Eit sterkare klima- og miljødepartement - Energi og Klima

Eit sterkare klima- og miljødepartement

Solberg II-regjeringa får eit langt tydelegare klimaoppdrag enn den første. Då er det bra at den nye klima- og miljøministeren Ola Elvestuen (V) også overtek ansvaret for klimafeltets største pengepott – Enova.

Fra utfordrer til statsråd: Her er Ola Elvestuen i en paneldebatt under Arendalsuka med Bård Vegar Solhjell (da SV, nå WWF), sin nye ministerkollega Nikolai Astrup (H), Marius Holm, leder i Zero. Han kommer til å møte disse karene i sin nye jobb også. (foto: Klimapartnere)

Som mange kommentatorar har peika på, er kontrasten mellom Sundvolden-erklæringa og Jeløya-erklæringa særleg stor på klimafeltet. I sistnemnte er omstilling av norsk økonomi og klimaendringar definert som to av dei seks største utfordringane regjeringa vil løyse, mens klima for fire år sidan ikkje nådde opp som eit av åtte prioriterte satsingsområde.

Enkelte saker på klimafeltet blei også ferdigforhandla på Jeløya: Dei økonomiske elbilfordelane blir forlenga med fire nye år, det same gjeld vernet av Lofoten, Vesterålen og Senja. Regjeringa vil også innføre flat CO2-avgift som skal starte på 500 kroner/tonn, for å nemne noko.

Det er likevel ikkje einskildpunkt i regjeringsplattforma som avgjer om regjeringa lukkast i arbeidet med omstilling og klimakutt. Det er det den daglege styringa som gjer. Lista over uavklarte spørsmål er langt større enn lista over det avklarte:

  • Oljepolitikken: Tildelingspolitikken ligg fast, men kva med oljeskatteregimet? Vil regjeringa i løpet av perioden ta grep som vil redusere statens risiko ved nye prosjekt?
  • Noreg i Europa: Skal vi halde fram med å argumentere overfor EU at strengare mål for fornybar energi og energieffektivisering er ein dårleg ide – fordi dette tener norsk gassinteresser?
  • Oljefondet: Vil regjeringa i denne perioden opne opp for at oljefondet kan få lov til å investere i unoterte grøne infrastrukturprosjekt?
  • Offentlege innkjøp: Korleis skal regjeringa sørge for at offentlege innkjøp faktisk blir eit reiskap i omstillinga til lågutsleppssamfunnet? Debatten før jul om kystruta Bergen-Kirkenes viser at politiske intensjonar om vekting av miljø i seg sjølv ikkje er nok.
  • Statens eigarskap: Korleis vil regjeringa bruke eigarskapet i klimaets teneste, t.d. i Statoil?
  • Klimarisiko: Høgre, FrP og Venstre skriv at dei vil følgje opp råda frå Klimarisikoutvalet som skal levere sine anbefalingar mot slutten av året. Kva forslag vil dei gå inn for?
  • Klimavenleg sementproduksjon: Korleis vil regjeringa følgje opp løftet om å bruke innkjøpsmuskelen til å stimulere etterspurnad etter produkt som er produsert med lågutsleppsteknologi, til dømes sement? Vil dette få konsekvensar for gjennomføringa av dei store prosjekta i Nasjonal transportplan?
  • Karbonfangst og -lagring: Korleis vil regjeringa konkludere i spørsmålet om fullskala CO2-håndteringsanlegg i Noreg?
  • Sektorvise klimamål: Når og korleis vil regjeringa følgje opp løftet om sektorvise ambisjonar for kutt i ikkje-kvotepliktig sektorer?

Det er Venstres Ola Elvestuen som ny klima- og miljøminister som får ansvaret med å følge opp Solberg II-regjeringas klimapolitikk. Men som lista over viser, er det langt fleire departement som avgjer klimapolitikken. Skal Elvestuen lukkast, må han kombinere kunnskap og engasjement med ein rå gjennomføringskraft.

Anders Bjartnes har tidlegare argumentert for at Venstre burde kapre eit «Grøn vekst»-departement, framfor Klima- og miljødepartementet. Slik gjekk det ikkje, men Elvestuen har likevel blitt utstyrt med eit nytt, kraftfullt reiskap som Vidar Helgesen ikkje hadde: Enova.

Med eit budsjett på 2,5 milliardar kroner i 2017 er Enova vårt viktigaste reiskap for å utvikle og rulle ut klimateknologi, enten det er i bygg, industri eller transport. Enova vil finansiere mange av dei tiltaka Elvestuen kjem til å peike på som ansvarleg fagstatsråd på klimafeltet. Då gir det også god meining å gi han ansvaret for denne «pengesekken».

Abonner på Fem på fredag

Kommentarfeltet er stengt.