Draumeland i hetetokter! - Energi og Klima

Draumeland i hetetokter!

For aboriginane, urfolket i Australia, er drøymetid eit viktig omgrep. I det siste har det derimot slettes ikkje vore draumetilstandar i landet «Down Under».

Hett down under. Temperaturer i Australia 23. januar 2019. (Kilde: Bureau of Meteorology, Australia).

Medan Australian Open var i full gong, var det rekordar utanfor tennisbana som vekte mest oppsikt. Torsdag 24. januar sette Adelaide ny heterekord for ein storby med 46,6 grader, medan tettstaden Port Augusta var oppe i heile 49,9. I Melbourne, der tennis-turneringa gjekk føre seg, tangerte temperaturmålaren godt over 40 grader, og i den tilhøyrande staten Victoria opplevde over 200 000 å miste straumen, midt medan den verste heten stod på.

I førre veke utløyste temperaturane i Adelaide høgste beredskap for hjelpeapparatet for heimlause i byen, samstundes som ein frykta ny massedød av fisk i New South Wales. 2500 kamelar måtte avlivast i sentral- og vest-Australia, og potensielt vil situasjonen være den same for nærare 100 villhestar som er i akutt mangel på vatn.

25. januar var det Tasmania som fekk oppleve hetetoppen, der over 50 større brannar blussa opp med over 1000 km «ild-linje» til saman.

Stadige varslar oppfordrar innbyggjarane på det sterkaste om å ta heten på alvor og passe ekstra godt på sine yngste og eldste.

Enorm kolgruve

Sett i lys av alle dei dramatiske klimaendringane som allereie opplevast i Australia, er det ekstra uforståeleg at landet framleis ønsker å sette borna sine draumar i spel og fortset å tillate særdeles kontroversielle fossile prosjekt.

Eit av dei mest kontroversielle er Adani-gruva, kolgruva i Queensland som er estimert vil stå for inntil 1/3 av Australia sine totale utslepp og produsere 60 millionar tonn kol av lav kvalitet kvart år. Sjølv etter manglande ekstern finansiering, skandaler med utslepp og nedskalering, vil dette bli ein av verdas største kolgruver. Samstundes i same stat, lid The Great Barrier Reef, verdas største og viktigaste rev, av massiv korallbleiking og truast av nettopp global oppvarming og direkte utslepp frå gruva.

Equinor vil bore i «Australia sitt Lofoten»

Det er også eit anna særs kontroversielt prosjekt som utpeikar seg og gjev akutt skamkjensle som norsk; Equinor sitt planlagde olje- og gassprosjekt i The Great Australian Bight. Midt i hjarte av Australia sitt «Lofoten» vil Equinor bore. Dette er eit prosjekt som både BP og Chevron har trekt seg ut av, men som Equinor framleis ønsker å fortsette med. The Great Australian Bight er eit av Australia sine viktigaste fiskeriområder med eit enormt artsmangfald og komplekse marine økosystem. 85 prosent av artane som finnast her, finnast ingen andre stadar i verda. Det er ekstra vanskeleg å tru at målet til Equinor om å bli eit grønt energiselskap blir noko anna enn ein fjern draum, når slike prosjekt framleis finnast på blokka.

Aboriginane har også eit ordtak som passar vel å huske på i rekordvarmen for både Adani, Equinor, australske myndigheiter og alle oss andre:

«Vi eig ikkje landet, landet eig oss.».

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.