SPIR-kandidat: Havkraft Wave Energy Converter

Havkraft har utvikla og testa ein ny offshore bølgekraftteknologi som no er klar til å erstatte fossile energikjelder.

Namn: Havkraft Wave Energy Converter
Eigar: Geir Arne Solheim, Fjord Invest, Stadyard og StadtWind
Kontaktperson: Geir Arne Solheim
Stad: Måløy
Web: havkraft.no
Aktuell: Kandidat til SPIR-prisen 2015 (les meir)

Kva er Havkraft Wave Energy Converter?
Det er ein heilt ny offshore bølgjekraft-teknologi utvikla av selskapet Havkraft. Teknologien er testa og verifisert i full skala ved Stad og planlegginga av eit demoprosjekt opp mot konkrete kundar er i gang, med støtte frå Innovasjon Norge.

Kva er klimagevinsten?
Bølgjekraft er like rein som norsk vasskraft, og har eit enormt stort potensial. Teknologien kan direkte gå til å erstatte dieselaggregat, kolkraftverk, oljefyring og andre skadelege energikjelder i nærleik av alle dei store marknadane og dei store folkerike områda. Enkelt sagt kan bølgjekraft – med potensial på 80.000 TWh – gje verda all den grøne energien som trengs for å erstatte fossile energikjelder. Teknologien har og lite miljøpåverknad ved at kraftverka er flytande objekt med berre eitt lite festepunkt i havbotnen. Produksjonen er skånsom gjennom bruk av enkle materialar og gjenbruk av utstyr.

Kvar er marknaden dykkar?
Selskapet er i dialog med fleire kundeemne på ulike nivå. Hovudsakleg er kundane knytt til industrikonsern, energiselskap og sluttbrukarar. Havkraft er først og fremst ein teknologileverandør, og vil difor levere nøkkelferdige annlegg til kunden.

Kor i verdikjeda er de?
Vi er på prototypestadiet og er i gang med førebuingar til å byggje ein første kundefinansiert demoserie.

Kva har vore dei største utfordringane til no?
Vi har hatt ideane lenge. Gründar har jobba i snart 17 år med bølgjekraft. Kapital har heile vegen vore ei stor utfordring, så vi har brukt hjernekapital heile vegen. Marknad har òg vore ei utfordring å identifisere i ei oljefokusert verd, men no ser vi at kundane melder seg både i inn- og utland.