Arktis smeltar frå undersida
Havisen i Arktis er i endring, og dei siste tiåra har ein sett at isen har minka i utstrekning, men isen har også blitt tynnare. Varmt vatn som strøymer opp frå undersida bidreg til smeltinga, og indre bølgjer bidreg til å blande opp varme frå djupet.
