Unni Berge

2

Tallmagi frå regjeringa

Når samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa seier at ho skal kutte 2,5-4 millioner tonn CO2 i transportsektoren, så betyr det at utsleppa vil auke minst 1,2 millionar tonn fram mot 2020. Les saken

Det er ikkje måte på kor mykje klimakutt denne regjeringa får til. Difor er det rart at klimagassutsleppa aukar. Dette paradokset vart sist illustrert av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i Dagsavisen fredag 6. februar.

Då regjeringa gjekk saman med opposisjonen for fire år sidan og lagde klimaforliket, mangla det tilsynelatatande ikkje på ambisjonane. Norske klimagassutslepp skulle kuttast med 15 til 17 millionar tonn CO2. Å kutte så mykje  høyres nok imponerande ut for den jamne veljar – i alle fall om ein opplyser at totale norske utslepp ligg på omlag 53 millionar tonn. Så er det også meininga at det skal høyrast imponerande ut.

Vi som jobbar med klimapolitikken til dagleg som veit at fullt så ambisiøst er målet likevel ikkje. For kutta skal ikkje gjerast ut frå dagens nivå på 53 millionar tonn, men frå eit tenkt nivå i framtida på nesten 59 millionar tonn. Det er som om eg skulle slanke meg 10 kilo samanlikna med at eg trur at eg i framtida kjem til å vege 80 kilo (ein god del meir enn det eg gjer i dag).  I realiteten ville da slankemålet mitt bety at eg kunne unne meg eit par ekstra trivselskilo dei kommande åra.

På fredag presenterte samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa ein gladnyheit for klimaet i Dagsavisen. Transportutsleppa er i rute til å nå måla sine om kutt i CO2-utsleppa på 2,5 til 4 millionar tonn innan 2020! Ein stakkars klimainteressert lesar må vel tenkje at dette høyres bra ut. Og sidan få kritiske spørsmål vert stilt, så kjem det jo ikkje fram at klimagassutsleppa i transportsektoren kjem til å auke fram mot 2020. Men korleis kan utsleppa auke når Meltveit Kleppa kuttar utslepp?

I klimameldinga frå 2007 skriv ein at utsleppa frå transportsektoren var 12,8 millionar tonn CO2. Men ein trudde altså at utsleppa ville auke til 18 millionar tonn innan 2020. Og det er fra dette nivået i framtida Kleppa og Klimameldinga ville kutte 2,5-4 millioner tonn. I beste fall vil då utsleppa i 2020 vere 14 millionar tonn. Men det er jo ikkje ein nedgang. Det er ein oppgang fra 12,8 tonn i 2008, til 14 millioner i 2020.

I realiteten er altså Kleppas kutt på 2,5-4 millioner tonn ei auke på minst 1,2 millionar tonn.

Tallmagi, er det fristande å kalle slikt. Dette er likevel standard reknemetode i den norske klimapolitikken. Misforstå meg rett: Det er eit steg i rett retning å stoppe veksten i klimagassutslepp i transportsektoren og andre sektorar. Men det er vel ikkje heilt redeleg å omtale det som kutt?

Totalt sett har klimaforliket tenkt av vi skal redusere – til og med frå dagens nivå. Vi skal ned til om lag 45 millionar tonn, frå dagens 53 millionar. Korleis skal vi få til det? Den planen skal kome i den varsla Klimameldinga i juni. Kva virkemiddel skal vi bruke for å kutte utslepp på ein god måte?

Istadenfor fryktar eg at vi får meir tallmagi. Viss ein er kreativ og frekk så er det nemleg knapt noko grense for kor mykje vekst ein har i klimagassutsleppa, og likevel kan kalle det eit kutt. Men ein løyser neppe klimakrisa på denne måten.

Create your free online surveys with SurveyMonkey , the world's leading questionnaire tool.

2 Leserkommentarer på: “Tallmagi frå regjeringa

  1. Kari

    En ting jeg lurer på er – hvordan kommer regjeringen i det hele tatt fram til hva utslippene, enten nasjonalt eller i transportsektoren, skal være i 2020? Hva legger de egentlig til grunn for det? Og er det ikke da ganske lett å redusere ganske mye, i deres forstand iallefall, hvis man bare er raus nok med hva utslippene vil kunne være i 2020?

  2. Unni Berge

    Hei Kari. Gode spørsmål! Akkurat korleis regjeringa lagar prognosane for 2020 skal eg ikkje svare på skråsikkert på. Men dei tek i allefall utgangspunkt i kva som vil skje dersom verkemiddelbruken er som den er, og så reknar dei på økonomisk vekst, og sikkert mange andre variablar. Eg er heller ikkje heilt sikker på kven som lagar prognosene, men eg trur det er SSB. Dei blir i allefall oftast presentert i statsbudsjetta. Siste oppdaterte prognose for 2020, er tildømes 57,5 mill tonn. Men ein prognose er no berre ein prognose – ingen fasit. Det er jo eigentleg bra med prognoser, for det gjev jo ein ide om kvar vi er på veg. Så lenge dei ikkje blir misbrukt.

    På spørsmålet om det er lett å kutte, berre ein er raus med prognosene, så stemmer jo det. Så skal det seiast at i klimaforliket så skal det kuttast 15-17 millionar tonn samanlikna med ei heilt bestemt prognose, nemleg den frå statsbudsjettet i 2020. Men det er nok av døme på korleis staten er raus i vurderinga av kor mykje ein kuttar samanlikna med rause prognosar. I sist statsbudsjett kom det fram at hadde det ikkje vore for norsk klimapolitikk sidan 1990, så hadde norske utslepp vore omlag 74 mill tonn. Det betyr jo at ein har kutta over 20 millionar tonn frå 1990 til i dag. Men i same periode har altså norsk utslepp vakse med omlag 4 mill tonn. Sånn går no dagane.

Skriv en kommentar

Bidra til god debatt - skriv under fullt navn. Se våre debattregler.

(påkrevd)

Abonnere på leserkommentarer til: “Tallmagi frå regjeringa“.