Gode klimadata gir betre forståing av utslepp og tiltak

Både forsking og forvaltning tener på kvalitetssikra målingar av karbonkrinsløpet.

Containerskipet Nuka Arctica er eit av ICOS-infrastrukturens VOS (voluntary observation ships) som samlar verifiserbare data.

Korleis veit me kor mykje klimagassar som blir slept ut? Korleis veit vi at klimatiltak fører til utsleppskutt? Dette er utgangspunktet for forskingsinfrastrukturen ICOS – International Carbon Observatory System.

Målet er å gjere forskarar og forvaltning betre i stand til å samarbeide om nytting av kunnskapen som produserast i målenettverket til ICOS, for å verifisere norske så vel som internasjonale klimagassutslepp av blant anna metan og karbondioksid.

– Havet blir surare stort sett over alt i ICOS-området, men det er ofte store lokale og regionale forskjellar, seier Ingunn Skjelvan, forsker II ved Uni Research Klima og Bjerknessenteret.

Ho er med i fleire prosjekt som nyttar data frå ICOS-målestasjonar for å måle karbonsyklusen, blant anna i norske fjordar og Nord-Atlanteren.

Ein av målestasjonane plassert ombord på VOS (voluntary observation ship) i ICOS-nettverket. (Foto: Andreas H. Opsvik/Bjerknessenteret)

Små endringar og det større biletet

– ICOS-data blir brukt til å studere korleis den marine karbonsyklusen varierar i tid og rom, mellom sesongar, frå område til område, og frå år til år. Sesongvariasjonane er naturlege og ofte store, medan dei menneskeskapte endringane – som meir CO₂ i atmosfæren og i havet og høgare temperatur – er små og kan lett gøymast av store naturlege variasjonar.

Skjelvan seier at gode målingar frå fleire ulike områder over lengre tid er viktige for å halde oversikten over kvar karbondioksidet havnar, og korleis høgare opptak av CO₂ forsurar havet. ICOS-infrastrukturen legg til rette for å både sjå dei små endringane, og det større biletet, og den visar at det noverande forsuringa er raskare enn noko anna periode i jordas historie.

– Kystnære strøk, der variasjonen i karbonsystemet er stor, har ofte for få målingar til å talfeste trendar i havforsuringa, men dette vil betre seg når fleire data er samla inn gjennom ICOS og andre program.

– Karbonutslepp er ein begrensa ressurs

– Det er viktig å sjå på karbonutslepp som ein begrensa ressurs, og som alle begrensa ressursar må den overvakast, seier Are Olsen, professor ved Bjerknessenteret og Universitetet i Bergen.

Han er ansvarleg for målestasjonen ombord på containerskipet Nuka Arctica, nyleg oppgradert til ICOS-stasjon, som måler klimagassar i rute mellom Danmark og Diskobukta på Grønland, og blant anna leverar data til havforsuringsforskninga og det globale nettverket.

– Innan 5-10 år har vi nådd kvoten for å halde oss under togradersmålet – og då er det viktig å kunne talfeste karbonsyklusen i Nord-Atlanteren ned til 0,5 gigatonn.

– ICOS kan vere med å tette gapet

– Å skape dialog med forskning og forvaltning generelt er viktig for oss, sa Audun Rosland, direktør for klimaavdelinga i Miljødirektoratet, på seminaret «Hvordan styre utslippene?» i Bergen 12. juni.

Å gjere forskarar og forvaltning betre i stand til å samarbeide om å nytte kunnskapen frå ICOS var målet med seminaret.

Håpet er på best mogleg vis å kunne følgje opp dei høge ambisjonane frå Paris-avtalen, sa Rosland:

– Noreg har fulgt opp med å ha høge ambisjonar også, å vere karbonnøytrale i 2050. Til dette treng me gode data, for å sjå kvar me er på veg. Det er viktig å minske gapet mellom kva forvaltninga har av behov, og kva forskinga kan tilby. ICOS kan vere med å tette gapet.

Fri database for klimagassutslepp

– ICOS er sett på som eit eksempel for korleis slike infrastrukturar bør gjerast, sa Alex Vermeulen.

Han er direktør for ICOS’ karbonportal – ein skybasert database der både rådata og behandla informasjon skal ligge til for dei som er på jakt etter det. Styrande prinsipp er open source og FAIR data (Findable, Accessible, Interoperable and Reusable), for å gjere data frå klimagassmålingane best mogleg tilgjengeleg.

No blir data lagt ut gradvis etter kvart som ICOS-stasjonane er sertifiserte. Deretter vil data bli tilgjengelige i tilnærma sanntid. Med tida skal det kome til fleire verktøy som gjer det lettare for både interne og eksterne å nytte informasjonen om klimagassutsleppa.

– Portalen skal gå frå eit «one-stop-shop» til å bli karbonsyklus-vitskapens sveitsiske lommekniv, sa Vermeulen.

– Ein berebjelke på vegen mot lågkarbonsamfunn

På seminaret tok representantar for Miljødirektoratet, NILU, Bjerknessenteret og Uni Research opp tema rundt overvåkinga av utslepp – blant anna nye metodar, ny kunnskap og framtidsplanar for dei norske ICOS-stasjonane på land, i havet og i lufta.

Det er Klima- og miljødepartementet som har meldt Norge inn i ICOS, og ICOS er ein av dei største forskningsinfrastrukturane Norges forskningsråd støttar med pengar. Jon Børre Ørbæk, spesialrådgivar frå avdeling for klima og polar, siterte frå forskningsrådets rapportar om målenettverket på seminaret:

– ICOS er heilt klart ein berebjelke for forsking og kunnskap som er nødvendig for å nå nasjonale utslippsmål på vegen mot eit lågkarbonsamfunn.

ICOS NORGE OG OTC

ICOS Norges bidrag er et nasjonalt målenettverk som består av to atmosfærestasjoner ved hjelp av NILU, fire havstasjoner ved hjelp av Uni Research, UiB, Havforskningsinstituttet og Polarinstituttet – og en landstasjon ved hjelp av NIBIO.

OTC – OCEAN THEMATIC CENTRE er drevet i samarbeid mellom Bjerknessenteret og National Oceanography Centre Southampton, University of Exeter og Plymouth Marine Laboratory i UK, og GEOMAR Helmholtz Centre for Ocean Research i Tyskland.

Det europeiske målenettverket Integrated Carbon Observation System (ICOS) ble opprettet i 2015 av medlemslandene for å etablere et kontinuerlig observasjonssystem som måler konsentrasjoner av klimagasser i atmosfæren, vegetasjon på land og i havet, som deretter brukes til å beregne klimagassutslipp og hvordan disse er fordelt geografisk. Dette gjøres uavhengig av nasjonenes rapporteringer om utslippskutt til FN, og er derfor et viktig måleverktøy som kan bidra til at nasjonene holder sine utslippsforpliktelser. ICOS skal sørge for: tilstrekkelige målestasjoner på land, i hav og atmosfære, systematiske observasjoner, standardiserte målekriterier, lett tilgjengelige og sporbare data.

Det norske bidraget til ICOS er finansiert med midler fra Norges forskningsråds infrastrukturprogram for perioden 2016-2021.

Les mer på ICOS’ nettsider.