staten bør betale. Framover vil vi sjå ein langt tøffare kamp om offentlege klimakroner enn vi har sett til no, og Stortinget vil oftare måtte seie nei. Ein hovudregel bør vere at selskap som belastar fellesskapet med store klimagassutslepp, og som har betalingsevne, tek rekninga sjølv. Om ikkje Equinor skal betale for seg, kven skal då?

I dette tilfellet er det dessutan snakk om eit selskap med særleg sterk eigeninteressa av at klimatiltaket vert gjennomført. Equinor ønsker å produsere olje og gass med lågast mogleg karbonfotavtrykk, noko dei minna oss om i fjor haust då dei annonserte målet om å kutte to millionar tonn CO2 innan 2030. I pressemeldinga som blei sendt ut argumenterte konserndirektør Arne Sigve Nylund at det å kutte utslepp framfor alt var riktig av omsyn til framtidig business:

«De tiltakene vi har og skal gjennomføre bidrar også til økt verdiskaping og vil bli et av våre viktigste konkurransefortrinn framover. Vårt mål er å forbli ledende i vår industri når det gjelder å produsere olje og gass med lavest mulig utslipp».

Dette var i september. No – eit lite år seinare – er beskjeden frå Equinor at dei er avhengig av statleg finansiering for å kunne realisere tiltak som skal bidra til at selskapets «lønsame» klimamål blir nådd. Det høyres ikkje riktig ut.

For den vidare debatten må vi vite kva det vil koste å elektrifisere Troll C, Sleipner og Gudrun, og kva karbonprisnivå ein er avhengig av for at elektrifisering av desse tre felta skal «ordne seg sjølv»? Her kan det jo vere mogleg for politikarane å hjelpe til utan å tappe statsbudsjettet, t.d. å heve CO2-avgifta eller å innføre eit karbonprisgolv – slik britane har gjort for å fase ut kolkrafta.

Til slutt ein refleksjon om klimarisiko:

Ad
Ad

Norsk Klimastiftelse er Norges grønne tankesmie. Klimastiftelsen eier nettmagasinet Energi og Klima, gir ut notater og rapporter og holder frokostmøter og andre arrangementer.

Våre støttespillere:

Når rapporteringa etter Paris-avtalen kjem i system utover 2020-talet, vil behovet for å gjennomføre nye, raske utsleppskutt melde seg for mange land. Store industrielle punktutsslepp som ikkje kan truge med utflagging, og der eigarane har pengar til å betale for seg, risikerer å bli adressat for ein klimapolitikk i tidsnaud.

Kan vi kome i ein situasjon der EU plutseleg bestemmer seg for å forby Equinors fossile kraftproduksjonen til havs? Eller at Stortinget, i ein eller annan forhandling, går inn for at alle felt med lang tidshorisont skal forsynast med fornybar kraft innan eit gitt år?

Utenkeleg er det ikkje når ein ser utviklinga i klimapolitikken i dag.

Bli abonnent!

Én kommentar

  1. Christoffer Sahl

    Her var det en del selvmotsigende argumentasjon. Blir rart på den ene siden å argumentere mot tiltak i kvotepliktig sektor – fordi det er utslippstaket som betyr noe, for etterpå å argumentere for økt CO2-avgift i kvotepliktig sektor (dobbel virkemiddelbruk) og attpåtil forbud mot fossil kraftproduksjon innenfor kvotesystemet. Dersom havbasert vindkraft til bruk og erstatning for fossil produksjon i kraftnettet er avhengig av subsidier og støtte, så er vel ikke regnestykket så veldig annerledes for kraft til bruk på sokkelen?

    Svar

Skriv en kommentar

Debattregler på Energi og Klima