Breitt fleirtal for klimalov og nye klimamål - Energi og Klima

Breitt fleirtal for klimalov og nye klimamål

Rasmus Helveg Petersen (R) har innkassert sin første siger som dansk klimaminister: eit breitt fleirtal for klimalov og skjerpa utsleppsmål innan 2020.

Denne artikkelen er over 2 år gammel.
I sin første veke som klima-, energi- og bygningsminister sikra Rasmus Helveg Petersen (R) eit breitt fleirtal for dansk klimalov. Foto: Udenrigsministeriet
I sin første veke som klima-, energi- og bygningsminister sikra Rasmus Helveg Petersen (R) eit breitt fleirtal for dansk klimalov og nytt utsleppsmål for 2020. Foto: Udenrigsministeriet

Som venta blei eit breitt fleirtal i Folketinget denne veka samde om å lovfeste den danske klimapolitikken. I klimalovavtalen som er signert Socialdemokraterne, Det Radikale Venstre, Socialistisk Folkeparti, Enhedslisten og Det Konservative Folkeparti heiter det at partane:

«er enige om at etablere en overordnet strategisk ramme for Danmarks klimapolitik med henblik på at overgå til et lavemissionssamfund i 2050, dvs. et ressourceeffektivt samfund med en energiforsyning baseret på vedvarende energi og markant lavere udledninger af drivhusgasser fra øvrige sektorer, og som samtidig understøtter vækst og udvikling. Den nye strategiske ramme skal sikre gennemsigtighed og offentlighed om status, retning og fremdrift for klimapolitikken, herunder sikre løbende fremsættelse af nationale klimamålsætninger.»

Klimalova skal etter avtalen bestå av fire element:

  1. Etablere klimaråd: Eit fagleg og uavhengig klimaråd får i oppgåve å 1) vurdere Danmarks løpande arbeid med å oppfylle vedtekne klimamål og klimaforpliktingar, 2) analysere ulike omstillingsvegar mot eit lågutsleppssamfunn i 2050, 3) fremje klimapolitiske anbefalingar og 4) bidra til offentleg debatt ved å involvere sivilsamfunn og interessegrupper i arbeidet sitt.
  2. Årleg klimautgreiing:Klima-, energi- og bygningsministeren skal minst ein gong i året legge fram ei klimapolitisk utgreiing for Folketinget. Utgreiinga skal gi ei oversikt over siste års klimapolitikk og klimainnsats, og presentere regjeringas syn på klimarådets anbefalingar.
  3. Krav om klimamål: Klima-, energi- og bygningsministeren skal ikkje sjeldnare enn kvart femte år legge fram nye nasjonale klimamål for Folketinget. Klimamåla skal ha ein tidshorisont på 10 år.
  4. Finansiering: Utgiftene til klimarådet er fastlagt til 12 millionar i året.

Klimalov-partane er og samde om å redusere Danmarks utslepp av klimagassar med 40 prosent innan 2020 (mot 1990-nivå). Det gamle målet var 34 prosents utsleppskutt.

Lova sendes no ut på høyring. Ambisjonen er at klimarådet skal vere operativt frå 1. januar 2015.

Venstre og Konservative skil lag

Avtalen om klimalov og nytt dansk klimamål var venta, men for Danmarks nye klimaminister Rasmus Helveg Petersen (R) må det likevel vere positivt at fleirtalet og inkluderer Det Konservative Folkeparti. Dermed skil dei konservative lag i klimapolitikken med dei to andre blå partia i dansk politikk, Venstre og Dansk Folkeparti.

Venstre er positive til deler av innhaldet i klimalovframlegget, slik som etablering av eit klimaråd, men partiet hevdar at lova og dei nye utsleppsmåla vil truge danske arbeidsplassar.

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.