Ein farleg idé frå Amerika - Energi og Klima

Ein farleg idé frå Amerika

Ordføraren i Seattle har tatt Bill McKibben på ordet og vil selje byens aksjar i fossil energi. Norske kommunale pensjonskassar forvaltar over hundre milliardar kroner. Tek nokon ideen?

Denne artikkelen er over 2 år gammel. 1 kommentar

«We will not invest our cash balances in fossil fuel companies, and we have asked the commissions and boards that oversee our employee deferred compensation funds and our pension funds to begin divesting from fossil fuel companies»

Sitatet kjem ikkje frå nettsidene til ein radikal miljøorganisasjon, men frå bloggen til Seattles ordførar Mike McGinn (D). Før jul avgjorde han at Seattle – som eitt av byens klimatiltak – ikkje lenger skal plassere pengar i fossile energiselskap.

McGinns avgjersle er eit resultat av den fossile nedsalsbølga som no brer seg i USA. Bakgrunnen er Bill McKibbens artikkel Global Warming’s Terrifying New Math som stod på trykk i Rolling Stone Magazine i fjor sommar. Artikkelen er ei åtvaring mot carbon bubble – og kan kort oppsummerast slik:

  • Verdssamfunnet har som mål å unngå ei global oppvarming på meir enn 2 gradar celsius innan utgangen av dette århundre (togradarsmålet). Vi har allereie nådd ein oppvarming på 0.8 gradar.
  • Forskarar har rekna ut at vi kan sleppe ut 565 gigatonn CO2 i atmosfæren fram mot midten av dette århundre og framleis ha ein sjans til å nå togradarsmålet.
  • Verdas kjende fossilreservar utgjer 2795 gigatonn CO2. Vi har altså fem gongar så mykje kol, olje og gass som det forskarane meiner er forsvarleg å brenne.
  • Økonomien har ikkje teke dette reknestykket inn over seg. Mange energiselskap har i dag bokført i sine balansar reserver av olje, kol og gass som ikkje kan utvinnast om togradarsmålet skal nås. Dette er økonomiens «carbon bubble».

I fjor haust turnerte McKibben rundt i heile USA for å informere om karbonreknestykket som ikkje går opp, og korleis klodens interesse er på kollisjonskurs med dei fossile energiselskapas interesser. Turneen oppfordra kyrkjer, skular, universitet og kommunar til å ta i bruk finansielle verktøy i kampen mot global oppvarming, slik dei i sin tid gjorde mot apartheidregimet i Sør-Afrika. Oppfordringa inneheldt to konkrete tiltak:

  1. Fryse nye investeringar i fossile energiselskap.
  2. Avvikle direkte eigarskap, og andelar i fond som eig børsnoterte aksjar og obligasjonar i fossil energi, innan fem år.

Det er denne oppfordringa Seattles ordførar McGinn gir svar på i sitatet innleiingsvis.

Moral og finans

Moralsk er det ikkje vanskeleg å forsvare ei avgjersle om å selje seg ut av fossile energiselskap. Det handlar om ikkje å investere midlar som det offentlege kontrollerer i ein aktivitet som forårsakar eit problem det er brei semje om å løyse (global oppvarming). I tillegg bidreg det til å bryte bandet mellom framtidig økonomisk gevinst og mislykka klimapolitikk.

Finansielt er utfasing av fossilinvesteringar eit spørsmål om risikospreiing. Kva skjer med verdiane til Exxon Mobil, Royal Dutch Shell og Statoil den dagen dei same verdsleiarane som satt togradarsmålet seier nei til å utvinne alt det desse selskapa sit på av fossile energireservar? Omgrepet «unburnable carbon» er for lengst ein del av vokabularet til det internasjonale energibyrået, og denne analysen frå HSBC viser at tenkinga og har nådd finansmiljøa.

Eller kva vil skje med fossilselskapas aksjekursar dersom den fornybare energiomstillinga skjer langt kjappare enn det mange trur i dag? Alle som opplevde utviklinga av Internett frå midten av 1990-talet veit at store ting kan skje fort, gitt dei riktige forholda. 10 år er lang tid i teknologiens verden. Kven veit kva ei storstilt fornybarsatsing i Kina kan føre med seg dei neste åra?

På den andre sida: investorar og fondseigarar kan og tape på å selje aksjar i fossile energiselskap viss desse gir betre avkastning enn andre verdipapir. Nyleg offentleggjorde American Petroleum Institute ein rapport som viser at universitet og høgskular i USA har tent bra på olje- og gassinvesteringar. Rapporten konkluderer slik:

«For at least the last decade, investments by college and university endowments in oil and natural gas company shares have produced the highest consistent returns for those endowments».

Ad

Finst det ein norsk McGinn?

Det har vore lite debatt om fossilfrie investeringsporteføljer i Noreg. Kollega Anders Bjartnes har tidlegare omtalt den fossile boblen her på Energi og Klima, og Marius Holm presenterte viktige innvendingar til Oljefondets store fossilinvesteringar i sin tale til Zerokonferansen 2012. Men nokon debatt om å selje seg ut av fossile energiselskap tilsvarande den amerikanske har vi ikkje hatt.

Norske lokalpolitikarar og faglege tillitsvalde kan gå i Seattles fotspor – viss dei vil. Per 1.1.2013 var det 33 offentlege pensjonskassar spreidd rundt om i heile landet. Den samla forvaltningskapitalen til desse pensjonskassene var ved utgangen av 2011 på over 118 milliardar kroner (kjelde: Pensjonskasseforeningen).

Byar som Oslo (OPF), Trondheim (TKP), Kristiansand (KKP), Drammen (DPK), Arendal (AKP) og Bergen  (BKP) – som forøvrig er Seattles norske søsterby – har alle sine eigne pensjonskassar.

Oppfordringa frå ordførar McGinn er klar:

«Cities that do so will be leaders in creating a new model for quality of life, environmental sustainability and economic success. We’ve got a head start on that here in Seattle, but there’s a lot more work to do».

Bli abonnent!

Én kommentar

  1. Ein farlig idé fra Amerika | Besteforeldrenes Klimaaksjon

    […] Ei «fossil nedsalsbølgje» brer om seg i USA, etter initiativ frå den kjende miljøforkjemparen Bill McKibben. Store universitetsfond, kyrkjer og kommunale pensjonskasser trekkjer milliarder av dollar ut av olje- og kolindustrien. Deira interesser er på kollisjonskurs med kloden sine interesser, meiner m.a. ordføraren i Seattle, Mike McGinn: «Byen vår ønskjer å vise leiaskap i arbeidet med å skape ein ny modell for livskvalitet, miljømessig bærekraft og økonomisk suksess.» Les meir om McKibbens kampanje i Energi og Klima, der Lars-Henrik Paarup Michelsen spør: «Finst det ein norsk McGinn?» […]

Kommentarfeltet er stengt.